Norsklæraren, 5/1993

Å normere nynorsk

Av Jardar Eggesbø Abrahamsen

Korleis skal det nynorske ordtilfanget sjå ut? Det finst fleire syn på dette, og spesielt eitt av dei har presentert seg i dei siste nummera av Norsklæraren, nemleg synet til Ragnvald Taule (1993a, b) og Reidun Irene Aspøy Pedersen (1993).

Kva

Taule og Pedersen vil ha eit nynorsk ordtilfang som mest mogleg representerer det røynlege ordtilfanget i norsk talemål. Dette ber m.a. med seg at ord på be- og -heit skulle sleppast inn i ordlistene langt meir enn stoda er i dag. Ord som tradisjonelt er mismætte i nynorsk, skulle få status som offentleg godkjende.

Kvifor

Argumenta for eit slikt syn er mange. Taule (1993b:38) summerer det viktigaste opp slik, med tilvising til «den nynorske orddyrkingstradisjonen»:

Denne "orddyrkinga" har gjort nynorsk til eit tvangs- og forbodsspråk for elevar og lærarar og dei mange andre som må halde seg til den godkjende nynorsken. Det er ikkje råd å hugse kva ord som er godkjende, og kva ord som ikkje er det.

Taule peikar her på den inkonsekvente normeringa av språket, med bakgrunn i kravet om at «alle ord som er vanlege i norsk talemål» skal kunne brukast i nynorsk (1993a:44).

I tillegg til dette talemålsargumentet finst det òg eit haldningsargument, bore fram av Pedersen (1993:54):

Etter mi meining har den såkalla purismen øydelagt mykje når det gjeld det allmenne synet på nynorsk. Det at ein ikkje bør bruka heilt vanlege ord, men må konsultera ordlista om dei er såkalt "lovlege", er beint ut latterleg, og mange blir forferdeleg usikre av det.

Taule gjev òg ein smakebit på haldningar som argument, men er meir oppteken av symmentrien mellom adjektiv og avleidde substantiv (som anstendig og anstendighet på bokmål).

Ingen kan nekte for at desse argumenta er argument, for dei er trygt grunngjevne. Men usamd er det råd å vere.

Kvifor ikkje: normeringsgrunnlaget

Når eg nyttar ord som veg, utveg, måte og høve i staden for moglegheit, fær eg gjerne høyre det kommentert at ved å unngå heit-ordet gjer eg nynorsken min vanskeleg og lite nyansert. Når eg derimot nyttar ord som hæken (som ikkje har direkte motsvar i bokmål), fær eg påpakk for at eg nyttar eit uforståeleg språk. Eller som Ivar Eskeland (1981:95) kommenterer om nordmenn: Dei er «det einaste folket i verdi so vidt eg veit, som stivheld inntil dauden på den læra, at det er språket det er noko i vegen med når dei sidan i livet møter eit norsk ord dei ikkje er fødde med kunnskap om.»

Det er lang tradisjon i norsk målrøkt (eller vanrøkt, som sume vil kalle det) for at nynorske normeringsbrigde skjer i samsvar med bokmål. Her treng me ikkje gå lenger enn til strykinga av «stumme d-ar» i ord som lid og stød, men ikkje i tid og blod.

Kvifor skal ein normere eit språk i høve til eit anna? Etter mitt syn er det uinteressant korleis ein skriv på andre språk. Normeringa skal i prinsippet skje på eige grunnlag.

Dette kan likevel ikkje nyttast som argument for purisme, sidan det her er snakk om å normere etter talemålet. Men det vert relevant når ein tek omsyn til at dei vanlege talemålsorda som ikkje finst i nynorske ordlister, dei finn me i bokmålske. Talemålet snappar lettare opp «bokmålsord» enn «nynorskord».

Dette er ikkje tilfeldig. Årsaka er sjølvsagt at bokmål er den målforma med høgst prestisje og størst bruk i samfunnet vårt, jamvel om ogso bokmålsord verkar framande fyrste gongen ein høyrer dei.

