Interrailråd
Å reisa på interrail kan vera strevsamt,
men er spanande. Dei som reiser saman, vert veldig godt kjende med
kvarandre, men jamvel om dei då kjem tett inn på kvarandre, so skjer det
på ein måte som ikkje er plagsam, berre spanande og lærerik. For sjølve
interrailen er so full av opplevingar at dette skaper andre vilkår enn me
har i dagleglivet. Det er omtrent det stikk motsette av å sitja isolerte
på ei hytte langt oppe på fjellet. Interrail er det ekstreme motstykket
til isolasjon. Tett inn på kvarandre kjem ein begge stadene, men på
interrailen er det ikkje like plagsamt i seg sjølv.
Interrail er slitsamt, men strevet og slitet og den noko primitive måten å
leva på gjev gode opplevingar:
Den som andpusten har klatra heilt opp i kuppelen i Peterskyrkja, har fått
eit minne for livet. Og på veg ut frå Vatikanet, attende i Italia, ligg
det ein isbar på høgre side, der dei sel isar med kjeks som heiter Norge.
Og den som har traska rundt i halve Paris for å finna ein stad å bu,
slengjer seg daudtrøytt ned på fyrste og mest utslitne madrass på
ungdomsherberget St. Marguerite, trøytt og sur over det kalde varmevatnet,
men full av pågangsmot og fantasi når frukosten neste morgon ikkje er verd
ventetida.
Og når ungdomsherberget i Milano seier at det ikkje er lov å taka med seg
mat på romet, då er det veldig spanande å smugla med seg ein nysteikt
pizza frå pizzeriaen like ved. (Merk at dersom du set deg ned og et i
Italia, so må du ofte betala meir enn dersom du stend og et, eller om du
tek med deg maten og et ein annan stad.)
Eller når politimannen i Roma bruker fløyta si på deg fordi du ikkje
skjønar at det skiltet tyder «ikkje trakk på graset». Den opplevinga vil
du ikkje vera utan.
Jau, det kan vera eit slit, men det er eit herleg slit. (Bur de på billege
hotell, vert slitet mykje mindre enn om de bur på like dyre
ungdomsherberge.) Det er alt anna enn det vanlege livet heime i Noreg,
samstundes som ein gjer det til det som ein sjølv vil. (I mitt tilfelle
greidde eg jamvel å fungera som A-menneske, det kom heilt av seg sjølv.)
Interrail er noko som ein gjerne tek reprise på. Når ein er komen vel
heim, hugsar ein berre dei gode opplevingane.
Og prisen? I 1993 brukte eg altfor mykje pengar: 16 000 kroner på fem
veker. Dette inkluderte: interrailbilletten, fly til Oslo (før
interrailen), eit tolv dagar langt opphald i Latvia (for det meste på
hotell) etter tre vekers interrail, fly frå Rîga til Stockholm
(tur-retur-billett der eg brukte berre returen), vanleg togbillett
UppsalaTrondheim og hurtigrute TrondheimTorvika. På turen kjøpte eg
massevis av suvenirar og CD-ar, og tok veldig mykje bilete og video
(inkludert i prisen er då ein tusenlapp berre på framkalling). Me åt
dessutan ofte ute, i staden for å laga mat sjølve. Turen var verd pengane
på alle måtar, men det hadde vore mogeleg å gjera det på ein mykje
billegare måte, om me (eg) berre hadde tenkt litt på det før turen av
over. Det var eg som var storsløsaren på turen... Fer eg på interrail
igjen, skal eg klara meg med halvparten.
Eg har samla meg nokre generelle råd:
- Pass godt på kvarandre. Slepp kvarandre aldri av syne når de er
utandørs, det er fort gjort å gå seg bort. Særleg bør jenter passa seg
veldig for å vera åleine, spesielt i Italia. Eg veit om jenter som har
opplevt at italienske gutar har klatra ut gjennom vindaugo på toget for å
få seg inn i den læste kupeen deira (læst for å halda gutane ute).
Likestillinga har ikkje kome like langt alle stader. Men sjølv som gut kan
du, som eg, verta biten av ein hund i Milano. Dette var den eine av
firefemseks gonger at eg var ute åleine på heile turen. Ein annan gong
var i Paris, der reisefylgjet «miste meg», og me alle vart redde for kva
som hadde hendt.
