Innlegg på møtet for nynorskseksjonen i Norsk språkråd, 12.10.1994. Innlegget er prenta i EG 6/1994 og i Vestmannen 3/1995.
Dette er den endelege artikkelversjonen slik han kom på prent her: Norma i nynorsk. Debatt. Oslo 1995: Norsk språkråd. 29-32.

Eit tradisjonalistisk syn på ordtilfanget i nynorsk

Jardar Eggesbø Abrahamsen

Eg har eit tradisjonalistisk syn på målrøkt som eg skal presentera, men fyrst vil eg nemna to punkt som er av meir generell interesse, uavhengig av kva syn ein måtte ha reint målpolitisk.

Det fyrste punktet er spørsmålet om det er mogeleg å normera ordtilfanget til eit skriftspråk. Svaret er gjerne ja, med då med eit atterhald. Me kan koma med tilrådingar om kva ord ein bør bruka, men ikkje juridiske forbod med straff for den som brukar eit anna ord. Tilrådingane og frårådingane gjer me kjende ved å skriva dei i ordlistone, eventuelt ved at me konsekvent lèt vera å føra opp ord eller ordelement som me ikkje likar. Difor stend det ikkje «slash» i ordlista, men det stend «skråstrek», sjølv om det finst nordmenn i dag som seier «slash».

Ordlista vil i praksis ha ein sterkt normativ funksjon, og det er dét som lyt vera utgangspunktet vårt. Dagens praksis er å lata vera å føra opp mismætte ord. På dette grunnlaget kan me tala om 'forbod' reint språkleg-sosialt, men ikkje juridisk.

Nynorsk

Det andre punktet gjeld den historiske grunntanken at nynorsk skal byggja på dialektane. Der vil eg berre ha i bakhovudet at dialektgrunnlaget i hovudsak galdt det systematiske høvet mellom dialektane, noko som helst kom til uttrykk i morfologi og ortografi. T.d. skriv me bord med rd, og ikkje r eller l.

I tillegg til dette meir abstraherte dialektgrunnlaget fanst der ein sterk politisk motivasjon både for landsmålet som fenomen og for normeringi av det. Det var viktig reint politisk at norsk var ulikt dansk på sentrale punkt. Me skulle visa at me hadde eit heilt eige språk. T.d. fekk landsmålet diftongar og ureduserte endevokalar.

For ordtilfanget var det det politiske momentet som vog tyngst. I staden for å taka utgangspunkt i ordtilfanget til det etablerte danske skriftspråket ville dei aktivt dyrka dei ordi som var sernorske, og spesielt dei ordi som kunne gjera norsk markert ulikt dansk.

På denne bakgrunnen er det ikkje nokon gamal tradisjon for at nynorsk skal vera noko enklare enn dansk eller bokmål. Tanken var at me skulle framelska sokalla «norske» ord, og at dei ordi etter kvart skulle verta kjende og naturlege for alle. Dette var ein idé som liknar mykje på dagens politikk med norske avløysarord for engelske framandord og lånord.

Men som me veit, so var det slett ikkje alle som tok i bruk landsmålet, og framleis er det nynorsk som er minoritetsspråket. Likevel har me greitt å slita oss til ein språkleg tradisjon, både i ordval og i formuleringsmåtar. Til trass for at ordet «frihet» er eit ord som me møter ofte (både i bokmål og i dialektane), so er det naturleg for oss å skriva «fridom» når me skriv nynorsk. (I alle fall for dei fleste av oss, eg gjer eit unntak for dei som medvite skriv «friheit».)

No er det snart eitt og eit halvt hundreår sidan Ivar Aasen grunnla landsmålet, og det er mykje som har vorte annleis på den tidi. Bokmålet er ikkje lenger dansk (i alle fall ikkje dersom me held oss språkpolitisk nøytrale), og siste verdskrigen demonstrerte tydeleg at sjølv bokmålsbrukarar kan vera glade i landet sitt. Difor vil eg hevda at me ikkje lenger kan taka utgangspunkt i «nasjonalt sjølvstende» når me diskuterer korleis nynorsk skal sjå ut.

Bokmål

Likevel meiner eg altso at me skal halda oss til det tradisjonelle ordmaterialet i staden for bokmålsord, sjølv om dei sokalla «bokmålsordi» er vanlege i daglegtalen. Eit argument som har vorte bruka for dette, er at det skal vera råd å lesa gamle tekster utan for store problem. Den som kan bokmål, kan lesa Holberg i original; det same må gjelda Garborg.

Men skal me klara noko slikt, so må me ha ein kontinuitet i den språklege tradisjonen, me må taka vare på dei gamle ordi og halda fram med å vera vane med å sjå dei --- elles gjeng lesingi ikkje flytande. Eg har opplevt folk som ikkje eingong skjønar ord som «førebels». Problemet til nynorsken er at han er eit lite bruka språk, me møter det ikkje so ofte; sjølv me som brukar nynorsk til dagleg, møter bokmål oftare.

