Norsklæraren, 3/1994

Ja, nynorsk er eit språk

Av Jardar Eggesbø Abrahamsen

Jan Terje Faarlund spyr i Norsklæraren nr. 1/1994 om nynorsk er eit språk. Spursmålet er retorisk, for artikkelen hans handlar om normeringa av det nynorske ordtilfanget. Han opnar med ei prinsipiell dryfting, og avsluttar med kommentarar til spesifikke puristiske argument. Eg vil gjerne reflektere over ymist av det som Faarlund skriv, og skal då heller ikkje freiste å løyne at eg her og der er noko usamd med honom.

Grunnomgrep: kva er eit naturleg språk?

Det fyrste Faarlund gjer, er det prinsipielt viktige å skilje mellom normering av grammatikk og normering av ordtilfanget, dinest deler han ordtilfanget inn etter innlånstekniske kriterium. Denne grunnordninga skal han ha ros for, for ho gjer biletet av stridsemnet noko klårare enn det ofte hev vore før.

Det striden dreier seg om, er dei opne klassene av ord, med spesiell vekt på i kva grad ein skal sleppe dansk-tyske ord og former inn i nynorske ordlister. Dette femner både om einskildord og produktive avleidingselement som -heit. Faarlund hevdar at nynorsk ikkje kan vere noko «naturleg språk, men berre ein del av eit naturleg språk».

Eg vil på mi side hevde at her hev Faarlund (ironisk som han enn er!) gløymt å definere grunnomgrepa før han nyttar dei til å kome fram til ein konklusjon. Det fyrste sentrale omgrepsparet her er naturleg mot unaturleg.

Argumentet til Faarlund er nemleg at det finst ord som er vanlege i talemålet, men som ikkje er offentleg godkjende i ordlistene, og dermed er «feil». No er det berre det at i alle språksamfunn finst det ord i talespråket som ikkje er vanlege i skrift. Der eg kjem frå, kan me knapt forstå korleis ein kan greide seg utan verba klembre, kleistre og mòde. (For ordens skuld: Faarlund er ironisk og set her det puristiske synet på spissen. Sjølv meiner han sjølvsagt at ei ordliste ikkje kan innehald alle orda i eit språk. Etter hans syn vil ikkje «bokmålsord» i nynorsk vere «feil».)

Sameleis finst det i alle skriftspråk ord som ikkje er vanlege i tale. Eg veit ikkje kor mange nordmenn som nyttar munnleg gode skriftord som foranledige og anbringe; eg ville heller ha sagt føre til og setje frå seg. På eit oppslag på datasalen på Dragvoll stend det at «overtredelser medfører bortvisning», men i talespråket ville nok dei fleste ha valt ein annan uttrykksmåte, som: «dersom du likevel gjer det, vert du vist bort».

Dersom kriteriet for eit naturleg skriftspråk skulle vere at det er fullt samsvar mellom ordtilfanget åt det og ordtilfanget i talemålet, so måtte me nok klassifisere flestalle skriftspråk som unaturlege.

Og om det var fullt samsvar mellom ordtilfanga, so ville dette gjelde berre for utvalde dialektar. Slik vil eit skriftspråk med alle Faarlunds talemålsord verte unaturleg for meg, og motsett. Dessutan vil eit «gale ord» for meg vere eit «rett ord» for Faarlund, om me no held oss til Faarlunds ironiske kriterium for rett og gale.

Dreg me dette vidare, kan me seie at engelsk er eit unaturleg språk fordi mine talemålsord ikkje finst i dei engelske ordbøkene, eventuelt at språket mitt er gale fordi det ikkje er engelsk. Dette kan sjå ut som flisespikkeri, men det er prinsipielt viktig: Kvar skal me finne dei gjevne orda i munnleg bruk for å kunne kalle eit skriftspråk naturleg? Held det at andre nyttar orda, eller må alle nytte dei? Kor mange prosent samsvar må det vere mellom eit skriftleg ordtilfang og ordtilfanget i ein gjeven dialekt? Eller treng ein i det heile å operere med éin dialekt som samanlikningsgrunnlag?

Det verkar som om dette likevel vil munne ut i ein konklusjon om at alle skriftspråk er unaturlege. I so fall er det ikkje mykje operasjonell verd i omgrepsparet naturleg -- unaturleg, og det ville utan tvil ha vore meir nyttig å spyrje om skriftspråket med ordtilfanget sitt er i røynleg bruk. Same kva kan me ikkje vente at alle språkbrukarar nyttar eller kan alle registrerte skriftspråksord, korkje munnleg eller skriftleg.

