Når ein prøver å vera nynorskbrukar i eit bokmålsdominert miljø, vert ein etter kvart irritert over den umotiverte uviljen ein møter overalt. Ein slik uvilje mot nynorsk treng ikkje vera storslegen og ruvande. Han kan ofte verka både smålåten og diffus. Men om han er smålåten og diffus, so er han gjerne òg systematisk, gjennomsyrande og veldig sta.
Sidan vedtaket i Stortinget i 1885 har dei to målformene i Noreg vore jamstelte med kvarandre. I 1981 fekk me den mållova som gjeld i dag: Lov 11. april 1981 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste.
Mållova er ei av dei mest brotne lovene i landet. Men til skilnad frå andre lover, so er det i dette tilfellet ikkje privatpersonar som bryt lova, men det offentlege sjølv. Og når statsorgan systematisk bryt ei lov som gjeld jamstelling i det offentlege Noreg, so vil lovbrotet få ein sterk symbolverdi. Særleg dersom lovbrytaren er eit universitet.
Purringar
Universitetet i Trondheim var éin av dei institusjonane som allereie i
1987 fekk rundskriv frå Kultur- og vitskapsdepartementet om målbruken i
statstenesta (rundskriv V-12/87, 25.2.1987). I dette rundskrivet meinte
departementet at ansvaret for måljamstellingsarbeidet «bør leggjast til
kontoret eller avdelinga for administrative fellessaker eller tilsvarande
i kvart organ». Sidan Universitetet på den tida var sett saman av m.a. Den
allmennvitskaplege høgskulen (AVH) og Noregs tekniske høgskule (NTH),
ville dette i praksis seia at ansvaret låg hjå høgskuledirektørane.
Mellom dei pliktene som var spesielt nemnde i rundskrivet, finn me: «syte for at alle skjema blir laga og sende ut i begge målformer».
Året etter kom det eit nytt rundskriv til statsorgana (rundskriv br. V-50/88, 13.9.1988). Her presiserte departementet at «statstilsette skal nytte begge målformer i samsvar med gjeldande reglar», nærare presisert til mållova. Bakgrunnen for rundskrivet var at departementet gjennom ei spørjeundersøking hadde kome fram til at dei fleste statsorgana framleis braut mållova.
Trass i rundskriv heldt lovbrota fram, og 17.11.1992 vende Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet seg direkte til Universitetet i Trondheim. I brevet vart Universitetet bede om å «følgje opp reglane i lov av 11. april 1980 nr. 5».
Eksperimentet
I 1993 var både Sjur Nørstebø Moshagen og eg studentar ved Universitetet i
Trondheim. Me hadde mest sett oss leie på alle dei små hendingane og
ytringane me hadde møtt på administrative kontor, t.d. at det er for
vanskeleg til å laga skjema på nynorsk, og at ungen til sekretæren på
avdelinga gjeng på skulen, og der har dei byrja med nynorsk, og ungen
liker det ikkje.
Me hadde etter kvart skjøna at det var ein stor uvilje mot nynorsk i administrasjonen ved Universitetet, og at folk som handla på vegner av institusjonen, lét personlege meiningar føra til lovbrot. Slike lovbrot vert då òg på vegner av Universitetet.
§ 8 i mållova, 4. lekk, seier nemleg: «Skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer.» Ein haustdag i 1993 tok Sjur og eg oss ein runde og samla inn skjema ved AVH som berre låg føre på éi målform (alltid berre bokmål). Og etter § 4, som seier at statstilsette skal fylgja den lova, melde me høgskuledirektøren ved AVH til politiet 22.9.1993.
Meldinga vart gjord som eit sosiolingvistisk eksperiment. Me visste at lova vart broten, no ville me sjå korleis påtalemakta reagerte.
