
Vilje Arnestad
24.5.1980 -- 21.6.2000
Takk for pratane. Takk for alt du fortalde meg. Takk for at eg fekk kjenna
deg.
Eg visste jo då eg vart kjend med deg, at du kunne døy. Eg var budd på det. Det eg ikkje kunne vera budd på, var korleis eg skulle føla det.
Men eg angrar ikkje på at eg vart kjend med deg. Du var so god og klok å snakka med, og eg fekk oppleva at du òg sette pris på å snakka med meg. Me snakka om alt mellom himmel og jord. At det gjer vondt at du er død, kan ikkje gjera noko med at det gjer godt å ha kjent deg. Eg er takksam for at eg fekk verta kjend med deg medan du framleis levde.