Date: Fri, 30 Jul 1999 04:06:30 +0200 (MET)
From: Jardar Eggesbø Abrahamsen <jardar nvg.ntnu.no>
To: Publikum
Subject: nesten-reisebrev: å pakka ryggsekken


Thomas.
Huff då! Etter å ha prøvepakka kom eg fram til at eg måtte nøya meg med italiensk ordbok, og i høgda ein fotostatkopi av verbbøyinga. Grammatikkbok og kursbok måtte liggja att heime, saman med tysk-norsk/norsk-tysk som hadde vore so grei å ha dersom eg skulle få låkt for å sova pga. eit vanskeleg ord. Sekken vart for tung! Eg fjerna òg den ekstra handduken, to underbukser og to lestepar (lest er sunnmørsk for sokk). Liggjeunderlaget måtte òg fara. I naudsfall skal eg nok finna ein måte å få det mjukt under meg på.

Elles er det ikkje lite eg har fått plass til: klede, skor, vaskepulver, brillereins, dopapir, oppblåsbar nakkestøtte, billettane, sovepose, plastposar, lommekniv, vanleg kniv, skjerefjøl, saks, hyssing, liten kikert, liten radio, rutetabellar, europeisk herbergeliste, italiensk ordbok, fotoapparat, videokamera med batteri og straumforsyning, Jarlibro (årboka til verdsesperantoforbundet), filter til videokameraet og augo (solformørkinga kjem!), hovudverkstablettar, ein kam, dagboka, pengar, kart over måneskuggen og meir til.

Røynsla frå 1993 var at ein sekk kan aldri verta for lett. Til skilnad frå 1993 skal eg i 1999 klara meg med eitt kollo. So om sekken kanskje ikkje vert so _mykje_ lettare, so har eg i alle fall ikkje med meg nokon bag denne gongen. (De kan lesa om 1993-turen på <http://home.nvg.ntnu.no/~jardar/skrive/prosa/berarminne.html>.)

Anne Kjersti, du som skal forlata Nordreisa allereie kl. 07, eg veit ikkje om du les dette før du fer, men du skal jammen få lov til å bera 'nom Thomas! (Han Thomas er boka _European Timetables_ utgjeven av Thomas Cook.)

Hm, klokka har vorte litt for mykje. Eg skal heldigvis ikkje vera på Værnes før nærare kl. 18. Innan den tid skal eg både innom eit offentleg kontor for å få eit EØS-skjema som utan bilete av meg skal garantera betre enn passet mitt (med bilete) at eg er norsk statsborgar, og eg skal rydja og vaska opp her, slik at tallerkenen min ikkje rømer saman med hybelkanina før eg kjem heim att.

Eg kan elles nemna at sjukepleiar Anne Kjersti har fått i oppdrag å taka med seg plaster (skaffa som frynsegode), kleklemmer, nål, tråd og eit lite fotostativ.

Jardar


Neste. -- Opp.