Den fyrste reaksjonen fekk me allereie då me troppa opp på Trondheim politikammer. Ein politimann sette seg bak skrivemaskina for å taka imot meldinga vår munnleg. Men då me sa at han laut skriva på nynorsk, sa han at det greidde han ikkje, for han kunne ikkje nynorsk. Han vart rimeleg nok ikkje blid då me konstaterte at han dermed ikkje var kvalifisert til arbeidet sitt etter lova. Det enda med at me skreiv meldinga sjølve.
Fyrste delen av eksperimentet tok snøgt slutt, då saka vart lagde bort fordi mållova ikkje har eigne strafferåmer.
Tenestemannslova
I mellomtida hadde me allereie gjort neste framstøyten vår. Etter å ha
samla inn skjema på NTH, skreiv me eit brev til høgskuledirektøren der, og
bad om at høgskulen skulle fylgja norsk lov. I svaret skreiv
studiedirektøren (ikkje høgskuledirektøren!) at NTH sjølvsagt er klar over
at me har to målformer, og at dei òg veit korleis dei skal nyttast. «Same
kva meining ein har om språkleg rettferd, er det ikkje til å koma utanom
at eit stort fleirtal av studentar og tilsette har bokmål som
skriftspråk.»
Etter at NTH på denne måten hadde gjort klart at dei ville halda fram med å bryta lova med overlegg, melde me ogso høgskuledirektøren ved NTH til politiet. Denne gongen var det likevel ikkje mållova som låg til grunn for meldinga, men tenestemannslova (4. mars 1983 nr. 3). Der vert det slege fast i § 14 at ein tenestemann kan ileggjast ordensstraff for «overtredelse av tjenesteplikter eller unnlatelse av å oppfylle tjenesteplikter». Vidare seier § 15 at ein «embetsmann eller tjenestemann kan avskjediges» m.a. når han «trass i skriftlig advarsel eller irettesettelse gjentatt har krenket sine tjenesteplikter». Etter at saka mot AVH-direktøren vart lagd bort, vart han òg meld etter tenestemannslova.
I dette tilfellet hadde ikkje nokon av høgskuledirektørane fått «skriftlig advarsel eller irettesettelse», men som administrativt ansvarlege hadde dei gjort seg skuldige i brot på tenestepliktene trass i rundskriv og fleire brev frå departementet. Og NTH braut altso lova med overlegg, om ein skulle taka brevet frå dei alvorleg.
Me var gjorde merksame på at fleirtalet i Kyrkje- og undervisningskomiteen i Stortinget i Innst. S. nr. 17 (199293) hadde kopla mållova og tenestemannslova med kvarandre. Fleirtalet i komiteen meinte i den samanhengen at «det må stillast same krav til oppfølgjing av mållova som til lover elles».
Bortlegging igjen
Alle desse momenta var sjølvsagt nemnde i meldingane. Men politiet valde
likevel å leggja sakene bort, atter ein gong fordi mållova ikkje har eigne
strafferåmer.
Me anka no bortleggingane til statsadvokatane i Trondheim, sidan me hadde meldt direktørane etter ei anna lov enn den som Trondheim politikammer hadde vurdert meldingane etter.
I brev av 1. og 3. mars 1994 kom svaret via politikammeret: Statsadvokatane ville ikkje gjera om avgjerda.
I eit serskilt brev frå statsadvokat Arne K. Uggerud 2. juni 1994 vart det presisert at ordensstraff etter § 14 i tenestemannslova sorterer under forvaltninga, ikkje under domstolane. Me advokatlause meldarane hadde dermed gått fem på med politimeldingane våre.
Den korrekte framgangsmåten ville ha vore fyrst å venda seg til departementet, og eventuelt ved seinare høve til sivilombodsmannen. Me var rett nok innom sivilombodsmannen på ferda vår, men han avviste å sjå på saka fordi me fyrst måtte «bringe saka inn for Riksadvokaten». Me sende anke til Riksadvokaten, men sjølv etter å ha purra i 1995 har me aldri fått noko svar. Riksadvokaten har då sjølvsagt brote forvaltningslova.
