Date: Thu, 19 Aug 1999 16:22:18 +0200 (MET)
From: Jardar Eggesbø Abrahamsen <jardar nvg.ntnu.no>
To: Publikum
Subject: reisebrev: Venezia

Eg vart ein gong utskjelt av nokon som i same lange andedrag slo fast at eg ikkje var noko interessert i teknologi og saant. Vedkomande brukte Eudora. Sjoelv foeretrekkjer eg pine paa unix/linux, og har dermed funne vegen til ein internettkafé jamvel her i svale Venezia. Akkurat no ser Anne Kjersti rart paa meg. Ho tykkjer vel at det gjerne kunne ha vore svalare enn desse 29 gradene med luftfukt paa ca. 80 %. Men det var trass alt verre i Bucuresti, der dagtemperaturen var paa 42 grader i skuggen, og nattemperaturen paa 30. Fukta var heller ikkje noko aa klaga over, der me kava for aa pusta.

Men det eg altso skulle skriva her foer Anne Kjersti blanda seg inn, var at dei som soknar til nvg.ntnu.no, og som ikkje vil bruka den daarlege telneten til Micro$oft, dei kan bruka <http://home.nvg.ntnu.no/~jardar/ssh> og logga paa med ssh. Daa verkar jamvel fargane. Og no vidare til neste avsnitt:


Denne pompeianske daudningen var slave.
Det ser me på at han hadde belte.
Medan sjukepleiar og odelsjente Anne Kjersti har vore oppteken av manglande drenering paa aakrane langs jarnbanelina i Romnia og Ungarn, og sidan av bruer i Venezia som ikkje er konstuerte for rullestolar (og ditto smale doerer her og der), so har den same frk. Fremstad peikt paa at hr. Abrahamsen er inni hampen so oppteken av kyrkjer. Tradisjonen tru tok eg henne med inn i ei kyrkje medan me venta paa at denne internettkafeen skulle opna etter middagskvilda til eigaren. Eg leiter framleis etter den CD-en som paven har spelt inn.

Me var ein dag ekstra i Roma, og fekk med oss katakombane og Collosseum. Paa det nye hotellet sat doringen fast i toalettet, og me fall altso ikkje av, slik me hadde tendensar til aa gjera paa det fyrste hotellet.

Tysdag morgon reiste me (eg, Anne Kjersti og tidlegare nemnde Espen) vidare. Ikkje til Pesaro, som Anne Kjersti hadde ymta om paa foerehand. Eg hadde slege fast at dersom ho skulle til Pesaro, so skulle eg til Potenza, so daa fann me det best aa berre reisa til Napoli. Der tok me ein dagstur til Pompeii, og vandra rundt og saag paa tempel etter tempel (det var dette med meg og kyrkjer, daa), i tillegg til nokre daudingar og saant. Me var òg innom nokre teater. Det stoerste var eit amfiteater (amfi = 2, dvs. to halvsirklar, dvs. ein sirkel, for dei som ikkje visste det) med plass til 20 000 pompeianarar. *kremt* Og so nemner Anne Kjersti noko om at me kanskje skal nemna at eg har vore paa bordell for fyrste gong i mitt liv. Jau, eg har sans for det gamle, og mamma har sagt at eg har stoeva so mykje ned i antikvitetane mine at eg hoeyrer heime paa museum sjoelv òg. So altso, jau, no har eg vore paa bordell for fyrste gong i mitt liv, og passande nok for meg var det i Pompeii. Horene omkom i aar 79.

Her me sit no, hoeyrer me forresten Lene Marlin paa radioen. I eit blad me las i Berlin, var ho forresten omtala som "die Polarsternprinzessin". :)


Dekorasjon inne i bordellen.
Espen reiste ifraa oss den ettermiddagen, og sette nasen mot nord. Den kvelden gjekk eg og Anne Kjersti omkring i Napolis gater og leitte etter mat. Me fann ikkje mat, og utvida soeket vaart ogso til bakgatene. Me hadde snart gaatt oss ville. Og til ljoden av bjeffande villhundar og nifse motorsykkelgjengar (og til lukta av kloakk og soeppel) spurde me (eg) oss fram: Dove sono le ferrovie? Me fann jarnbana, og fann derfraa fram til hotellet igjen. No var det plass til oss paa restauranten i gata der, og me fekk endeleg mat i kroppane.

Neste stogg var Venezia. Me hadde sett vermeldingar om torever og saant, men til no har me berre sveitta i sola. Og kva har me gjort her? Nokso lite. Anne Kjersti driv og kikar i butikkvindaugo (serleg smykkebutikkar, ho faer versogod kjoepa sjoelv). No er ho paa graaten her, for ho vart mint paa at smykket hennar hadde gaatt sundt, og ho er van med aa ha eit smykke rundt halsen. Sjoelv er eg van med mobiltelefon i beltet, og har framleis vanskeleg for aa lata hoegre armen dingla fritt nedover mot der som mobiltelefonen altso _ikkje_ er i vegen no.

Det har kome fleire lesarbrev sidan sist eg skreiv. Ein lesar spoer meg kva det italienske ordet "oro" tyder. Det tyder 'gull', nett som paa esperanto. ("Ora" tyder derimot 'time', jf. esperanto "horo" og engelsk "hour". Merk at italiensk har mist h, jf. cockney og nordvestlandsk halvemaal. O Hanne Kjersti ar hikkje oeyrt om alvemaal, so er kjem heit lite doeme.)

Ein annan lesar kommenterer at me to er "reisande i tragikomiske omstende". Den same lesaren lurer paa korleis eg klarer aa senda brev til meg sjeolv og samstundes til mange andre. Jau, det gjer eg slik: Eg sender reisebreva til mi eiga adresse (berre for aa ha ai adresse i To-feltet). Alle dei andre adressene har eg i Bcc-feltet. Daa vert dei adressene usynlege for mottakarane, og me unngjeng slik at t.d. éin person som vil svara meg, sender kopiar til alle hine òg. Og nei, eg veit ikkje kva "Bcc" heiter paa Micro$oftsk.

Hotellet me sov paa i natt, hadde forresten verkeleg "dusj paa romet". Eg veit ikkje nokon annan maate aa skildra det paa enn aa fjerna hermeteikna. Dusj paa romet.

Me fer vidare til Wien i morgon. I alle fall er det det me planlegg.

Og til slutt vil eg gjerne gratulera broder Gard med dagen. Han fyller 26 aar i dag. Gratulerer!

Jardar
(Anne Kjersti sit og fylgjer med. No ler ho. No òg.)


Neste. -- Opp.