Då vert normeringsgrunnlaget «talemål» likevel problematisk. Talemålsargumentet fær karakter av eit statusquoistisk sirkelargument: Bokmål er påverknadskraftig, derfor er det bokmålsord me finn i talemålet. Nynorsk skal normerast etter talemålet. Tradisjonelle nynorskord vert då mindre bruka og fell bort. Med andre ord: Det er det nynorske ordtilfanget som skal brigdast, ikkje det bokmålske, for det er bokmål som er størst. Slik vil ikkje nynorsk eingong få høve til å påverke talemålet og slik stette dei normeringsprinsippa som dette synet ligg til grunn for. Nynorske ord stend svakt og skal derfor framleis stå svakt.

Eg kan ikkje vere samd i eit slikt syn. Når ein ikkje er van med tradisjonelle nynorskord, so kjem det av at ein ikkje støyter på dei so ofte, sidan nynorsk er lite bruka. Men få har klaga over at me må lære engelsk på skulen, trass i at ein støyter på ordet possibility sjeldnare enn mulighet. Her puggar ein nemleg gloser. Eller for å seie det med Einfrid Perstølen (1987:105): «Ein liten flokk treng ikkje like mange stolar å sitja på som ein stor flokk, men begge treng å høyre ein song like mange gonger dersom dei skal lære han utanåt.»

Om eg ikkje vil gjere framlegg om glosepugging i bokmål og nynorsk, so vil eg likevel setje fingeren på at ein ofte oppfattar nynorsk som ein varietet av norsk språk med mange forbod, ikkje som eit eige, autonomt språk med uttrykksmåtar ulike bokmål. Tilsvarande er det ingen som klagar over at ordet hæken «er forbode» i bokmål, for bokmål har likevel ikkje nynorsk som mal. (Kvifor meiner t.d. Pedersen at «ubestemt fleirtal av inkjekjønnsord» burde «få klammeform med 'er'», medan ho ikkje krev at bokmål skal innføre fleirtalsendinga -ar i hankjønn, i samsvar med norsk talemål?)

So er det då slege fast: Nynorsk er eit eige skriftspråk, ulikt bokmål, og bør normerast på eige grunnlag. Normeringa skal ikkje kunne styrast av forståingsterskelen til dei som ikkje kan språket.

Purisme

Dette bægjer likevel ikkje for at ein kunne gjeve opp kampen for den språklege tradisjonen, og «på eige grunnlag» skifte ut store delar av ordtilfanget. So om me då altso ser bort ifrå det statusquoistiske sirkelargumentet nemnt over, kvifor berre ikkje bryte med alt puristisk?

Noko av ordtilfanget er alt skifta ut, slik at det kjem til asymmetri. Alle veit kva travel tyder, men ordet annsam er no so sjeldsynt at me i praksis støyter på det berre i avleiinga annsemd i fornorskingsordlistene. Slik vert asymmetrien ogso til eit framandgjerande element, og det «framande» ordet annsemd vik for det symmetriserande travelheit. Innlånet fører altso til den asymmetrien som m.a. Taule grammar seg over, og som han nyttar som argument for større grad av innlån.

Eit anna argument som gjerne vert drege fram her, er kommunikasjonen gjennom tid. Mykje er skrive, og meir kjem til, og då er det viktig at lesarane som kjem etter, er i stand til (på dei eigne premissane til dette skriftspråket) å skjøne det som er skrive.

Eit anna punkt har òg mykje sams med det autonome aspektet omtala over. Det er ikkje tradisjon i nynorsk t.d. for avleiingar av typen myndigheit («Han tala med stor myndigheit»). Her held det med mynde. Myndigheit i nynorsk kan nærast samanliknast med grønnhetlig for grønn i bokmål.

Det er dessutan eit språkpolitisk spørsmål (for ikkje å seie sosiolingvistisk), i at ein vil markere ein fråstand til det språket som er det dominerande i kongeriket. Nettopp her er det lett å gjeve etter for press (jf. haldningsargumentet over, og at eg ikkje torer å nytte den uoffisielle forma hev her, sjølv om eg gjer det til vanleg).