Effekt
Hadde me gjort alt på korrekt vis, ville det truleg ha gått lang tid før
det hende noko, om noko i det heile hadde hendt.
Men politimeldingane var trass alt ikkje utan resultat. Saka vart omtala i NRK radio både lokalt og nasjonalt, og NTB førde henne ut til avisene. Sjur og eg vart naturleg nok stempla som kverulantar av universitetsmiljøet, men me fekk gjennomført eksperimentet vårt.
Pressemeldingane vart òg sende ut på Usenet (nyhendegruppene på det som dei fleste omtalar som Internett). Dette var ein del av eksperimentet, me ville sjå korleis folk reagerte. Debatten som fylgde, kunne ha fortent ein eigen analyse, men det overraskar nok ikkje so mange når eg fortel at somme hadde forståing for saka, men at mange kalla oss ekstremistar. Ein del konsentrerte seg om å argumentera imot nynorsk i det heile teke, men det kom òg nokre meir direkte kommentarar som ikkje hadde so mykje med argument å gjera. Favoritten min er han som berre skreiv «FUCK NYNORSK».
Ein annan vona at «selv målfolket» måtte innsjå at offentlege tenestemenn ikkje bør «påtvinges et kaudervelsk de aldri har hatt noe forhold til». Han vona òg at målfolket kunne innsjå at «det eneste man kan tenkes å oppnå» med slik tvang, «er motstand mot bygdetullinger, øyværinger uten bro til verden, og påtatte nynorskfantomer». Og vidare: «Nynorsk er et handicap, slik at de sikkert kan skjule seg bak alle de rare forordningene for funksjonshemmede og leke 'offer' og få skattepenger for å jamre seg. Fytterakkern.»
Det vart sjølvsagt òg klaga på at eg skreiv på nynorsk på nettet: «Jeg ville neppe ha klaget over gresk- eller latin-avstammede ord, fordi slike vil dukke opp i andre sprog, også, og øke mitt ordtilfang og min forståelse av engelsk og fransk. Jeg ville trolig hatt stor glede av å lese Jardars nynorsk om jeg var interessert i islandsk eller norrønt i sin alminnelighet. Vil han snakke med folk som er det, er det helt OK for meg, men er like mye en jævla dass som leger som snakker over hodet på sine pasienter om han snakker til mennesker utenfor institutt for patetikk eller hvor det var han holdt til.»
Studiedirektøren ved NTH sa i eit intervju med NTH-avisa Gløs at han var «bekymret» for konsekvensane av politimeldinga: «Skal vi gi våre utenlandske studenter eksamensprøver på nynorsk?» spurde han. Han var oppteken av at «kravet om mållikhet kan skape et spesielt problem for de over 400 utenlandske studentene ved NTH. De har lært seg norsk i en viss utstrekning, men behersker ikke nynorsk i tillegg.»
Til liks med nokre av personane på nettet bomma ogso studiedirektøren ved NTH på kva saka galdt. At skjema for søknad om parkeringsløyve vert laga på begge målformer, er jo ei heilt anna sak enn eksamen for utlendingar. Jamvel om eitt av dei melde skjemaa (søknad om lånekort) fanst på bokmål og engelsk, og ikkje nynorsk
Enden på visa
Sjølv fleire år etter dette eksperimentet skal det vera folk frå nettet
som liker meg so dårleg at eg har vorte frårådd å møta dei, fordi det
ville setja sams vener i klemme.
Den 28.10.1993 sende Kulturdepartementet eit brev til NTH om saka, med utgangspunkt i ei av pressemeldingane våre. Nokre veker seinare gav NTH lovnad om at alle manglar skulle rettast opp innan utgangen av det året.
Det vart aldri til at Sjur og eg fylgde opp saka, som hovudfagsstudentar hadde me meir enn nok anna å tenkja på. I 1996 forsvann AVH og NTH som administrative einingar, og den eine direktøren er sidan avliden.