- Folk må generelt i livet få føla at dei fær tid for seg sjølve. Dette
er ikkje noko problem på ein interrail, det skjer omtrent automatisk. Til
dømes ved at den eine sit ein halvtime i vestibylen, den andre på romet på
hotellet eller herberget, osb. Eller ved at dei gjer kvar sitt, som å
skriva kort, lesa bøker, sova, osb. Ja, legg deg ned og tak deg ein
middagslur utan å seia ifrå på førehand. (Men gå ikkje ut åleine med
mindre du er gut og berre skal eit kort stykke i eit område utan sinte
hundar.)
Saka er nemleg den (og dette er viktig!) at på ein interrail er det heile
tida so mykje som skjer at trongen for totalt isolat vert veldig redusert,
samstundes som batteriet stendig vert oppladda. Faktisk er det slik at du
slappar av og føler at du fær tid for deg sjølv når du ein sjeldsynt gong
er saman med berre den/dei du reiser saman med. Kontrasten ligg
altso ikkje lenger mellom «oss» og «meg åleine», men mellom «massevis av
folk» og «oss åleine». Men dette tyder òg at de må passa på å setja av tid
for dykk sjølve (i den grad det ikkje kjem av seg sjølv). Til ein viss
grad vil nok kjensla av privatliv vera omvendt proporsjonal med storleiken
på reisefylgjet, men viktigast er det nok at de kjenner kvarandre, og er
meir eller mindre samkøyrde i livsførsel, turistinteresser og verdisyn,
jf. ogso neste punkt.
- Reisefylgjet bør ha eit meir eller mindre samanfallande forhold til
m.a. alkohol og uteliv, elles vert det berre trasig. (Eg er fråhaldsmann,
og er heller ikkje spesielt glad i diskotek. Reisefylgjet mitt var omtrent
like rolege til sinns. Noko anna ville ha vore dumt for oss alle.)
- Tak med deg so lite som mogeleg på turen. T-skjorter kan kjøpast
undervegs som suvenir. Det er veldig fort gjort å taka med seg både for
mykje klede og for mykje anna utstyr. Tak med deg få klede og heller litt
fleire posar med vaskepulver til klesvask for hand. Ryggsekken skal ikkje
fyllast opp! Hugs at du skal bera alt på ryggen. Lat det vera god
plass i ryggsekken, so fær du kanskje plass til suvenirar og slikt òg.
- For å halda god plass i ryggsekken kan du, dersom du har sjansen til
det, gjerne senda oppsamla suvenirar (t.d. papir, billettar osb.) heim i
posten (NB: ikkje frå Italia! då kan det gå lang tid før du ser
tinga dine igjen). Det beste er då sjølvsagt om du som avsendarnamn kan
bruka namnet til nokon du kjenner som bur på staden, slik at pakken ikkje
forsvinn ved eventuell retur.
- Tak med deg ogso ein ransel, liten ryggsekk eller ei veske som du kan
bruka når ryggsekken ligg på ungdomsherberget eller hotellromet.
- Pengar, reisesjekkar osb. bør leggjast i pengeskapet til herberget
eller hotellet. Dette har òg å gjera med forsikringsvilkår.
- Ja, hugs å reiseforsikra deg!
- Det kan løna seg å ringja til overnattingsstadene på førehand og
høyra om dei har ledige rom, då vil du spara deg mykje arbeid. På
jarnbanestasjonen finst det dessutan ofte agentar frå lokale
ungdomsherberge og hotell som plukkar til seg turistar.
- Overnatting kan t.d. skje på ungdomsherberge eller på hotell. På
ungdomsherberge bør ein vera spesielt observant på kven ein deler rom med.
Merk at mange stader er hotell like billege som ungdomsherberge,
samstundes som ungdomsherberga kan ha lite private fellesdusjar og ekle
reglar med portforbod. (I Roma bør ein heller finna seg eit billeg hotell
nær jarnbanestasjonen enn å taka inn på tolvmannsrom på ungdomsherberget
med portforbod og gitter for vindaugo milevis unna all sivilisasjon.) Det
er òg mogeleg å overnatta i private hyblar eller husvære som folk troppar
opp på jarnbanestasjonen og leiger ut til turistar. Og dersom ein er
esperantist og verkeleg ynskjer å overnatta privat, so kan ein
kjøpa adresselista Pasporta Servo for gratis overnatting over hele verda.
