For å melda deg på eller ut av lista sender du ei melding til iml-request@math.uio.no. Der sit det eit menneske som tek seg av det praktiske.
Når du vil senda eit brev til lista, sender du det til iml@math.uio.no. Alle som har meldt seg på lista, vil då få brevet ditt.
Dersom du vil svara på eit brev, kan du anten senda svaret berre til personen som skreiv brevet du vil svara på, eller du kan senda det til heile lista.
Dersom du vil senda svar berre til personen som skreiv brevet, då svarar du på vanleg måte, som regel ved å trykkja "r" (for "reply") i postprogrammet som du brukar. Dersom du vil senda svaret til heile lista, må du senda gruppesvar. Ved gruppesvar vil svaret ditt gå til den som skreiv brevet som du svarar på, samstundes som det automatisk vert sendt ein kopi (cc - carbon copy) til adressa iml@math.uio.no, og dermed til alle på lista.
Det finst nesten like mange måtar å senda gruppesvar på som det finst postprogram. I elm trykkjer du "g" (for "group reply"). I PINE trykkjer du "r" og svarar "y" på spørsmål om du vil senda svaret til alle. I mail og exmh sender du gruppesvar ved å trykkja "R". Dersom du nyttar postprogram til PC eller Mac, er det andre måtar. Det viktigaste er at det stend iml@math.uio.no i "Cc:"- eller "To:"-feltet i brevet du sender.
Her var ei oversikt over dei som stend på lista, men oversikta er her ikkje lenger :-(