Date: Fri, 6 Aug 1999 01:05:31 +0200 (MET)
From: Jardar Eggesbø Abrahamsen <jardar nvg.ntnu.no>
To: Publikum
Subject: reisebrev: Berlin

Det er ein gul skjerm her paa Circus The Hostel i Rosa Luxemburg-Straße 39 i aust. Forviklingane byrja allereie daa eg skulle skriva oss inn. Paa skjemaet maatte eg fylla ut namnet paa den ektemaken min som var med meg. Nei, det stod ikkje NOKO om ven eller reisepartnar eller fiende eller noko slikt. Det var ektemake. So etter eit stutt frieri ved skranken skreiv eg henne inn som kona mi för ho rakk aa seia nei. Daa ho omsider sa nei, var personalet her nögde, og me kunne ingenting gjera enn aa heva trulovinga i det stille.

So kom me til romet vaart, som me altso leiger for 270 DM til saman i tre dagar (1149 kroner, del det paa to for to personar). Det er stort, er det! Og me har eige kjöken, eige bad og jamvel eigen altan. Nokon som vil koma paa vitjing? ;)

Me kom til Berlin onsdag ettermiddag, og kl. 19 mötte me Sonja Lohpens og kjärasten Sebastian (eller "Silli"). Sonjas familie er vener av min familie (lang historie, det byrja med nokre komplikasjonar etter at ein fyr med stutt bart kom til makta her i landet i 1933 og tok livet av seg nokre aar seinare). Me mötte òg Sonjas mor. Det var visst rörande for fleire av oss. Sist eg mötte Sonja, var i 1992, og mora var vel i 1991.


Anne Kjersti og polske Beata Baras.
Det maa elles rapporterast at U- og S-Bahn i Berlin gjeng i litt for mange plan til at det er spesielt enkelt aa finna fram paa stasjonane, särleg nokre av dei. Men me fann daa fram, og kom til Internationales Congres Centrum Berlin (huff for ei spraakblanding) torsdag föremiddag, og betalte heile 60 DM for ein eindagsbillett til Universala Kongreso de Esperanto.

Den fyrste av gamle kjenningar som eg mötte, var Aristo (Aristîds Medins, med komma under n-en og hake over s-en i etternamnet) fraa Riga. Det var fraa honom eg i dag fekk höyra at Agita (ho kjempesöte jenta fraa Riga som eg har hatt ein del kontakt med) baade har vorte kone og mor. Mor vart ho for eit halvt aars tid sidan.

Anne Kjersti har fylgjande aa seia om kongressen til no (Jardar siterer): "Eeeehhh... Ikke skriv naakka meir no. Döööö! Greitt!" Elles meinte ho at Torstein (Kvakland, leiar i Norsk Esperanto-Forbund) hadde rett daa han sa at eg er litt slem som kastar henne ut i dette utan at ho kan aa symja.

Sjölv maa eg seia at Anne Kjersti har gjort det bra til nybyrjar aa vera. Medan eg var paa toalettet, vart ho straks kontakta av ei jente fraa Polen som tykte at Anne Kjersi saag so hyggjeleg ut (og det er ho òg, altso). Det enda med at me vart inviterte til ein liten by i närleiken av Krakow. Me fär sjaa kva me gjer med det.

Elles har eg endeleg faatt kvitta meg med ein videokassett som eg har bore paa. Det er eit opptak fraa eit arrangement i Sverige i fjor (KEF), der eg hadde teke opp Torsten Bendias fraa Berlin. Han hadde bede om kopi, og det fekk han i dag.

Og daa kunne ein sjölvsagt tru at Jardar hadde faatt betre plass i ryggsekken sin. Men den gang ei. For Jardar fann snögt fram til Libroservo (bokhandelen paa kongressen) og kjöpte baade bibel, salmeböker, vitseböker og ei generell songbok (med m.a. Beatles) paa esperanto. Anne Kjersti maatte hjelpa meg med aa bera det attende hit etterpaa.

No skal me ha snoporgie paa romet. God natt!

Jardar


Neste. -- Opp.