Men bur ein heime hjå folk, so vil ein ikkje få vera like mykje for seg
sjølv som ein kanskje ynskjer.
- For å spara overnattingspengar kan det løna seg å taka nattog av og
til. Men det bør helst skje over lengre avstandar, slik at du fær sova
litt, elles vert du berre trøytt og sur.
- Du vil snart verta ekspert på å sova i sitjande stilling i toget på
dagtid. Oppblåsbar nakkestøtte er kjekt å ha då.
- I varmare land kan det vera klokt å kjøpa seg ei flaske vatn som du
tek med deg og drikk av. (Generelt skal du vera veldig varsam med å
drikka frå springen.)
- Mat kan ein kjøpa på vanlege butikkar. Har du med deg ein bordkniv,
kan han brukast både til å skjera opp brød og til å smørja på smør og
syltety. Ei lita skjerefjøl er òg kjekk å ha, både som skjerefjøl og som
fat. Maten på toget kan vera retteleg dyr.
- Planlegg reisa seinast dagen før du skal taka neste tog.
- Og hugs at sure kan de verta fordi de er trøytte (sjølvopplevt, det
var ei svevnlaus natt mellom Wien og Praha som førde fram til skikkeleg
krangling). Er de fleire enn to, er det dessutan ein viss fare for at to
stykke kan vera sure og ekle mot kvarandre meir eller mindre som eit spel
for den tredje. (Jepp, ogso sjølvopplevt. Men då tredjemann gjekk på do
midt under ein krangel i Praha, fann kranglefantane ut at det nettopp var
den diplomatiske tredjemannen si skuld at dei krangla. Formelen er: Faren
for generell surskap er proporsjonal med storleiken på reisefylgjet,
eventuelt omvendt proporsjonal med graden av god nattesvevn.
- Legg dykk i skikkeleg tid (t.d. seinast ved midnatt, gjerne før), og
stå opp i skikkeleg tid (t.d. kl. 89). Dette både for å vera utkvilde
heile tida, og for å få med dykk mest mogeleg av dagen. Det er bra å få
seg ein god frukost, og helst utan hastverk. Sov middag eller tak ein
tidleg kveldslur om det trengst.
- Sjå opp for lommetjuvar! Alle du ser, er potensielle lommetjuvar. Skal
du gå gjennom ein menneskeflokk, so hald handa di over klokka, og pass på
at ingen fær tilgjenge til glidelås el.l. på ryggsekk, veske osb.
Magevesker er skumle: Ein teknikk som i alle fall er i bruk i Roma, er at
lommetjuven set ei papplate inn til magen på folk (midt i ei folkemengd,
ikkje sant), medan han (eller ho) opnar mageveska under papplata og stel
det som ligg der. Det er surt å missa pengar og pass, det er forjævleg å
missa fotoapparat og filmar. Gå ikkje og vift med fotoapparatet ditt når
du ikkje skal bruka det, du vil ikkje at lommetjuvane skal sjå kva du
har.
- Du bør ringja heim no og då og seia kvar du er. (Ved eit høve ringde
eg heim og fortalde at eg var i Eiffeltårnet.)
- Det er ei god investering å setja seg litt inn i kva stadene har å by
på for turistar. Dette bør du helst gjera på førehand. Detaljane er ikkje
so viktige, men visse hovudtrekk bør du ha oversikt over. Skal du på små
stader, er det endå viktigare: Det er skilnad på å reka gatelangs i
Östersund og å reka gatelangs i Roma. I Roma skjer det meste av seg sjølv,
anten ein planlegg eller ikkje.
- Hugs å taka med deg:
- varme klede
- kalde klede
- litt fine klede (kanskje du skal på symfonikonsert på eit slott i
Wien)
- regnty
- skor og sandalar, eventuelt støvlar
- vanleg plaster og gnagsårplaster
- oppblåsbar nakkestøtte
- pass, interrailbillett, sovepose og toalettsaker...
- rutetabellar (Thomas Cook gjev ut ei bok med alle dei europeiske
togtidene)
- vaskepulver for handvask av klede
- minst mogeleg