Etter dette synet, det å kunna lesa Garborg vandelaust, vil språktradisjonen få ein verdi i seg sjølv. Men i eit språkkløyvt land som Noreg vil me gjerne definera dette sjølvverdet i høve til den andre målformi. Og då er me straks over på dei meir reindyrka språkpolitiske argumenti. Det fyrste av dei er at nynorsk er eit sjølvstendig skriftspråk. Me treng so visst ikkje å retta oss etter bokmålet! Det vert altso eit mål i seg sjølv at nynorsk skal vera ulikt bokmål. Med andre språk er det ikkje so viktig; det viktige er at det er ulikt bokmål.

Selektiv purisme som dette er ikkje so veldig uvanleg i fleirspråklege samfunn (me kan sjå på det som ei underavdeling av naboopposisjon). I Belgia, som er fransk- og flamsktalande, skriv dei som oftast kultuur med k på flamsk fordi cultuur med c ser for fransk ut --- begge skrivemåtane er tillatne (Vikør 1988:125).

Men å hevda at nynorsk er eit godt nok språk, dét er éi sak. Noko anna er å fylgja denne påstanden i praksis. Det er fort gjort å freista å prova at nynorsk er eit godt nok språk, det er berre dét at dette gjer me ofte ved å visa til at nynorsk ikkje er so rart som folk trur: Det er faktisk lovleg å skriva «beskriva» på nynorsk, ein treng ikkje skriva «skildra». Me kan jamvel bruka e-infinitivar. Nei, nynorsk er altso ikkje noko dårleg språk, for det er mykje der som er likt bokmål!

Sjølv Studentmållaget i Kristiansand har rådt målungdomen til å vera varsame med ord som lykel og røkja: «Det er ikkje naudsynt å bruke ord som folk ikkje forstår [...].» Sjølv har eg fenge påpakk for at eg skriv naudsynt, for det er «lov» å skriva nødvendig på nynorsk, og då treng eg ikkje å skriva naudsynt. Ein annan gong vart eg skriftleg hudfletta fordi eg nytta verbet røyva, som vedkomande ikkje forstod, men som er heilt naturleg for meg både i skrift og i tale. Han snakka om «Jardars oppstyltede og uforståelige kaudervelsk».

Etter mitt syn skal normeringi av eit språk ikkje vera avhengig av forståingsterskelen til dei som ikkje kan det språket, og normeringi skal ikkje vera avhengig av vanen til dei som ikkje er kjende med språktradisjonen. Det er mykje oftare me støyter på ord i nynorsk enn i bokmål som er framande for oss. Men dét kjem berre av det som alt er nemnt, at nynorsk er eit lite språk. Hadde me møtt nynorsk like mykje som me no møter bokmål, so hadde det ikkje vore noko problem å skjøna at «røyva» tyder 'berøre'.

Nettopp her er det ordlista kjem inn som kanskje den viktigaste støtta for eit mål som elles vert utsett for eit svært sterkt press frå eit anna og veldig dominerande språk. Det gjer ikkje saki so mykje betre at nynorsk i utgangspunktet er eit lågstatusmål, men eg vil ikkje lata låg prestisje avgjera lagnaden til språket.

Rævkvilevippar

So vert det sagt at dersom dei nynorske ordi er altfor uvanlege, so vil dei berre støyta folk bort ifrå språket. Dét vil ikkje eg utan atterhald ganga med på. Når nynorsk har ord som kan verka framande, so kjem det no nettopp av det at sjølve språket i utgangspunktet er lite bruka! Dersom ein er van med at ei målform er slik og slik, so er ein van med det, og ein reagerer heller når ein møter ein varietet av skriftspråket som ein ikkje har vore van med før. Det viser seg at folk reagerer negativt både på ord som «me» og ord som «friheit». Eg kjenner til tilfelle der born har hatt ei negativ innstilling til nynorsk fleire år før dei byrjar med det som sidemål på skulen, altso i ein alder der dei umogeleg kan ha noko oversyn over kva nynorsk er for noko.

Vanleg nynorsk er mykje lik bokmål no, men framleis finn me den haldningi at det er eit rart språk. Desse haldningane kjem m.a. til uttrykk i sokalla «nynorske glosor». Kikar me nærare på dei, so er det slett ikkje nynorske tradisjonsord som er dei mest populære «glosone». I ei undersøking som eg gjorde mellom studentane i Trondheim (Abrahamsen 1994), kom det fram at det i hovudsak er vulgærord som vert nytta i slike skjemteglosor: dritarstugu ('toalett'), raparvatn ('brus'), rævkvilevippar ('gyngestol'). Måten som vulgærordi vert nytta på, skulle tyda på at nynorsk er eit språk for folk utan folkeskikk. Dette har då ingenting å gjera med det som nynorsk normeringsdebatt dreier seg om! Vil me ha fleire nynorskbrukarar, må me heller satsa på å fjerna dei sosiale fordomane.

Om sjølve utsjånaden på språket likevel skulle ha noko å seia for oppslutnaden, so skulle me nesten tru at eldre nynorsk er betre: Det har ikkje akkurat vorte so mykje fleire nynorskelevar sidan krigen. --- Eg vil tru at dette har mest å gjera med politiske og sosiale tilhøve, det har neppe samanheng med at me har fenge fleire ord på -heit..

