Date: Thu, 26 Aug 1999 19:39:19 +0200 (MET)
From: Jardar Eggesbø Abrahamsen <jardar nvg.ntnu.no>
To: Publikum
Subject: reisebrev: København

Regn regn regn.

Men det var ikkje regn før me kom til Danmark.

Me har planar om å reisa til Napoli igjen og ikkje koma heim.

Og her kan me berre avslutta heile dette brevet.

Men før me avsluttar, kan me fortelja at me reiste frå Salzburg og sovna på toget, og då det kom på nokre eldre damer, so spurde me (dvs. eg) om kva land me var i, og til mi forvirring fekk eg vita at me no var i Tyskland.


Krematoriet i Dachau.
Nok ein gong landa me på Munchen Hauptbahnhof (tøddelen verkar ikkje på denne ekle PC-en, gjev meg ein Mac!), men denne gongen for me ikkje vidare til Bucuresti. Me fann S-Bahn (S = schnell, som ei slags utvida U-Bahn, altso), og reiste med interrailbillett til Dachau og konsentrasjonsleiren der. Eg var i den konsentrasjonsleiren som liten. Og nåde den som kjem med ein vits om alderen min no. Krematoria stend enno, men "dusjane" (dvs. gasskammera) vart av ein eller annan grunn aldri nytta. Dachau var den fyrste av konsentrasjonsleirane, og vart teken i bruk allereie i 1933.

Me tok toget vidare til Hannover. Og det var litt av eit tog! Me hadde små TV-skjermar med filmar på to kanalar framføre oss på andreklasse, toaletta som eg gjekk på var rosa på veggene, medan Anne Kjersti fann eit som var måla i ljoseblått. Dørene i toget opna seg automatisk, og me høyrde ikkje noko av den vanlege togstøyen. Det gjekk altso an å kviskra til kvarandre tvers over midtgangen (me sat slik) utan vanskar. Og snøgt gjekk det og. Ofte låg me på rundt 225 km/t, jamvel om dei måtte bremsa oss ned til rundt 180 i somme svingar. Farten var sjølvsagt å lesa på nokre små TV-skjermar på gangen.

Men å skaffa seg overnatting i Hannover, det var vanskelegare. Rett nok sat me i ei vogn med repeaterar (dvs. utstyr som enkelt sagt betrar tilhøva for oss mobiltelefonslavane). Men fordi toget skulle gå snøgt, so var me ofte i tunnelar utan mobildekning. Og fekk me dekning ute i friluft av og til, so kom det snart ein tunnel igjen. Og særleg dersom eg kom gjennom til ungdomsherberget i Hannover. Då vart gjerne sambandet brotet straks eg hadde sagt namnet mitt. Eller straks eg hadde sagt at eg ville ha dobbeltrom (underforstått: med to einskildsenger). Eller straks dei hadde sagt at dei hadde eit ledig dobbeltrom. Eller so kom me ikkje inn i nokon tunnel, men det var oppteke i timesvis, sikkert fordi telefonvaktguten ringde rundt til alle kompisane sine i arbeidstida. Då me endeleg kom fram til Hannover, kom eg gjennom og sa at eg ville ha det dobbeltromet. Då spurde han om me var gut og jente. Ja. Nei, då gjekk det ikkje.

Me fann eit anna herberge som var ått av naturvenene i byen. Det låg litt sånn ute på landet, og til frukost neste morgon var me tre stykke. I tillegg til handverkarane, då, som dreiv og vekte oss med ombyggingsarbeid. Ombyggingsarbeid hadde dei og på jarnbanestasjonen i Hannover.

Me reiste vidare onsdag ettermiddag etter at me hadde vore på videoforretning, der eg kjøpte ei greie som eg har ynskt meg lenge. Det er ei greie som eg set mellom to videoar, og då vert kopien omtrent like bra som originalen. Me tok toget til Hamburg, fann oss tog til København, og fann ut på toget (utan tunnelar i Danmark) at alle herberga i og undervegs til København var fulle. Smekkfulle. Men me ringde til Roskilde, og dei hadde ledig. Me tok tog dit i går kveld, men måtte stå opp i føremiddag fordi me måtte flytte til nytt rom fordi dei hadde gløymt at det skulle koma 50 nye gjester i dag tidleg, og 4 av dei stod altso no og venta på å få sleppa inn på det romet som me sov på. Ja ja. Me ville likevel ha vorte vekte kl. 10 av handverkarar som skulle byggja om på herberget.

