Norsklæraren, 4/1994

Meir om nynorske ord

Av Jardar Eggesbø Abrahamsen

Jan Terje Faarlund svarar på innlegget mitt i Norsklæraren nr. 3/1994 i same nummer. Han forklårar kva han meiner eg (og Kjell Venås) hev misforstade, og samstundes utdjupar han synet sitt. Eg er samd i presiseringa av at det ikkje finst fasitar for kva normeringsideologi som er «rett», og på dette grunnlaget vil eg kome med endå nokre kommentarar til den ideologien som Faarlund stend for.

Faarlund meiner at det skal vere fritt fram for alle norske ord i nynorsk, både tradisjonelle bokmålsord og tradisjonelle nynorskord. Han meiner òg at me bør verne om dei tradisjonelle nynorskorda, men ikkje ved å «forbyde» andre ord. Me er nok usamde i strategien, men truleg er me ørlite meir samde om målet enn me ser ut til å vere. Grunnen til det siste er at me hev litt ulike definisjonar av høvet mellom 'språk' og 'skriftspråk'. Det siste er tvitydig: Eg hev oppfatta det som 'skriftleg språk' (i motsetnad til talemål), Faarlund som 'språk med skriftnormal' (i motsetnad til språk utan skriftlege tradisjonar). På denne bakgrunnen er det ikkje rart at me er usamde om i kor stor grad nynorsk er eit språk, eventuelt skriftspråk (om enn ordvalet er godt og ironisk). Når han so skriv om nynorsk som «naturleg» og «unaturleg språk», tyder det på at han ikkje skil so skarpt imellom 'skriftleg språk' og 'språk' som eg gjer --- eller rettare sagt hev me ulik fokusering. Når dette er rudt or vegen, er me likevel usamde om ein del.

Det er sjølvsagt vandt å forbyde ord i eit språk, jamvel om t.d. Frankrike er aktive på det feltet for tida. Eg som av vener vert omtala som språkleg nekrofil (noko eg er kry av!), skulle vel ha vorte vreid om eg vart straffa kvar gong eg skreiv eit ord eller ei form som ikkje stend i ordlista, og eg kan ikkje vente noko anna av andre. Poenget er derimot at trass i at språket ikkje er so lett å styre med lovvedtak åleine, so hev ordlista ein sterk normeringsfunksjon, om ikkje alltid manifest so latent. Bruken av skriftspråket rettar seg i praksis etter det som stend i ordlista (ikkje i føreordet eller innleidinga til ordlista, men i sjølve ordoppramsinga). Faarlund viser i ein annan samanheng i artikkelen til ein artikkel av Helge Sandøy, «Tradisjon og brot i nynorsk ordtilfang», som stend i Språklig samling nr. 1 i år. I den artikkelen ser me òg at «forbodne» bokmålsord er mindre nytta enn «tillatne» bokmålsord i nynorsk.

Faarlund er redd for å «stengja ute ord» som finst i «folks naturlege språkkompetanse», og han argumenterer med at «innfødde språkbrukarar må pugga lister over ord frå deira eige talemål som er 'forbodne'».

Eg hev aldri pugga lister over ord som er «forbodne» i bokmål, likevel veit eg kva ord som ikkje høyrer heime i den ålmenne bokmålske skrifttradisjonen, ord som for meg er heilt naturlege i nynorsk skrift, og ord som for meg er heilt naturlege i tale. Når eg kjenner til bokmålsnormene utan å ha pugga dei, kjem det av at eg er i dagleg kontakt med bokmål; og det kjennest ikkje unaturleg for meg å nytte det tradisjonelle ordtilfanget der når eg skriv bokmål, sjølv om det vik frå mitt eige dialektordtilfang (og bokmål skriv eg nesten like mykje som eg skriv nynorsk).

Ser me på ordlista som normeringsinstans, so set pugge-argumentet til Faarlund føre at nynorsk som minoritetsspråk skal justere seg for å tekkjast dei som ikkje kjenner den godmætte språklege tradisjonen til det, i staden for å satse på å gjeve folk opplæring i den tradisjonen. Han vil rett nok ogso det siste, han meiner at «det må vera ei viktig oppgåve for Språkrådet å publisera lister over gode norske tradisjonelle ord til avløysing av lånord og bokmålsord». Men slike lister ville nok ha fungert best (og då skikkeleg godt) for akademikarar og andre som hev eit medvite forhold til skrifttradisjonar og normeringsideologiar. Folk flest ville hatt nok med å etablere ein personleg skriftnormal på grunnlag av ordlista og det som dei «veit er lovleg». Dei som hev eit medvite forhold til normeringsideologiar, skriv allereide i samsvar med ideologien sin og bryr seg lite om kva ordlista seier! Undantaket er sjølvsagt dei som hev ordlista som ein del av ideologien sin, men dét gjeng då ut på det same.