Faarlund slær vidare fast at nynorsk skil seg frå andre språk ved at det etter puristiske mål ikkje finst god eller dårleg nynorsk, berre nynorsk og ikkje nynorsk. Men no hev det seg slik at Faarlund heller ikkje hev definert kva han meiner med «språk». Rett nok talar han om «dialektvariantar» av nynorsk, men kva er nynorsk? Eg er sjølv van med å skilje mellom skriftspråka og dialektane, slik at det pr. definisjon ikkje finst nokon nynorsk eller bokmålsk dialekt. Det måtte i høgda vere snakk om normaltalemål. Og det er nok heller her Noreg skil seg frå sume andre språksamfunn: Me dømer ikkje ein dialekt som rett eller galen etter samsvaret med skriftspråket, men held dei to klårt åtskilde. Dermed skulle det vere all grunn sjølv for ein språkpurist som meg å snakke om god og dårleg nynorsk. Målestokken ligg då i den nedervde tradisjonen for språkbruk i gjevne sjangrar (og tradisjonen kan sjølvsagt verte brigda). Å hevde at puristar ikkje kan tale om godt og dårleg språk, er derfor meir ei politisk utsegn enn ein reell observasjon av den røyneleg stoda.

Meir om godt og dårleg

Sjølvsagt hender det seg òg at puristar kan finne på å seie nett at «dårleg nynorsk» ikkje er nynorsk. Dette vil òg vere ei politisk utsegn, og gjerne ei ironisk ei. Om me kuttar ut ironien, so kan me likevel skyne eit slikt standpunkt; men Faarlund tek framleis feil når han skriv at det «per definisjon» ikkje finst dårleg nynorsk. Det som det er snakk om her, er å sjå på typiske bokmålsord som framandord, på line med engelske ord i norsk elles. Om ein innvender at bokmål og nynorsk berre er to varietetar av norsk, so hev ein sjølvsagt rett i det; men nettopp då vil ein ogso oppleve ei sterk kjensle for eige språk i opposisjon til det andre språket. Språkpolitisk sett vil ord som anbefale kunne vere like framande i nynorsk som hæken er i bokmål, trass i at begge orda finst i dialektane.

Faarlund som andre peikar på at der er «inkonsekvens» i kva ord ein tillèt i nynorsk. Ein hev lite imot ord som forske, jamvel om det etymologisk sett er like lågtysk som hesleg. Dette tarv likevel ikkje verte tolka som inkonsekvens. Faarlund slær sjølv fast at språkhistorie «og etymologi er ikkje del av folks språklege kompetanse». Dermed må me vel òg ha lov til å finne andre mætingsgrunnlag enn berre etymologi.

Rett nok tykkjest den selektive purismen å rette seg primært mot dansk-tyske innlån. Men i dei orda er der tydeleg òg ei anna inndeling, og ho er allereide nemnd: Dei orda som vert viktige å halde borte frå nynorsken, er dei som gjennom nynorsk og bokmålsk språktradisjon er mest markerte som bokmålsord. Det same gjeld motsett for bokmål, men det er mogleg at denne tendensen er sterkare i det språket som trass alt er det minste og svakaste av dei. Den moderne norske purismen er då vel so mykje knytt til språkleg sjølvstendekjensle og divergens som til etymologi.

Det er ikkje uvanleg at eit lite språk er selektivt puristisk mot eit større nabospråk. Frå Belgia kjenner me t.d. til den sterke anti-franske purismen i det flamsktalande språksamfunnet. Slike haldningar er òg grunnen til at nynorsk held på forma Noreg, som kanskje meir enn mange andre ord er eit symbol på det språklege sjølvstendet andsynes bokmål.

Då er det berre med stor godvilje at eg kan godtake merkte bokmålsord i nynorsk, og då berre på line med andre dialektord som er nytta som stilistiske verkemiddel i rett sjanger. Den eigne nynorske stilverda og uttrykksrikdomen skal ikkje vere avhengig av den bokmålske.

