Date: Mon, 26 Jul 1999 20:15:50 +0200 (MET)
From: Interrail-Jardar <jardar nvg.ntnu.no>
To: Publikum
Subject: reisebrev: prolog

(Eg sender dette til ein heil haug med folk. Dersom nokon finn det upassande å få reisebrev frå meg, so sei ifrå.)

Iherdig inspirert av Magnis reisebrev frå ekvator vil eg òg setja meg som mål å skriva nokre ord. Men sidan eg slett ikkje veit korleis det vert med nettkontakt på turen, so opnar eg med ein prolog allereie før avreise. (Og eg gjer det no medan eg framleis har konsentrasjon til det!)

Fredag 30. juli fer eg på interrail, og laurdag 28. august kjem eg attende. Eg skal reisa saman med Anne Kjersti Fremstad, trønder i Nordreisa som har vorte nøydd til å læra seg litt esperanto pga. denne turen. Eg hadde lyst på ein tur, ho hadde lyst på ein tur, begge trong einkvan å reisa saman med. Me har framleis ikkje møtt kvarandre, men tek sjansen på at me finn kvarandre på flyplassen i Kristiansand fredag kveld. Eg skal veiva rundt med eit videokamera når eg kjem or flyet, og vil vera lett gjenkjenneleg.

Anne Kjersti er jente og eg er gut, og det har ført til spådomar oppe i Nordreisa om at ho kjem til å søkja barselpermisjon etter ferien. Men slik gjeng det nok ikkje. Livssituasjonane våre tilseier at det kjem ikkje på tale å laga seg nokon togversjon av Reisesjekken, videokamera til trass. (Og hadde me ikkje visst dette, ville nok ikkje turen ha kome på tale heller.) Men ho skal få låna videokameraet mitt av og til, altso.

[Note for dei av dykk som bur i utlandet: Reisesjekken er eit fjernsynsprogram som gjeng ut på å senda deltakarane på tur saman slik at dei skal verta saman.]

Det store målet med turen er den totale solformørkinga 11. august. Elles ser planane førebels slik ut:

Fredag 30.7.: Fly til Kristiansand.

Laurdag 31.7.: Hurtigbåt til Hirtshals grytidleg om morgonen. Me leiter etter H.C. Andersen i Odense, og overnattar der.


Jardar i Odense.
Sundag 1.8. kjem me til Kaltenkirchen (ved Hamburg), der tanta mi skal få passa på oss.

Onsdag 4.8.: Me fer til Berlin, der me skal vera med på dei siste dagane av Universala Kongreso de Esperanto, med 3500 deltakarar. Desse siste dagane er typiske underhaldningsdagar med konsertar, skodespel og greier.

Laurdag 7.8.: Etter å ha sunge esperantohymna «La Espero» saman med dei 3500 andre esperantistane fer me vidare til Nürnberg, der den fyrste esperantoklubben i verda vart skipa i 1888, året etter at esperanto vart lansert. Klubben var ein tidlegare volapük-klubb. Det er vel tvilsamt om me møter nokon av veteranane frå den tid, men me kan i alle fall skryta av å ha overnatta i byen.

Sundag 8.8.: Me fer vidare til Füssen heilt sør i Bayern. Der gjeng me på museum, nærare sagt slottet Neuschwanstein, som ser ut som eit Walt Disney-slott. For nærare info, sjå <http://www.neuschwanstein.net/hotel-ruebezahl/castles/index.html>. Etter det eg hugsar frå tyskførelesingane mine, var kongen der homse. Eg gleder meg til eg kan spørja omvisaren: «Ich habe gehört, der Ludwig sei ein Schwuler gewesen. Können Sie das bestätigen?»

Måndag kveld 9.8. eller tidleg tysdag: Me fer til Dachau like ved München. Det gjeng U-Bahn til byen frå München... KZ-leiren har ope både på tysdag og onsdag, men ikkje måndag.

Onsdag 11.8.: Total solformørking! Dachau ligg midt i totalitetssonen. Me kjem til å fylgja godt med på vêrmeldingane, og eventuelt røma austover eller vestover i god tid dersom det vert overskya i München-området, slik at me ev. misser Dachau. (Samstundes har meteorsvermen Perseidane maksimum med ca. 140 meteorar i timen.)

Same dag fer me vidare til Salzburg eller Wien. Me skal innom Wien, og der er det eit ungdomsherberge med nettilgang. So spørst det om det er rom til oss i det herberget.

Resten av reisa er ikkje planlagd i detalj. (Detaljane er av praktiske grunnar viktigast fram mot solformørkinga.)

Me vert i Wien nokre dagar, m.a. skal me sikkert innom både Schönbrunn og Hofburg. På sistnemnde er forresten Esperanto-museet. Kanskje me finn ein fin konsert òg.

Me tek nattog frå Wien til Roma, der me skal kosa oss i Vatikanet og greier. Eg tek med meg grammatikk og kursbok, og skal læra meg litt italiensk dei fyrste to vekene av turen, slik at me greier oss når me kryssar grensa. Etter Roma fer me til Napoli og vandrar rundt i grannebyen Pompeii.

Og so gjeld det berre å nå flyet frå Kristiansand den 28.8.

Kor mange reisebrev det vert, er avhengig av kvar me finn oss nettkafear og nettherberge, men det er i alle fall koseleg nok å senda denne prologen. :) (Kanskje publikum slepp unna med prolog og epilog. Men etter å ha høyrt om kor fælt det er i Napoli, so vonar me begge at det ikkje kjem til nekrolog. Dessutan har både Nostradamus og andre sagt at det vert verdskrig snart.)

Dei av dykk som har tenkt å sjå på solformørking, anten de er her eller der: Gjer gjerne som eg: Ring til Fjørtoft Fotovisuell på Notodden og få tilsendt ein folie på 30 x 30 cm. Han kostar 125 kroner, men har til gjengjeld ein solfaktor på 100 000. Denne folien er mykje betre (og mindre farleg) å sjå gjennom enn vanlege solformørkings-briller, for ikkje å snakka om CD-ar, eksponert film, sota glas, potetgull-posar osb. Eg har laga mine eigne spesialbriller med denne folien til ære for sola.

Jardar
--
Heilt menneske. Bør ikkje brukast stykkevis.


Neste. -- Opp.