Dialektane

No har eg bruka ein del tid på å seia at nynorsk skal normerast uavhengig av bokmål. Men dét er ikkje det same som at det skal normerast uavhengig av dialektane. Kan me ikkje berre sjå heilt bort ifrå at bokmål finst, berre boikotta heile bokmålet, og normera etter korleis folk snakkar?

Diverre er det slik at om me boikottar bokmålet, so vil ikkje bokmålet boikotta oss.

Eg er sunnmøring og seier at eg har eit haud oppå herdane. Eg er ogso vaksen opp med nynorsk som hovudmål. Likevel seier eg ikkje statsoverhovud eller statsoverhaud, men statsoverhode. Og eg seier hovedfag, ikkje hovudfag eller haudefag. Begge desse ordi har eg lært som ungdom i ein del av landet der det er nynorsk som er skule- og avisspråket; og begge ordi har eg lånt frå eitt av skriftmåli, nemleg majoritetsmålet bokmål. Nynorsk er ikkje nok påverknadskraftig til at eg skulle låna ordi derifrå. Hadde nynorsk vore stort nok, so hadde eg sikkert sagt både statsoverhovud og hovudfag.

Dersom me gjeng inn for å taka dei bokmålsrøtte ordi og sleppa dei inn i nynorske ordlistor, so er det svært sannsynleg at dei ordi vil vinna fram og til dels koma i staden for dei tradisjonelle nynorskordi. Nynorsk har i utgangspunktet låg status, og frå ei spørjeundersøking (teken med i Abrahamsen 1994) veit eg ogso at nynorsk meir enn bokmål vert sétt på som eit språk der ein helst held seg so nær dialekten sin som mogeleg. I nynorsk freistar altso folk å etablera ei dialektnær målføring, medan dei er meir tradisjonstru mot bokmål (rett nok tykkjest nynorsk praksis å ha fastare normer no enn før, men framleis er dei veikare enn i bokmål). Eg tvilar ikkje på at i ein slik situasjon vil eit nynorsk ord som fræv tapa for fruktbar.

Slik vil det tradisjonelle nynorske ordtilfanget få endå mindre påverknadskraft på dialektane enn det det allereie har, og dermed er me inne i ein sirkelargumentasjon: Nynorske ord stend svakt og skal difor framleis standa svakt. Det er snakk om å taka inn ord indirekte frå majoritetsspråket, og det skal skje før nynorsk har fenge høve til å veksa seg so pass sterkt at det kan påverka dialektane og stetta det normeringsprinsippet som er lagt til grunn.

So vert det sagt at me bør i alle fall nytta slike ord som alle kjenner eller er vane med. Dette er ei anna sida av akkurat den same saki. Kva folk kjenner, det er avhengig av kva språk som er størst. Det er ikkje ordet det er noko gale med når me møter eit nytt ord. Om me skulle taka utgangspunkt i kva folk er mest vane med, og bøya oss for fleirtalet, so hadde ikkje nokon av oss skrive nynorsk likevel.

Punktum

Eg ser det slik at nynorsk må få lov til å verta normert på eige grunnlag, og ikkje med omsyn til dei som ikkje kan språket. Dei to målformene bør heller ikkje få lov til å kappast mot kvarandre før dei er jamsterke, for elles vert det ei ujamn tevling.

Me skal ogso hugsa at det er mykje enklare å gjera nynorsk bokmålslikt enn etterpå å gjera det bokmålsulikt igjen. Om me finn ut no at me vil ha ein nynorsk som liknar på bokmål, so vert det vanskeleg etterpå å liva opp att dei gamle ordi dersom me ein dag skulle finna på å skifta meining. Eit lite språk vil alltid krevja litt ekstra energi frå brukarane sine for å overleva.

Me kan sjølvsagt sjå heilt bort ifrå alt dette som eg har lira ut or meg no, og me kan gjera nynorsk so bokmålsleg som me berre vil, anten ein normerer direkte i høve til bokmål eller indirekte via dialektane (som vert mest påverka av bokmål fordi nynorsk er eit so lite språk). Men då er det eit spørsmål kva nynorsk målrøkt skal ganga ut på. Gjeng det ut på å få nynorsk som språk meir akseptert i samfunnet? Eller er det snakk om at namnet «nynorsk» skal overleva, og so kan det vera det same med korleis det språket ser ut?

For meg er nok språktradisjonen viktigare enn kva språket måtte heita.

LITTERATUR

Abrahamsen, Jardar Eggesbø 1994. Kokskrål og spynorsk. Tvo etterrøknader um haldningar til dei norske skriftmåli. (Uprenta semesteroppgåva i FON6, feltarbeid.) Trondheim: Lingvistisk institutt.

Studentmållaget i Kristiansand 1994. «Om konservativt, radikalt eller dialektprega språk.» I: EG, 3/1994.

Vikør, Lars S. 1988. Språkplanlegging. Oslo.