Ein kan elles nemne at det ikkje er uvanleg at det er skilnad på orda i tala og skrive språk. Islendsk próblem, tóstari og beisment høyrer til det tala språket; i skrift heiter det vandamál, brauðrist og kjallari (om dei to siste, sjå Arnason 1988:6).

Rasisme og gullalder

Pedersen skriv noko som er verdt ein kommentar:

Etter mi meining er purisme farleg. Eg set det i klasse med rasisme som og handlar om reinleik. Reine rasar og reint språk, det er målsetjingar som har mykje til felles.

Pedersen er sjølvsagt snar med å slå fast at det finst visse viktige skilnader, og ho kallar ikkje puristane for rasistar. Ho alluderer derimot til gullaldermyten: «Er det slik då at jo eldre jo betre? Kor langt tilbake skal ein gå?»

Eg finn grunn til å kommentere dette. Eg har sjølv ved eit høve omtala ein kjend nordmann langt sør i landet som «rasepurist», der «purist» er å oppfatte som eit negativt ord. Det avgjerande ligg då ikkje i haldningane ein har til eins eige, men årsakssambanda mellom denne haldninga og haldninga til andre sitt.

Dersom ein er glad i sitt eige, og derfor fordømer andre sitt, då er det fare på ferde. Jeg har ikke noe imot bokmål. Dette er likevel ikkje noko godt poeng frå mi side, sidan ein framleis kan samanlikne med «like men åtskilde»-politikken apartheid.

Det er her ein lyt skilje klårt mellom menneske og ordbok. Det «reine» språket finst ikkje, og neppe noka «rein rase» heller. Om me no definerer stoda i dag som den «ideelt reine», so må me framleis take omsyn til at ord ikkje har kjensler. Om to menneske med ulik hudfarge vert glade i kvarandre, so er dét éi sak, og hudfargen er irrelevant. Men ord kan korkje verte glade i kvarandre eller hate kvarandre. Argumenta over for autonomistisk normering på puristisk grunn er dermed ikkje i seg sjølve rasistiske.

Men det er rett at rasistar gjerne ogso er språkpuristar. Ein annan sentral norsk rasepurist sa ein gong til meg at han ville hive ut alle lågtyske låneord og heller innføre islendsk språk. Men meg vann han ikkje, for årsaksretninga gjekk feil veg. Om ein er rasepurist, er ein gjerne språkpurist; men om ein er språkpurist, kan ein likevel vere antirasist. På same vis nyttar både konfirmantar og Ku Klux Klan kvite kapper, utan at der er nokon annan likskap mellom dei.

På spørsmålet om «kor langt tilbake» ein skal gå, kan ein ikkje gjeve noko meir ærleg svar enn at det er her tradisjonane kjem inn.

Sluttspark til Taule

Med eit svært vinkla ordval bed Taule (1993b:39) kyrkje- og undervisingsminister Hernes om å take stilling til eit språkpolitisk stridsemne (s. 38f). Men dette er rang instans å vende seg til. Som politikar kan Hernes heller passe på at mållova vert halden, so kan me sjølve take oss av den normeringsideologiske kranglinga.

Litteraturliste:

Arnason, Kristján 1988: «Ensk-amerísk áhrif á íslenskt mál». I: Málfregnir nr. 4, s. 3-9. Reykjavík.

Eskeland, Ivar 1981: «Språket i forfall». I: Fram daa, Frendar 1981, s. 93-109. Oslo.

Pedersen, Reidun Irene Aspøy: «Skriftleg sidemål --- eit pedagogisk spørsmål». I: Norskæraren nr. 4, 1993, s. 53-55.

Perstølen, Einfrid 1987: «Ein endelaus strid. Om måljamstelling i statstenesta». I: Leif Mæhle o.a. (red.): Fornying og tradisjon. Oslo 1987: Norsk språkråd/Cappelen.

Taule, Ragnvald 1993a: «Er norsk talemål godt nok for nynorsken?» I: Norsklæreren nr. 3, 1993, s. 36-44.

Taule, Ragnvald 1993b: «Meir om ordtilfaget i nynorsk». I: Norsklæraren nr. 4, 1993, s. 37-39.

jardar@nvg.unit.no