Eg har vener av mange slag. Somme har eg mykje kontakt med, andre har eg lite kontakt med. På lista under her stend det både vener og slike som eg heller vil kalla kjentfolk. Det som kan seiast om alle dei rettelege venene mine, er at dei er verkelege vener som eg er veldig, veldig glad i, og dessutan er mange av dei nesten like rare som eg er sjølv, om enn ikkje på dei same måtane.
Det å setja opp ei liste over vener, kan vera skummelt. Utan å nemna andre grunnar, slær eg difor fast at eg ikkje vil setja opp separate lister for vener og kjentfolk. Noko anna er at ei slik liste over vener og kjentfolk slett ikkje er fullstendig. Eg tek med berre dei som har heimeside, og i tillegg berre dei som insisterer på å vera med likevel. Eg har mange vener som korkje har heimeside eller er på nettet elles.
Dessutan er det kjempeskummelt dersom eg gløymer å nemna nokon!
Her kan du sjå kva eg legg i venskap.
Men her kjem altso lista:
[Note: Det nest låkaste som finst, er å avslutta ein dyrebar venskap fordi
alternativet er låkare.]
Abrahamsen, Judith, ei
trønderveikje med både hovud og hjarta. :)