På møtet for nynorskseksjonen i Norsk språkråd den 12. oktober gjorde Herbjørn Sørebø framlegg om at landet skal heita Noreg eller Norge på nynorsk, med jamstelte former i læreboknormalen. Dette er den delen av rettskrivinga som det offentlege må halda seg til (ordboksformene minus klammeformene). Grunngjevinga for framlegget var at det er mange i NRK som kvid seg for å nytta forma «Noreg». Motargumenta botna i at landsnamnet som symbolord stend i ei klasse for seg. Etter nokre dagar kom det meldingar om at framlegget og prøverøystinga hadde «leke ut» til pressa.
Då Ivar Aasen lanserte landsmålet, var motivasjonen hans stort sett politisk. Reint språkleg var det knappast grunnar til å bryta med dansken, til det var dei to måla for like. Men for eit land som gjerne ville vera sjølvstendig, var det viktig at me ogso hadde eit eige språk å visa til, og det språket måtte sjølvsagt vera ulikt dansk på sentrale punkt. Dette fekk utslag både i ordval, i ljodverk og i grammatiske former. M.a. fekk me diftongar og hokjønn, trass i at det finst talemålsgrunnlag for både sten og en dame.
Sjølvsagt var det svært viktig at landet skulle heita noko som i høve til dansk var sernorsk. Av dei ulike formene som fanst i dialektane, var det «Norig» som vart vald. Denne forma høvde godt med mange dialektar, anten ein sa «Nårig», «Nåreg», «Nåri» eller «Nårri», for ho hadde i alle fall g-en til slutt, då i motsetnad til det danske «Norge». Dermed var landsmålsforma ogso i samsvar med islendsk «Noregur», tysk «Norwegen» og engelsk «Norway», for å nemna nokre få framandspråk (i den engelske forma stammar y-en frå ein g ). Talemålsgrunnlaget for «Norig» med g-en sist var faktisk betre enn talemålsgrunnlaget for pronomenet «dykk».
«Norig» vart etter kvart brigda til «Noreg». Dette var ei kompromissform mellom «Norig» og «Norge» som riksmålsfolket nekta å gå med på. Difor heiter det framleis «Norge» på bokmål, medan «Noreg» har vorte det fremste symbolordet for målrørsla.
Talemålsgrunnlaget for den nynorske forma har vorte mindre dei siste åra, til liks med talemålsgrunnlaget for formene «ikkje» og «eg». Likevel held nynorsken på dei tradisjonelle formene, som ogso andre språk plar gjera. Skodar me til bokmål, so er det lenge sidan nokon uttala g-en i «jeg», og det kjem neppe på tale å innføra «eg» eller «æ» i bokmål, talemålsgrunnlaget til trass.
Det kan vel ikkje vera tvil om at forma «Noreg» har ein viss symbolverdi. Det er rett nok mange som helst lèt vera å bruka henne, men for målrørsla generelt har det vore eit faneord. Landsnamnet har meir enn noko anna markert nett at nynorsk og bokmål er to åtskilde målformer. Det har då ikkje vore so viktig for målrørsla å få innført «Noreg» i bokmål, og for bokmålsfolk har ikkje «Norge» i nynorsk vore noka stor kampsak. Landsnamnet har vore noko å fylkja seg kring, som det fremste symptomet på at nynorsk faktisk finst. Slik har namnet fenge ein eigenverdi i den nynorske forma si.
Dei to målformene vart jamstelte i 1885, altso for godt over hundre år sidan. Men me som nyttar nynorsk til dagleg, veit kor stor motvilje det er mot språket. Det er ikkje latskap når t.d. Universitetet i Trondheim etter fleire purringar frå departementet framleis nektar å prenta ein del skjema på nynorsk. Det er i strid med mållova, og det ligg mykje symbolikk i det når eit universitet på denne måten seier at ein ikkje vil ha nynorsk der i garden. Straks ein likevel torer å beda om eit skjema på nynorsk, so fær ein gjerne høyra at nynorsk er både dyrt, rart, stygt, kunstig, unyttig og vanskeleg (medan engelsk er lett). Kanskje fær ein eit skjema òg.
