Date: Sun, 15 Aug 1999 17:48:53 +0200 (MET)
From: Jardar Eggesbø Abrahamsen <jardar nvg.ntnu.no>
To: Publikum
Subject: reisebrev: Roma

Sist me skreiv, var me i Berlin. Daa hadde me framleis ein kveld att. Den kvelden var Jardar paa kongressenteret saman med 2500 andre esperantistar (Anne Kjersti var ikkje heilt i form). Det var og ein ikkje-esperantist der, han var veldig tysk og veldig sint. Han dreiv og kjefta opp ein fyr og greier, og snakka om Arschloch (raevhol) og slikt. Han laga so myke oppstuss at eg leitte fram videokameraet mitt og filma han.

Med eitt snudde han seg i mi retning, og eg tok ned kameraet, men daa var det for seint: "Hier mit der Kamera!" ropte han og kom springande mot meg. Eg snudde ryggen til og la paa sprang. To esperantistar stod framfoere sintingen, og Ulf Lunde (Trondheim) greip tak i han og heldt han attende. Sidan fekk eg hoeyra at folk var imponerte over kor snoegt eg hadde sprunge. Og det store spoermaalet var sjoelvsagt: "Fekk han tak i kameraet ditt?" Nei, det fekk han ikkje. Gled dykk, dei som skal faa sjaa opptaket! (Diverre er ikkje flukta med der, men skjenninga er god nok underhaldning.)

Laurdag 7. aug. reiste me vidare til Nurnberg (her er ikkje toeddel paa tastaturet) for aa overnatta. Sundagen kom me til Fussen (toeddel-u), der me leitte lenge og vel for aa faa oss overnatting. Me tenkte aa sova lenge neste morgon, men vart vekte i 6- eller 7-tida av at Bayerischer Rundfunk hadde rigga til utescene med radiostudio paa torget under vindauga vaart.


Schloß Neuschwanstein.
Den dagen tok me oss ei omvising paa Schloss Neuschwanstein. Fyrst stod me ein time i billettkoe, deretter like lenge i koe for aa sleppa inn, for so aa gjera unna slottet paa ein halvtime. Jardar hadde vore der som liten, og ville gjerne mimra litt. Anne Kjersti, som hadde kika seg opp paa fleire slott tidlegare, fann no ut at jamvel om Neuschwanstein ser fint ut paa utsida, so er det so overdaadig paa innsida at her hadde ho ikkje lyst til aa overta slottsfrue. Eventuelt kunne ho verta det, men daa ville ho gjera nokre endringar med interioeret, endringar som ho spesifiserte for kvart rom.

Onsdag skulle det verta solformoerking, og me planla overnatting i Austerrike. Men same kvar me ringde i det landet, so var det fullt. Rart, hae? So me la fylgjande plan: Me skulle taka tog til Munchen (toeddel-u), deretter nattoget til Venezia (altso overnatta paa toget), vera i Venezia ein dag, reservera eit hotellrom der, og so paa kvelden taka nattoget opp til Austerrike, og gaa av i Bruck an der Mur, midt i totalitetssonen. So skulle me attende til Venezia etter solformoerkinga, og overnatta paa det reserverte romet, paa veg soerover mot Roma osb.

Ein times tid foer avgang i Munchen fekk eg tekstmelding fraa pappa om at det var spaatt regn og overskya i vest-Europa, og at tilraadd stad var Bucuresti (Romania, for dei som ikkje veit det). Eg ringde broder Gard, som saag etter paa nettet for oss og stadfeste meldinga, og kl. 22.55 stod me ved billettluka. Kl. 23.10 hadde me billettar til 23.19-toget til Bucuresti. Paa veg ombort i toget spurde Jardar plutseleg: "Treng me visum til Romania??" Anne Kjersti svara: "Eh..." Framom oss hadde me ein 25 timar lang togtur i sitjande stilling og med minimalt av kontantar. Heldigvis hadde me kjoept eit halvt broed i Berlin...