Forbodsspråket

Både Jan Terje Faarlund i Norsklæraren nr. 1/1994 og Ragnvald Taule i nr. 4/1993 nyttar ordet «forbod» i skildringa av nynorsk. Taule talar om «tvangs- og forbodsspråk», Faarlund om «forbodsstempel». Men kva er det slags ord dei vil godkjenne i kva for eit språk? Jau, det er snakk om ord i nynorsk som er ålment kjende gjennom majoritetsspråket og massemedia. Dersom bokmål hadde vore minoritetsspråket, ville heilt andre ord ha vore dei ålment velkjende.

Det er lett å karakterisere eit språk som «forbodsspråk» dersom ein hev eit anna språk som mal. Eg kunne gjerne kalle bokmål for forbodsspråk fordi ordlista ikkje «tillèt» meg å skrive at «jeg er hæken på det». Anten må eg skrive at «jeg er sulten», eller so at «jeg vil gjerne gjøre det», alt etter samanhengen.

At bokmål er normalspråket og nynorsk det store undantaket, det er noko me kjenner til på mange felt. Ved Universitetet i Oslo, i alle fall ved eitt av fakulteta, er det slik at eksamensoppgåvene kjem automatisk på bokmål og engelsk, medan nynorskbrukarar må levere skriftleg søknad nokre veker i førevegen for å få oppgåvene på det språket som er deira.

Eg skal ikkje skulde Faarlund for å gå god for ein slik praksis. Der er me hjartans samde om at den ordninga er noko svineri. Men det er ikkje til å kome bort ifrå at undantaksstempelet på nynorsken er meir gjennomsyrande i samfunnet enn det me helst ynskjer å vedgå. Faarlund sjølv peikar på at valfridom kan vere problematisk: «Ein lyt læra [a]t det er lov å skriva sitter, men ikkje setter.» Og det stemmer, det, at det kan vere problematisk --- dersom ein nyttar bokmål som forståingsgrunnlag.

«Forbodsstempelet» er då heller enn rasjonelt meir eit utslag av haldningar til spesielt eitt av dei to skriftmåla. Dømeorda mine er kanskje ikkje like vanlege over heile landet (i alle fall ikkje i den byen der NRK hev hovudsætet sitt), men dei tener til illustrasjon når eg nemner at jamvel folk som nyttar dei til dagleg, ikkje klagar over det bokmålske ordtilfanget.

Kva tarv å gjerast noko med? Det tradisjonelle og allbrukande ordtilfanget i eit sjølvstendig skriftmål, eller dei haldningane som på fleire område er meir kritiske til minoritetsspråket enn til majoritetsspråket?

Form og stil

Faarlund skil som nemnt mellom normering av grammatikk og ordtilfang, noko han hev god grunn til. Då skulle me òg vente at eg var samd med honom når han skriv at bokmålsord i nynorsk ikkje gjer at nynorsken ser ut som bokmål. Det vil framleis vere omljod i presens av sterke verb, og me vil framleis ha fleirtalsendinga -ar, for å nemne noko.

Dette syner på ein fin måte kva normeringsdebattane hev handla om her til lands: form. Ein hev vore oppteken av kva ord som skal ha den og den bøyingsendinga, og sjølv sit eg her og skriv om korleis nynorske ord skal sjå ut. Det verkar som me heilt hev gløymt språkføringa.

Det finst visse tradisjonar for språkføring i dei to skriftmåla våre (som òg skil seg frå talemål), og dei tradisjonane er ikkje identiske. Dette kan me sjå når ei bokmålstekst vert omsett ordrett til nynorsk, slik me mistenkjer den nye læreplanen for grunnskulen og vidaregåande skule for å vere. Der opplever me at gode, tradisjonelle nynorskord vert bruka på bokmålsk vis. Adjektivet åskodeleg tyder omtrent det same som tydeleg, men i læreplanen er det nytta i samansetjinga åskodeleggjering. Ein slik bruk er dårleg etter tradisjonelle nynorsknormer, men han er greid på bokmål. På nynorsk vil me heller skrive om og nytte eit verbaluttrykk (gjere åskodeleg), på same vis som engelsk hev meir passiv enn norsk.

Me som stundom les korrektur for medstudentar, ser allereide korleis nynorsk språkføring inneheld bokmålske uttrykksmåtar sjølv når teksta ikkje er ei omsetjing. Det florerer av substantiveringar og anna som tradisjonelt ikkje høyrer nynorsken til. Korleis kan ein vente at den nynorske språkføringa skal halde seg dersom ein tek steget fullt ut og skiftar ut nynorske merkeord med bokmålske? Min spådom er at med so stor leksikalsk likskap mellom dei to språka vil språkføringsnormene til det største språket ha mykje lettare for å smitte over på det minste. Og då er det ikkje stort att av den nynorske språkidentiteten, omtrent berre vokalen i fleirtalsendinga. Då er ikkje det neste steget serleg stort: å skifte ut endingane i samsvar med dei som alle i Noreg kjenner og meistrar skriftleg, nemleg dei som me ser oftast. Det hev hendt før at nynorsk ljod- og formverk hev vorte tilpassa bokmål.

