Rar iss bjutifull

(Skrive 1999)

Her og der på desse sidene seier eg at eg er rar, men folk (i alle fall somme) har sakna ei skikkeleg grunngjeving. Difor har eg funne ut at eg vil gjera litt stas på rarskapen min ved å gjeva honom ei eiga side (denne sida).

So korleis er eg då rar? Vel, etter innspel frå meg sjølv og andre kan eg setja opp desse punkta:

Jardar
Fødd som ein dårleg kopi av
foreldra sine, men vart snøgt original.
Her knipsa av bror sin jola 1994
med favorittpennen i munnen.
        

For fleire opplysningar, sjå dei generelle opplysningane om meg.


(Framhald...)

No har eg funne ut at eg skal ringja rundt til nokre vener og få nokre utdjupingar, rett og slett ved å seia til dei: «Nemn nokre rare trekk ved meg.»

Svar 1:

He he he he... Ikkje «he he he he», det må du ikkje skriva. Kutt ut! (Bla bla bla...) Du har aldri barbert deg, det er ein rar ting. Hankjønn som skriv dagbok kvar dag, er ei nokso snodig sak. Elles har eg ikkje noko å tilføya.


Svar 2 (frå ein sunnmøring):

Eeeeemmmmmm... Du er sunnmøring. Nei, det er ikkje so veldig rart, då. Rare trekk ved deg? Jau: Du har ei ytst genuin interesse for norrønt og urnordisk. Du snakkar jo flytande norrønt, og det er det faen ikkje so mange som kan. Ja, og so er du ein ihuga nynorskmann, nynorskforkjempar, og so skriv du dikt på bokmål. Og so snakkar du esperanto. Du har interesse for sære språk... Og dette med slipsknutar er nokso sært, det at du driv på med typologi over slipsknutar. Men å vera årsak til ein svær debatt i avisa pga. vegar i heimbygda som du har prestert å laga namn på... Og elles, i nynorsksaka har du markert deg sterkt i avisa, og ikkje berre ansynes NRK, altso. [Dette siste var ein allusjon til forholdet mellom lisensmannen og målbruk på skjema. ­ Jardar]


Svar 3:

Nei, det har eg ikkje lyst til å svara på.


Profet
Svar 4:

Du snakkar frykteleg sunnmøring, omtrent uforståeleg. Du er profet [i Commune Responsi]. Og du tykkjer at kasus er gøy. Det at du ringjer og spør folk om rare trekk ved deg, er nokso rart.


Svar 5:

Nei... Hmmm... At du ringer og spør om noe sånt, det er litt sært. Kan du ikke spørre andre?


Svar 6 (frå ein tidlegare studiekamerat):

Nå må jeg tenke... Jeg syns jo det for så vidt er litt rart at jeg etter tre år ble oppringt for å fortelle hvor rar du er. Jeg må vel bekrefte at du er generelt rar, iblant iallfall. Men å utdype det er i øyeblikket litt vanskelig. Noe du gjorde som var litt rart: Du skulle på død og liv skrive en eller annen eksamen på en nynorsk rettskrivning fra 1917. Det var ganske rart, men fryktelig morsomt.


No vil eg spørja tidlegare studentar av meg skriftleg om korleis eg er rar som førelesar. Og so vil eg sameleis spørja nokre tidlegare lærarar av meg om korleis eg har vore rar som elev og student. Og so vil eg ha nokre skriftlege utdjupingar frå nokre vener som eg ikkje har innhenta munnlege utgreiingar frå.

Svar frå ein samfunnsfaglærar:

Rare trekk ved deg. Er der anna?? Ein person med ein rar og sereigen humor. Ingen andre av mine over tusen elevar har festa jukselapp i taket, skrive tavla full med esperanto før prøver (hadde du brukt tida til å lese samfunnsfag, kunne du vore geolog i dag og jobba i oljen) limt småmynt på prøvene for å få betre betalt. Du burde verdsett deg så høgt at du brukte setlar.

Ellest har eg i ettertid vorte kjend med at ein god del av fantstykka som blei gjort i klassa, med etterfylgjande mistenkeleggjering av medelevar, hadde sitt utspring på fremste benk.

Men so litt skryt! Det er ikkje mange elevar som syner slik interesse og er så engasjert som unge herr Abrahamsen. Han har faktisk berre ei lyte, trur eg, han likar ikkje sport. Dette må du ordne på.


Svar frå mattelærar Ole A. (redigert):

Det eg likevel hugsar, om ein oppvakt herøyværing på ein av dei fremste pultane, er nokre lyriske innslag, som gjorde kvardagen litt mindre kvardagsleg.

Eg har faktisk teke vare på to-tre av produkta dine, og her følgjer eit av dei meir Wergeland-inspirerte.

TIL VOR OLE A.

Ole A., før Du din Glands har tabt,
da er vi Det hvoraf Alt er skabt;
ja før du mister din Hjernes Guld,
da er vi Muld.

Idet vi raaber: med Lekser op!
vort sidste Blik faar din kloge Top.
Vor sjel dig beder, idet forbi
den flyver fri.

Togange vi beder med aaben Mund:
Giv os ei Lekser i denne Stund!
Vor Ole A., ha Taalmodighed:
Du ved, du ved!

Bodskapen er rimeleg klar, bakgrunnen hugsar eg ikkje heilt.
Svar frå ein tidlegare student (redigert):

Jo, Jardar, du er nok ganske rar, også som foreleser. [...] Jardar er [...] morsomst, mest selvironisk og den eneste foreleseren jeg faktisk husker navnet på...(noe som kan komme av at det er et noe spesielt navn, forsåvidt.)

PS. Dessuten får du meg til å føle meg litt mindre rar selv.


Innspel frå ein ven og tidlegare nabo (redigert):

[Jardar er ein] liberal ateistisk pietist.

Eg eksperimenterte med fleire andre formuleringar òg, men det er mange sider ved Jardar som blir for vanskeleg å forklare med ord. (Etter det avgrensa ordforrådet eg sit inne med.)


Utsegn frå ein jamaldring som har kjent meg sidan me var bittesmå:

Dette var vanskeleg, men her er eit kjapt forsøk:

Ordet "rar" har vi i fått frå lågtysk som igjen har henta det i frå latin "rarus". Det tyder "sjeldsynt". Det som er sjeldsynt med Jardar er at han veit slikt som dette.