Me hamna paa ein kupe saman med ei 49-aarig kvinne fraa Bucuresti som snakka tysk. Ho hjelpte oss veldig baade med korrupt togpersonale, korrupte tollarar og rutinar og praksis. Ho sparde oss nok for mang ein pengesetel. Me kjoepte visum ved grensa Ungarn-Romania, og der hjelpte ho oss med 5 tyske mark (me hadde eit par mark for lite...).

Me spurde kvinna om mangt og mykje, m.a. om veksling og hotell i Bucurest. Ho smilte og sa stendig at i Bucuresti finst alt, baade med reisesjekkar og Visa-kort, og at me ikkje skulle ottast for overnattinga.

Daa me kom fram i halv to-tida natt til onsdag, sa ho: "Ich habe ein grosses Haus." Og so inviterte ho oss heim til seg og familien!

Eventyr!


Husvertar med kjærast og Anne Kjersti ser på sola.
Ho og mannen eig eit bygningsfirma, og familien bur i ei eiga blokk (dei flytte inn tre veker tidlegare). Anne Kjersti og eg fekk vaar eigen etasje aa boltra oss i, med eigen altan, eiga stove med fjernsyn, eige bad (to faktisk...) osb.

Daa me stod opp, aat me frukost, og gjekk deretter opp paa takterrassen (hi hi). Solformoerkinga kom. Ljoset vart nesten nifst! Det var eit slags spoekjelsasektig ljos, temperaturen fall, og oppe paa himmelen var det eit svart hol der sola skulle ha vore. Hundane bjeffa i gatene.

Snart kom sola attende, og hanen paa nabotunet gol.

So tok dei to soenene i huset oss med paa omvising. Me fekk sjaa "Folkets Hus" som Ceausescu (med ein dings under C og den fyrste s-en) hadde bygt til seg sjoelv. Me fekk sjaa partibygninga som han proevde aa roema fraa med helikopter, og me fekk sjaa torget der han massakrerte 500 studentar foer han sjoelv vart drepen under revolusujonen jola 1989. Me fekk jamvel sjaa "det forbodne nabolaget" der han budde, og der folk paa den tida ikkje fekk ferdast. Utanfor Folkets Hus filma forresten Jardar politiet, slik at ein politimann med stor pang-pang i beltet kom bort til oss og sa at dette var ikkje lov.

Jardar imponerte forresten Anne Kjersti daa han torsdag morgon (altso etter Ein dag i Romania) skaffa oss morgonfred. Det var nemleg ein fyr som dreiv og ringde paa doertelefonen opp til etasjen "vaar". Anne Kjersti sende Jardar bort for aa svara "fordi du kan tysk". Mannen forstod korkje tysk eller engelsk, og Jardar la seg igjen. Men daa mannen heldt fram med aa ringja, sa Jardar til han: "Sunt turisti di Norvegia." Og la til paa tre andtre spraak: "Non capisco. Ich verstehe nicht. I don't understand." Daa fekk me fred. [retting]


Wienersvane i uventa aksjon.
Me vart hjaa familien til torsdag, og reiste daa vidare med nattoget til Wien. Der ville Jardar fotografera ein svane som vagga av garde paa fortauet vod Donau, men miste nesten nasen. Svanen var ikkje spesielt hissig, men han var bestemt. Det er dokumentert paa video.

Me moette Espen Nystad (etter avtale), og tok nattoget saman til Roma. Me kom fram i gaar tidleg, laurdag. Ein gamal mann plukka oss opp og fekk oss inn paa eit hotell som hadde eit so daarleg rom at me ville gaa. Daa vart me tilbodne eit betre rom til same pris. Me tok det. Paa det betre romet var ikkje dusjen montert like over doskaala. Derimot var dusjhovudet oeydelagt (slange-dusj), og dusjkabinettet (som faktisk fanst paa dette betre romet) hadde korkje vegger eller forheng. Madrassane bula kraftig nedover. Men me tokromet, og oppsoekte straks eit betre hotell for aa tinga rom til neste natt.

