Klassekampen 30.9.2000, s. 31.

Sidemålskjemi

Av Jardar Eggesbø Abrahamsen

Lat oss tenkja oss at eit bystyre gjer eit politisk vedtak om korleis to kjemiske stoff skal reagera på kvarandre. Bystyret hadde truleg vorte gjort til lått. Kjemi skal ein overlata til fagfolk, og kan ikkje vedtakast politisk.

Likevel ser me at bystyret i Oslo har vedteke korleis sosiolingvistiske prosessar skal fungera. Det vert hevda at dersom sidemål, for dei fleste nynorsk, vert friviljug, så vil folk få ei meir positiv haldning til nynorsk. Det vert ikkje sagt noko om at både hovudmål og historie er obligatoriske, og at det då tydelegvis ikkje er samanheng mellom kva som er upopulært og kva som er obligatorisk.

Det vert òg hevda at sidemålet gjer folk svakare i hovudmål. Ikkje eit ord om alt i norskfaget som korkje er hovudmål eller sidemål, og ikkje ein einaste referanse til det som vitskapen kan fortelja oss.

Haldningar

Kan henda må politikarane ha eit obligatorisk innføringskurs i kjemi, eventuelt sosiolingvistikk. Det finst nemleg ikkje vitskapleg grunnlag for å hevda at hovudmålet vert styrkt av å fjerna sidemålet. Og det finst ikkje vitskapleg grunnlag for å hevda at det er det obligatoriske elementet som skaper dårlege haldningar.

Derimot er det ei kjend sak frå sosiolingvistisk forsking at negative haldningar har meir å gjera med dei sosiale verdiane som ein assosierer eller forbind med det aktuelle språket. Eit norsk døme kan vera at nynorsk er grautmål, fjøsmål, spynorsk og andre lite høgverdige ting. Haldningane mot nynorsk er ikkje noko særsyn i internasjonal sosiolingvistisk forsking, men heilt typiske for minoritetsspråk.

Domene

Ein viktig del av haldningssfæren er det som vert kalla domene. Di mindre ein møter eit mislikt språk på ulike område i samfunnet, di meir negative vert haldningane til det, noko som igjen fører til endå meir domenetap. Vegen ut av denne vonde sirkelen er å innføra det aktuelle språket på fleire område. Når folk etter kvart vert vane med å møta dette språket like mykje i laurdagsunderhaldninga på fjernsynet som i dokumentarar om fjøsstell, vil språket verta meir nøytralt i ein haldnings-samanheng.

Dette er situasjonen for bokmål i dag, utan at det alltid har vore slik. Det er såleis ikkje utan grunn at det i dag er greitt å skriva «sint» og «foss» både i bokmål og i nynorsk. Det kjem av at folk har vorte vane med desse orda, som på Wergelands tid var fæle ord å bruka. For det skulle jo heita «vred» og «Vandfald», må vita, og Wergeland fekk så det flagra rundt øyro. Hadde ikkje spesielt nynorsken (og radikalt bokmål) tvinga seg på med alle dei fæle orda sine, ville folk neppe ha vorte vane med dei, og dei ville framleis ha skrive «vred» og «vannfall».

Forsking

I det vesle som har vorte eksperimentert med hovudmål og sidemål tidlegare, ser me dessutan at bokmålskarakteren gjeng opp når bokmålselevar gjeng over til å bruka meir nynorsk (ved å skifta hovudmål).

Det har òg vist seg at bokmålselevar underrapporterer evnene sine til å forstå nynorsk. Forskinga har vist at leseforståinga er lik for bokmål og nynorsk mellom bokmålselevar, sjølv for dyslektikarar.

Frå politikarhald vert det hevda at alle forstår både bokmål og nynorsk. Skal me taka dette på alvor, så er det heller ingen grunn til at nynorsk skulle taka så mykje tid og krefter at det skulle få negative konsekvensar for bokmål. Sidan alle skjønar nynorsk, skulle nynorsk heller vera ein rikdom i den generelle opplæringa i norsk språk.

Ein må i staden analysera det slik at problemet ligg der dårlege haldningar vert kombinerte med reint pedagogiske problem. Og dette er òg nemnt i den konkrete forskinga på nynorsk og bokmål i skulen.

Sosiolingvistisk er det òg interessant å sjå på korleis politikarar argumenterer for at vid opplæring i språk vil føra til større grad av språkfattigdom. Endå meir interessant er det at dei i det heile vel å gjera eit politisk vedtak nettopp om sosiolingvistiske forhold som i den verkelege verda er stikk i strid med både vedtaket og argumenta for det.

Sosiolingvistane ventar no spende på vedtaket om at hydrogen og oksygen aldri vert vatn.