Sluttord

Språkrøkt er ikkje berre orddyrking, det femner mykje vidare. Stundom hender det seg at bokmålsbrukarar skryter av nynorsken, for han verkar so oppfriskande og fornyande på hitt målet, seier dei. For ikkje lenge sidan fekk eg ei brosjyre på bokmål i posten der det stod at eg kunne få noko «uten ekstra kostnad». Dette er eit sjeldsynt døme på korleis sume ord faktisk gjeng mot straumen; men ordet kostnad hadde vel neppe funne vegen til bokmålet om det frå byrjinga av hadde vorte skifta ut i nynorsk med det munnlege omkostning.

Eg tykkjer at me kan halde fram med å låne både ord og språkføring til bokmålet. Bokmålet er trass alt det største av språka, og det er ikkje fare for at dét skal gå under med det fyrste. Då er nynorsken veikare.

Ragnvand Taule spurde i nr. 3/93 om ikkje norsk talemål var godt nok for nynorsken. Og jau visst er det vel dét, ikkje minst i språkføringa. Eg veit ikkje mange nynorskbrukarar som ville ha hengt opp eit oppslag på datasalen med teksta: «Overtredingar medfører bortvising».

Men når det vert snakk om markerte bokmålsord, då er saka ei anna. Saka er likevel ikkje at bokmålsorda ikkje skulle vere gode nok. Heile den tanken byggjer, etter mitt syn, på galne føresetnader. Me kunne like gjerne ha spurt: Er ikkje engelske ord gode nok for oss? Og sjølvsagt er engelske ord gode nok, men det sømer seg lite for ein gamal skipsfartsnasjon å tale om shipping.

Sist eg skreiv om dette emnet her i bladet (nr. 5/1993), hevda eg at bokmål påverkar ordtilfanget i talemåla, slik at kravet om at nett dei orda skal takast inn i nynorsk, byggjer på ein status quo-sirkeltankegang: Bokmål er størst, påverkar derfor talemålet meir enn nynorsk gjer; og om dei orda då skal inn i nynorsk, so vil dette berre svekkje påverknadskrafta til nynorsken endå meir. Slik vil ikkje nynorske ord kunne stette normeringskriteria som er lagde til grunn. I nr. 1/1994 formulerer Faarlund dette slik: «Dersom ein opnar for alle slags moderne ord som finst i talemålet, vil dei nedervde, norske orda gå ut or bruk.» Dette er ein påstand som han stiller seg kritisk til. So vidt han veit, «finst det inga gransking som støttar denne påstanden.»

Mitt litle døme på ein underbygnad er ei seroppgåve som ein kjenning av meg skreiv på gymnaset. Han undersøkte det som gjerne vert kalla «gamle dialektord», og mellom dei finn me ogso nokre tradisjonelle nynorske som ikkje er knytte til nokon spesiell historisk-kulturell sfære: bægje, hæken og traudig. Det overraskar vel ingen at dei yngste informantane var dei som kjende til orda minst. Skal tru om orda hadde vore meir kjende dersom det normale ordtilfanget i massemedia hadde vore annaleis?

Svaret mitt på Jan Terje Faarlunds retoriske spursmål vert då: Ja visst er nynorsk eit språk, men det er ikkje same språket som tysk eller engelsk, og det er spesielt ikkje det same språket som bokmål. Om det finst ord i det som verkar uvanlege for dei som ikkje møter språket til gangs kvar dag (det verkar som det berre er akademikarar som «brigdar ovringane»), so skal ikkje maktforholdet mellom dei to språka avgjere normeringa. Ein vert snøgt van med ord som ein møter ofte, men nynorsk møter me alle heller sjeldan. Medisinen mot ustødleik i ordlegginga er då ikkje å revidere språket i tråd med den ustøde ordlegginga, men å syrgje for at me møter språket oftare. Fyrst når dei to er jamsterke, bør dei få lov til å slåst mot kvarandre.

jardar@nvg.unit.no