Dag og Tid, 9.2.1995
Årsaka var ein kronikk i Dagbladet som siviløkonom og framtidsforskar Hans Lunder hadde skrive under overskrifta «En nødvendig språkrevolusjon». Den faglege glefsinga fekk ny inspirasjon etter eit innslag med Lunder i radioprogrammet «Ukeslutt» to dagar seinare, og på språkinstitutta ved universiteta vart det nytta ord og vendingar som kunne ha kvalifisert til injuriesøksmål frå Lunders side dersom han hadde hadde høyrt dei. Men kva var det eigentleg som hadde hendt?
Saka dreidde seg om noko som alle menneske har eit forhold til, nemleg språk. Soleis var det heller ikkje uventa at folk skulle ha meiningar om emnet, og meiningar kan ein gjerne vera usamd i. Det som skapte spetakkel, var at Lunder i kronikk og radioinnslag gjorde seg til talsmann for vanlege førestellingar om språk og språkvitskap som fagfolk ikkje kjenner seg att i. Størst inntrykk gjorde det nok likevel at både ei storavis og eit seriøst radioprogram hadde late ein mann med tittel få uttala seg fagleg på eit område han tydeleg ikkje visste so mykje om. Saka vart heller ikkje betre av at det nettopp var snakk om mistydingar som fagfolk strid med i den daglege kontakten med folk flest. For om alle har eit språk, so tyder ikkje dét at alle veit kva eit språk er. Den som har telefon, veit ikkje alltid korleis telefonen fungerer reint elektronisk.
M.a. knipsa kronikøren med fingrane og gav oss svar på ei gåte som har vore forska på i snart to hundre år: Kvifor endrar språk seg? «På grunn av dårlige kommunikasjoner fram til vår tid har det utviklet seg forskjellige språk,» kunne Lunder slå fast, og på dette grunnlaget bygde han ut ein heil språkpolitisk ideologi.
Dette enkle svaret på den gamle gåta verkar sjølvsagt fint nok, men det er ikkje spesielt fagleg. Éin liten observasjon kan vera god som bilete på kvifor løysinga er tung å svelgja: Born snakkar alltid annleis enn foreldregenerasjonen i sitt eige språksamfunn, og då kan det umogeleg vera dårlege kommunikasjonar som er årsaka. Språk må med andre ord vera meir enn berre «et organisk sett av lyder, som kan endres etter behov, tidsmessig og geografisk». Bestefar til den moderne språkvitskapen, den sveitsiske lingvisten Ferdinand de Saussure, slo fast allereie ved hundreårsskiftet det sjølvsagde at me bør skilja mellom språksystemet og dei lydane som språket er årsak til. Språklydane i seg sjølve er ikkje språk. Nyare forsking, med amerikanaren Noam Chomsky som inspirasjonskjelde, støttar opp under dette.
Men framleis finst det nokre endå meir grunnleggjande brot med sentrale språkvitskaplege prinsipp. Det er vanleg å høyra som Lunder skreiv, at engelsk «er et rikt, vakkert og relativt enkelt språk». I radioinnslaget fekk me òg høyra at esperanto er «lite varmt» og «lite nyansert». Men ogso dette er ei lei mistyding. Det er ikkje noko språk som er rikare enn andre språk. Er det snakk om å telja ord, so vil ein likevel måtte nytta ulike teljekriterium for ulike språk, fordi språka byggjer opp orda sine på forskjellige måtar. Alle språk kan uttrykkja akkurat dei same nyansane, men med ulike middel. Skilnaden på ein «veldig vond» og ein «sabla vond» rygg ligg stort sett i eins eigen sinnstilstand, ikkje i ryggsmertene; denne skilnaden må andre språk få fram på andre måtar. Ideen om ulike nyansepotensiale er sterkt i slekt med Sapir-Whorf-hypotesen frå mellomkrigstida, som gjekk ut på at dei språklege uttrykksmidla set grenser for tanken. Hypotesen er no kjend meir eller mindre daud på empirisk og teoretisk grunnlag, dét er elementær faghistorie.
Eit språk kan heller ikkje vera varmt eller kaldt, det er språkbrukaren som er dét. Esperanto passar dessutan inn i skildringane av naturlege språk, laga som det enn er: Det finst folk som har det som morsmål pga. språksituasjonen i heimen, og det har endra seg på ikkje planlagde måtar på dei fleste nivå i språket: ordtilfang, semantikk, fonologi, syntaks og morfologi. Det har jamvel oppstått slanguttrykk og vulgærord.
Og at engelsk er «relativt enkelt», stemmer rett nok for folk med vesteuropeisk språkbakgrunn, men for t.d. ein japanar er det vanskeleg å forstå kvifor det heiter «turn it on» og ikkje «turn on it», når begge leddfylgdene er mogelege dersom me skiftar ut «it» med «the light». Dessutan plar europearane å snu på ordfylgda når dei vil spørja om noko, medan japanarane berre hektar på eit lite ord til slutt.
Desse brota med fagleg skikk og bruk gjorde sitt til å skapa høgrøysta samtalar på universiteta. Der tok ein det ogso som ein illustrasjon at det var faktiske feilopplysningar i kronikken. Det stemmer nok at engelsk vert nytta i Canada, USA, England, India «delvis», Australia og New Zealand. Men det er meiningslaust å setja fleirspråklege land som Sveits og Noreg i kontrast til dette. Alle dei nemnde landa er nemleg språkkløyvde, og USA har ikkje eingong noko offisielt språk.
Det skulle vel ogso ha teke seg ut om franskmenn og tyskarar var dumme nok til å gjeva politisk avkall på sitt eige språk berre fordi om me gav det engelske språket eit anna namn, «Globish», som Lunder gjorde framlegg om.
Debatten i kantine og auditorium konkluderte med eit sukk: Kvifor er det slik at ein kan få sleppa til med kvasifagleg oppspinn dersom det er språk det gjeld? Motsett ville det vera vanskeleg å tenkja seg at ein cand.philol. skulle få sleppa til med ein kronikk om t.d. adjektivets innverknad på konsumprisindeksen, trass i seks års irrelevante språkstudium og lange røynsler med pengebruk og studielån.
Professor Jan Terje Faarlund ved Universitetet i Trondheim tok opp emnet fagleg journalistikk i eit innlegg i Adresseavisen 9. februar 1994. Han tok til ordes for at journalistar bør vita noko om kva dei skriv om. Men det hadde vore fint om ogso kronikkar utanfrå kunne verta vurderte av sakkunnige, spesielt når forfattaren er fagleg inkompetent. På denne måten vil pressa unngå å støtta opp under populære misoppfatningar og fordommar som at eitt språk skulle vera generelt betre enn eit anna, t.d. som målform til artium. Ein føresetnad er sjølvsagt at pressa ikkje vel seg konsulentar som i utgangspunktet er uglesedde i fagmiljøa. Det er lite hjelp i ein fin tittel dersom ein er illgjeten for å bryta med faglege grunnprinsipp. Det er gjerne desse som er kjende som fagfolk ute mellom folk flest, men massemedia bør vakta seg for dei like mykje som for anna generell synsing utan fagleg ballast.
Denne kronikken vart ikkje teken inn av Dagbladet.
jardar@nvg.unit.no