Date: Mon, 30 Aug 1999 11:50:52 +0200 (MET)
From: Jardar Eggesbø Abrahamsen <jardar nvg.ntnu.no>
To: Publikum
Subject: reisebrev: epilog

Dei fire vekene som denne interrailen varde, gjekk snøggare enn eg hadde tenkt. Eg hadde venta både kranglar og slitasje mellom Anne Kjersti og meg, men den einaste slitasjen det vart noko av, var gnagsår og myggstikk, særleg på høgre foten, og særleg myggstikk. Etter fire veker på loffen saman med ein heimesjukepleiar såg nemnde fot ut som foten til ein 80 år gamal pleiepasient. Spesialplaster frå sjukeheimen i Nordreisa har kanskje innbilt foten at han var eldre enn han har vore.

Men same kva, so har nemnde fot vore gjennom mykje dei siste vekene. Denne foten har steikt seg i Kaltenkirchen-sol. Han har vandra omkring på harde sandalar i Berlin, og seinare i eventyrslottet i Füssen. Denne foten var det som tok seg ein snartur til Romania, og som vart kald då sola forsvann der. (Apropos Romania, «Dracula» kjem av «dracul» som tyder 'djevelen'. «Drac» tyder 'djevel', og «ul» er etterhengd artikkel.) Den høgre foten min vart mat for mang ein mygg, han samla støv i Romas gater og skitna til dusjen både der og i Napoli. Den høgre foten min rykte til fleire gonger i spøkjelseshuset i Wien.

Etter det københavnske regnet var det ikkje anna å gjera for foten enn å reisa heim. Fyrst måtte han sjølvsagt få seg bort frå internettkafeen og til ungdomsherberget i Roskilde. Og ikkje berre var det regn i nettkafégata. Det var òg sexbutikkar og strippeshow på kvart einaste gatehjørne, bortsett frå der Missionshotellet låg.


To nøgde interrailarar
ventar på flybussen i Kristiansand.
Natt til laurdag tok foten danskebåten frå Hirtshals til Kristiansand. Og etter å ha høyrt Lene Marlin i alle europas butikkar, drosjer og radiostasjonar, hadde eigaren hans forstått at Lene Marlin skulle koma til å verta eit sentralt interrailminne. På danskebåten kjøpte eg difor ikkje sånn alkohol som Anne Kjersti kjøpte til venene sine, men CD-en til Lene Lene Marlin.

Kristiansand skulle verta den mest strabasiøse delen av heile interrailen. Foten måtte på land stutt etter kl. 7 om morgonen, etter å ha lagt seg kl. 2 (han fekk gå ombord kl. 0.45, og dei vekte honom kl. 6, huff). Men det var ikkje klokka som var strabasiøs, det var ventetida. Det kom ikkje flybuss før rundt kl. 8, og venteromet var stengt. Vêret var kaldt, og foten fraus der nede i den luftige sandalen sin.

Foten min kom heim noko før kl. 14, etter å ha vorte henta på Værnes av vener. Stakkars Anne Kjersti kom ikkje heim før kl. 20. Det er langt til Nordreisa!

Men både foten min og resten av kroppen kom heim, og fekk middag hjå nokre gode vener.

Då eg stod opp neste dag, svirra det rundt i meg med «kven var det eg fortalde om det og det i går?». Med eitt gjekk det opp for meg at no har eg atter fleire enn eitt menneske å forhalda meg til. Litt av ein overgang. Dette var forresten den dagen då eigaren til foten fekk seg ein flott kvitlauksmiddag, for so brått å oppdaga: «Oi, eg skal visst til tannlækjar i morgon, eg.» Ja ja, eg åt i alle fall ikkje det ekstra kvitlauksfeddet som var lagt ut til meg.

Men no er foten attende i Trondheim, og han har ikkje planar om å skriva offentleg dagbok meir. Han vil nytta høvet til å takka for alle fanbreva, der han no sit på gasspedalen under det påskotet at det er regn, regn, regn ute.

Jardar
--
Heilt menneske. Bør ikkje brukast stykkevis.


Opp.