Eit argument me ofte høyrer frå dei som vil sleppe bokmålsord inn i nynorske ordlister, er at dersom nynorsken er for ulik bokmålet, so vil han misse oppslutnad. Dette skriv Faarlund òg (med eit anna ordval, sjølvsagt). Han strekar under at dette er ei språkpolitisk meining og ikkje ein vitskapleg observasjon. Denne understrekinga er på sin plass, for om me ser på oppslutnaden om nynorsk, so hev han vel ikkje vorte større i takt med innsiget av bokmålsord. Oppslutnaden er mindre no enn før krigen, og det verkar ikkje som det finst grunnlag for å seie noko om korleis ordtilfanget påverkar oppslutnaden. Er det ordtilfanget som hev ført til oppslutnadsglidinga, so tyder det heller på at me bør fjerne oss frå bokmålet. Eg trur likevel det er meir sannsynleg at der er andre faktorar som er viktigare, som språkhaldningar (i mentalistisk tyding) og politiske tilhøve. Er ein van med eit skriftspråk, so er ein van med det, og ein kjenner seg att i orda: For meg er det naturleg å skrive «naudsynt», men frå bokmålshald hev eg fenge påpakk fordi eg ikkje skriv «nødvendig», «som jo er lovlig på nynorsk». Til overmål seier eg «nødvendig» og ikkje «naudsynt», og eg er vestlending.

Om eg ikkje trur at ordtilfanget hev so mykje å seie for oppslutnaden, so vil eg heller satse på ein stød tradisjon med fastare normer i den faktiske språkbruken. Eg er i prinsippet ikkje for standardtalemål, men det er vel ikkje tvil om at eit standardtalemål for nynorsk ville ha auka stødleiken i det og gjeve det ein høgre status. Slik stoda er no, ser det ut til at det er meir akseptert å nytte dialekt i ulike samanhengar enn å nytte nynorsk.

Som eit apropos til den vanlege påstanden om at berre dialektnær nynorsk kan vinne fram (jf. slagord som «tal dialekt, skriv nynorsk»), so vil eg ogso vise til at bokmålet er sers leveført, jamvel om det ikkje akkurat hev so stort dialektgeografisk grunnlag.

Jan Terje Faarlund peikar på at me ikkje hev hatt større respekt for «Ordenes Grundform» enn at «det har vorti tillati å skriva mogleg, mogeleg, muleg, moglig, mogelig eller mulig innafor nynorsk rettskriving. Vi lyt ta utgangspunkt i den stoda vi har i dag, og bruka Aasens kloke og framleis gjeldande ord på den.»

Fyrst kan det seiast at dersom me gjer endringar i ein skriftnormal, so treng ein historisk oversyn for å sjå kva leid den endringa gjeng i. Dersom eg gjeng over til i-mål og bror min ikkje veit at i-mål skal verke noko gamalvore, so tykkjer han berre det er rart, heilt til eg t.d. forklårar honom det etymologisk-historiske normeringssynet, og han vert kan hende samd med meg. Men dersom han veit at i-mål er eldst, so kjem han kanskje til å protestere nettopp med det argumentet at eg gjeng bakover i tid, noko som visst skal vere i strid med naturen.

Normeringa av nynorsk/landsmål hev ei forvitneleg soge. Heilt frå starten hev ein arbeidt for å få nynorsken nærare bokmålet, både i formverk og i ordtilfang. Slik hev ein endra og brigda på nynorsknorma, og slik hev dei skriveføre i Noreg retta seg etter ordlista og skrive slik som ho sa. Normeringsprinsippa hev altso retta seg etter ynskt målføring, og ein hev nått måla. So, etter all denne tilnærminga, kjem folk dragande med eit anna syn, nemleg at det ikkje lenger er ynskt målføring som skal vere normeringsmålet, men den faktiske målføringa, slik ho er no, slik ho hev vorte etter dei mange reformane.

Dette er eit inkonsekvent snik! Fyrst reformerer ein nynorsken og endrar språkvanane, so gjer ein språkvanane til argument i seg sjølve.

Ikkje at status quo-argumentet er nytt, for det er det ikkje. Men sniking er det i alle fall. Ein burde heller seie at språket hev ein verdi uavhengig av bokmålet, og at ein difor tek avstand frå normeringsbrigda, so kan me heller gå tilbake til tidlegare normalar. Det er lite truverde i eit status quo-argument som ikkje eksplisitt inneheld eit moment om at normeringsbrigda hev ført språket dit ein ville. Men med eit slikt moment må likevel status quo-delen av argumentet falle bort, sidan det då vert den ynskte målføringa som vert den grunnleggjande igjen.

Faarlund gjeng faktisk lenger enn til status quo, for han vil sleppe inn fleire bokmålsord i ordlistene enn der er no. (For honom er det status quo, for han skil ikkje so skarpt mellom skrift og tale som eg.) Det ville likevel vere intolerant av meg å døme honom etter mitt eige målpolitiske syn, for sjølv meiner han som kommentert at den tradisjonelle nynorsken ikkje vert øydelagd av ein slik politikk.