På denne måten vil lydnaden andsynes mållova vera ein god indikator på kva dei statlege organa meiner om nynorsk. Då er det lite hjelp i at målformene er jamstelte ved ei symbolsk lov, når statsorgana meir eller mindre systematisk gjeng inn for å neglisjera stortingsvedtaka om jamstelling.
Lenge fanst det ikkje frimerke eller pass med nynorsk tekst. Ein nekta å skriva «Noreg» på dei. Dette kunne ein ikkje sjå på som anna enn eit uttrykk for at nynorsk var eit dårleg likt språk, jamvel av den norske staten offisielt. Det var viktig for ein del bokmålsfolk i statsstellet at ei so tung symbolform ikkje skulle få sleppa til. Då me endeleg fekk «Noreg» på frimerke og pass, var det ein stor siger for nynorsken, ikkje fordi dette eine ordet tek so stor plass at det gjer noko, men fordi det fremste kjennemerket til målforma, og dermed målforma sjølv, til slutt vart akseptert, om enn motviljug. Eller sagt på ein annan måte: Nynorskhatarane måtte bita i det sure eplet og svelgja det ned utan å spy etterpå.
Mange her i landet møter nynorsk heller sjeldan, og landsnamnet er på nær det einaste som kan minna dei om at språket finst, at ikkje alle skriv bokmål. Samstundes er det slik at det nynorske namnet, som nynorsk elles, har låg status generelt. Nynorsk er eit vulgært språk som ein helst skal unngå. Dette er ei vanleg haldning både i statsorgan og mellom anna folk, og jamvel nynorskbrukarar fær ofte kjenna presset om å skriva so nær bokmål som råd, for slik å «prova» at nynorsk likevel ikkje er so riv ruskande gale som ein skulle tru.
Dersom formene «Norge» og «Noreg» vert jamstelte, skulle det ikkje vera den minste tvil om at statsorgan vil velja samforma, den som er lik på bokmål og nynorsk. Eg er heller ikkje i tvil om at forma «Noreg» vil falla ut or dei fleste lærebøker. I praksis vil «Norge» taka over på flestalle omkverve. Då forsvinn både pass og frimerke frå Noreg, og alle kjem me med eitt frå Norge. Den mest sentrale indikatoren på at nynorsk er eit jamstelt mål vil falla bort, og me har ikkje noko anna som kan taka over denne funksjonen.
Som symbolord har «Noreg» vore det viktigaste merket på nynorsken. Å sleppa inn «Norge» vil i praksis vera det same som å fjerna «Noreg». Politisk vurdert er dette framlegget mykje meir drastisk enn om ein skulle sleppa inn «ikke» og «jeg».
Men no har ein altso kome med framlegg om å normera symbolordet i samsvar med lystene til dei som det ikkje er noko symbolord for, jamvel i samsvar med lystene til dei som det «byd imot» å nytta Noreg-forma. Eg kjenner mange som det byd imot å skriva «ikkje».
Gjeng framlegget gjennom, so er det nok ikkje enden på nynorsken, men ein kan trygt seia at ein viktig skanse vil ha falle, viktig fordi han er symbolsk.
Eg skulle ynskja at me framleis kunne krevja å få pass som viste at landet har to norske namn og to norske målformer. Med «Norge» på nynorsk vil motviljen mot den målforma betre kunna gøyma seg bak det smarte poenget: «Men det er jo lovlig å skrive Norge på nynorsk, ikke sant?» Symbolord røyver ein ikkje ustraffa.
Nei, me skal ikkje gøyma bort nynorsken. Han skal vera synleg på frimerke og pass, og statlege organ lyt framleis vera ærlege når dei nektar å nytta nynorsk fordi det er eit stygt språk.