Den fyrste dagen vaar i Roma heiv me oss med paa ei gratis omvising paa Forum Romanum. Nokre hoegdepunkt: Romersk kloakk (framleis i bruk), staden der Julius Caesar vart kremert, diverse tempel. Me var og med til to kyrkjer: Hoegdepunkt: eit hus fraa det 1. hundreaaret etter Kristus (med ei kyrkje oppaa fraa det 4., og oppaa der fraa det 12.), Kristi bloddropar, verdas eldste katedral (Romas offisielle katedral, der paven er biskop) fraa ca. aar 400, med ei kjempehoeg doer som originalt stod i det romerske Senatet.

Var det meir som hende i gaar? Ja, me skulle ha mat. Etter ein lang spasertur spurde me oss foere, og fekk vita at restaurantane i Roma stengjer kl. 15 paa laurdagane... Til slutt fann me oss likvel ein open restaurant. (Anne Kjersti seier at det stend "likvel" her, men eg gidd ikkje retta det.) Eg laerte Anne Kjersti at kvitlauk heiter aglio paa italiensk, og medan eg hadde ein utaalmodig kelnar over skuldra mi, sa ho at pizza siciliana hadde kvitlauk, so den kunne eg tinga. Ja vel. Slik gjekk det. Og pizzaen kom paa bordet. Daeven kor salt han smakte. Etter kvart kjende eg ein kvalmande sterk fiskesmak og. Fram med menyen. Hm. Ikkje noko aglio, nei. Men det stod alice. Ansjos. Blaeh. Eg aat halve pizzaen, og Anne Kjersti tok meg med paa McDonalds og gjorde det godt igjen. :)


Turistbilete av Jardar som skodar ut over
Petersplassen frå kuppelen i Peterskyrkja.
I dag er det sundag, so me starta dagen kl. 10.30 med messe i Basilica di San Pietro (altso Peterskyrkja). Daa me ville ha pavens velsigning kl. 12, fekk me vita at berre roeysta hans ville verta kringkasta. Paven sjoelv var nemleg paa ferie paa eit slott like utanfor Roma. Daa gadd me ikkje staa ute i solsteiken, men gjekk inn att og ned i krypta der pavane ligg, m.a. han Peter (apostelen). Sidan gjekk me opp i kuppelen. Det sikstinske kapellet var diverre stengt.

Paa ein isbar etterpaa krangla kelnarane med kvarandre, so me bestemte oss for at dei skulle ikkje faa tips. Eg la att ein lapp der eg skreiv: "Il personale è arrabbiato, e ha litigato pubblicamente." Eg veit ikkje om det er heilt rett, men det skal tyda at personalet var sinte og krangla offentleg. So gjekk me.

Og her er det eg MAA nemna det eg har gloeymt aa nemna tidlegare, nemleg at eg faktisk fekk plass til italienskkurset i ryggsekken likevel! :) Glad er eg likevel for at me sende heim ein del bagasje fraa Fussen. (Tante Toril, me foerde opp deg som avsendar, berre so du veit det!)

So fann me denne nettkafeen. I morgon fer me vidare til Napoli, med nabobyen Pompeii.

No skal me lesa nyhende fraa NTB her paa maskina, so her kjem brevet sendandes.

Jardar
(med Anne Kjersti)


Date: Sun, 15 Aug 1999 17:59:46 +0200 (MET)
From: Jardar Eggesbø Abrahamsen <jardar@nvg.ntnu.no>
To: Publikum
Subject: Dracula

Og so stogga toget i Romania ved den stasjonen som grev Vlad Dracula hadde butt ved dersom det hadde funnest tog paa den tida!

Anne Kjersti og Jardar


Neste. -- Opp.