Dette siste underbyggjer han med ein artikkel av Helge Sandøy, den som er referert til over. Sandøy set opp ein del «bokmålske» ord som er tillatne i nynorsk, og samanliknar bruksfrekvensen med «tradisjonelle» nynorskord. Oppstillinga viser at dei tradisjonelle orda held seg godt.

No er det likevel fleire veikskapar i denne dokumentasjonen. Det sømer seg kanskje ikkje å skrive dette i eit anna blad enn det Sandøys artikkel stod i, men eg vågar det fordi Faarlund nærast hev nytta Sandøy som sanningsvitne. Eg vil hevde at Sandøys materiale i Faarlunds bruk fell i den gamle striden mellom reliabilitet (materialet er grannsamt nok) og validitet (materialet er ueigna her).

Den fyrste veikskapen er at materialet er henta frå aviser, sakprosa og romanar. Dei som skriv slikt, hev som regel eit visst oversyn over den språklege tradisjonen, og dei er neppe representative for folk flest.

Den andre veikskapen er at det stort sétt er anbeheitelsar som er undersøkte. Nett desse orda vert det eksplisitt åtvara mot i opplæringssituasjonen! «Alle» veit at ord på an-, er- og be- er mismætte i nynorsk, og slike ord vert då meir markerte i nynorsk skrift enn andre innlån. Trass i dette er det faktisk nokre av desse orda som hev vunne over eller kjem svært nær dei tradisjonelle nynorskorda i bruksfrekvens (erstatning vinn over vederlag, beslagleggja over kverrsetja, behov stend nesten like sterkt som trong). Me ser òg at ord på er-, som ikkje vert so mykje framheva i nynorskundervisinga som be- og -else, til dels er sterkare andsynes dei tradisjonelle orda enn ord med dei meir markerte affiksa. (Eg skal likevel vere varsam med å trekkje noko ut or dette, sidan materialet er heller lite.)

Den tridje veikskapen er at Sandøy her og der sidestiller ord som hev ulike stilnivå jamvel i bokmål, som formå mot greia og klara.

Ein fjerde veikskap er at sume av ordpara (som forlating mot tilgiving) finst i fullo på bokmål òg. For slike ord kan det vere like naturleg å konkludere med at det er tilhøva i bokmål som bergar nynorskordet (forlating tyder elles helst 'frågåing').

Kva då med nynorskord der bokmålssynonyma ikkje hev mismætte affiks eller ligg på eit anna stilnivå, og kva med ordpar der bokmål ikkje hev det nynorske ordet? Vebøstads frekvensordbok hev ikkje ei einaste oppføring av hæken, men 3 av lysten og 13 av svolten; der er 6 oppføringar av brigda, 134 av endra; 17 av stetta, 40 av tilfredsstilla; 0 av bægja, 118 av hindra. Men igjen: Ekserperingsgrunnlaget for det oversynet er neppe representativt for folk flest.

Til slutt vil eg gjerne take Faarlund for ei anna side ved det eg opna med: 'naturleg' mot 'unaturleg'. Han definerer 'naturleg språk' som «språksystem som er slik at det kan lærast som morsmål på ein naturleg måte, altså motsett kunstige hjelpespråk, pidginspråk, dataspråk, matematiske språk osv.»

For meg er det ikkje meininga at nynorsk skal verte morsmålet til nokon. Det er det neppe for Faarlund heller, dersom me talar om 'nynorsk' som ei ortografisk og grammatisk norm for skriftleg norsk. Men me hev som sagt litt ulike definisjonar av 'språk', og slik eg forstend Faarlund, femner hans 'nynorsk' ogso om talemålet, noko det ikkje gjer for meg. Same kva vil eg ikkje utan atterhald gå med på at nynorsk ikkje kan lærast som morsmål på naturleg måte, anten ein definerer 'nynorsk' som alt talemål i Noreg eller som ein snevrare skriftmålstradisjon. Pidginspråk kan verte kreoliserte, og det finst folk som hev esperanto som eitt av fleire morsmål (jamnast fordi foreldre med ulikt morsmål hev nytta esperanto som lingua franca i familien). Og ikkje minst hev me eit interessant døme i Norden på at dansk skriftspråk med norske modifikasjonar sette seg fast ikkje berre som skriftmål, men som eit talemål som det skriftmålet byggjer på, eit talemål som etter kvart vart ein del av den naturlege morsmålskompetansen til folk, som eit anna kreolspråk. So lenge slikt kan skje, ser eg ikkje nokon grunn til å meine at nynorsk, i trong eller vid tyding, ikkje kan reknast som eit fullverdig språk, puristisk som det berre vil vere.

jardar@nvg.unit.no