No er me i København, og her kom regnet like etter at me hadde kome inn på Tivoli. *snøft*

Medan eg no har ordet, må eg spørja dykk lesarane (de er rundt 40 stykke, trur eg, kanskje heller rundt 50) om nokon av dykk kjenner ei som heiter Åsa. Eg kjenner henne ikkje. Eg har aldri høyrt om henne heller, og har ikkje eingong møtt henne. Eller noko sånt. Men for nokre netter sidan drøymde eg om henne. Eg hadde lovt å koma heim til henne til eit måltid med tunfisksalat, men so var det eit tog som gjekk, og eg prøvde å senda melding til henne via andre om at ho og måtte koma på det toget, for elles ville det verta vanskeleg å koma seg vidare. Men diverre fekk ho ikkje meldinga, og eg, som altso då dreiv på med det praktiske med plassreservering og slikt (og so fann eg ikkje fram til heimen hennar heller), eg rakk altso ikkje den tunfisksalaten. Eg møtte henne so vidt på jarnbanestasjonen etterpå, og då såg ho både lei seg og fornærma ut. Eg prøvde å fortelja henne korleis ting hekk saman, men ho var nok for skuffa til å gidda å høyra på meg, for ho berre gjekk. So dersom nokon av dykk kjenner henne, ver so snill å seia til henne at eg hadde verkeleg sett fram til den tunfisksalaten, og at eg vonar me kan møtast igjen ein gong under mindre stressande omstende. Eg er veldig lei for at eg av ytre årsaker ikkje greidde å halda avtalen.


Polsk korps med dansejenter underheld Jardar i Roskilde på avreisedagen
medan Anne Kjersti sit og passar på ryggsekkene inne på jarnbanestasjonen.

Anne Kjersti tek herved ordet, og ho skriv på bokmål (ser de forresten at no har me norske bokstavar igjen?).

Ja, må benytte anledningen til å si noen ord i dag også, selv om jeg ikke har så mye jeg må forsvare/forklare denne gangen.

Men det jeg glemte å si sist, var at når han snakket om Herøy og lokalhistoria der, var det ikke bare informativt, men også sagt med glødende interesse. Faktisk slik at foreleserens øyne glødet.

Gløden var derimot ikke helt den samme i spøkelseshuset, eller når jeg prøvde meg med litt ekstra action i pariserhjulet (vogna kunne nemlig snurres rundt med håndmakt, og jeg kunne godt tenke meg å snurre litt ordentlig.) Men snill som jeg er, holdt jeg Jardar i hånda i spøkelseshuset, og snurret bare rolig rundt i pariserhjulet.

Nå begynner vi vel begge å merke at denne reisa nærmer seg slutten. Og Jardar tar stadig oftere fram mobiltelefonen for å sjekke meldinger og mail. Og jeg som trodde han hadde begynt å bli avvent...

Og så er det kanskje noen som lurer på hvordan det har vært for meg reise på en fire ukers ferie med en fyr jeg aldri hadde møtt før. Og da kan jeg bare si at jeg har hatt fire flotte uker (i alle fall så langt), og at så lenge jeg har oppført meg noenlunde snilt, har Jardar også vært snill og grei å ha med å gjøre. Jeg har vel fortsatt en liten episode å hevne, og har nok litt overtaket nettopp av den grunn akkuret nå. Nyter den posisjonen litt, og venter derfor litt med hevnen. Jardar er ut i fra det han sier livredd for hva jeg pønsker på...

Ellers kan jeg bare berolige med at denne turen ikke vil føre til at sykepleiermangelen i Nordreisa blir større pga svangerskapspermisjon for meg. Vi er nok litt for like til at det skal bli noe sånt ut av det. Men er det ikke ei kjekk jente der ute som kan få øynene opp for denne flotte karen snart??

Jardar tek over tastaturet, og skriv at Anne Kjersti sjølvsagt er flott, ho og, jf. at me er litt for like. Eg skal ikkje motseia henne på at ho er flott, men protesterer høglydt på at ho er kar. So det so.

Jardar og Anne Kjersti (endelig havnet jeg på samme linja som Jardar)
PS: Det skal me no sjå på. Jardar.


Neste. -- Opp.