Date: Wed, 4 Aug 1999 00:02:36 +0200 (MET)
From: Jardar Eggesbø Abrahamsen <jardar nvg.ntnu.no>
To: Publikum
Subject: reisebrev, Kaltenkirchen

Ja. No er me i Kaltenkirchen hjaa tante Toril (onkel Knut er i Bayern), og jammen er det ei utfordring aa skriva paa qwertz-tastatur...

Kva skal me fortelja? Me kom til Kristiansand fredag kveld, og der kom Anne Kjersti og venta paa meg paa rutebilstasjonen, der flzbussen (altso flybussen) kom. Daa kunne ho fortelja meg at dersom eg hadde gaatt av bussen noko tidlegare, so kunne eg ha spart meg saa ca. ein kilometers spasertur med tung rzggsekk (ryggsekk). (Den ryggsekken greidde forresten Anne Kjersti aa justera for meg nokre dagar seinare, slik at eg kunne bera han paa hoftene og ikkje paa skuldrane. Ho har teknisk innsikt, ho.)

Vel framme i Kristiansand kunne me ikkje gjera stort anna enn aa eta nokre brödksiver med banan og slikt, og so la me oss, for neste dag maatte me staa opp so tidleg at alle som kjenner meg, veit at det er umenneskeleg. Eg var jemvel den som maatte fyrst opp, kl. 05.45. Klokka 7 var me ved hurtigbaaten, for dei hadde sagt at me maatte vera der so tidleg, sjoelv om baaten ikkje gjekk foer kl. 08. Me sat og sov litt i ventehallen. So gjekk me om bord.

Det var isande kaldt der. So kaldt var det at me maatte leita etter andre stader aa sitja. Men daa me kom til Hirtshals to og ein halv time seinare, var det smeltedigel ute. So hadde me oppdaga dette litt för, so hadde me kanskje sete paa dekk og hatt det varmare. Men det vaaga me jo ikkje, for ute var det sikkert kaldt, ikkje sant?

Me reiste til Hjörring for aa byta tog. Eg bytte over til kortebukse òg. Hm, det same prövde Anne Kjersti, men daa ho kom paa jentedo, merka ho ei rar lukt. So saag ho ned, og oppdaga at heile golvet var fullt av avföring. Og jentene seier at me gutar skal sitja paa do???

Ho venta med klesbytet til Odense.

De kan tru me vart glade daa me oppdaga at det fanst ein vandrarheim like ved jarnbanestasjonen, slik at me kunne bu der og ikkje 2,5 km unna. Og de kan tru me vart skuffa daa me oppdaga at den velsigna vandrarheimen ikkje opnar för i september.

Me kom oss til den fjerne heimen, og som i Kristiansand var det heller ikkje her lov aa sova i sovepose. Me satsa likevel paa at det ikkje ville koma inspektörar midt paa natta, so... *hysj*


Jardar og H.C. Andersen.
I Odense fekk me med oss baade H.C. Andersens hus (som er eit hus som H.C. Andersen ikkje budde i) og H.C. Andersens barndomsheim (som han budde i). Neste morgon var det atter eg som maate staa fyrst opp, men no var det sundag, so eg sov heilt til kl. 07.15. (Anne Kjersti er litt streng paa dette, at det er eg som skal staa fyrst opp. Her i Kaltenkirchen har ho derimot staatt opp för meg, men det er berre fordi me söv paa kvar vaart rom, slik at ho ikkje kan kontrollera. No ler ho og seier at eg skulle höyrt kven som bad for meg i dag tidleg for at tanta mi ikkje skulle vekkja meg kl. halv elleve. Hm.) I alle fall la me ut paa ein joggetur med ryggsekk over 2,5 km (heldigvis er det ikkje so mange bratte bakkar i Danmark) til jarnbanestasjonen, der me hadde eit hav av tid og kom fram heile fem minutt för toget gjekk kl. 08.31.

Etter kvart kom me til byen Schleswig, der me gjekk til eit gamalt slott og saag myrlik. Det var m.a. ei 14 aar gamal jente der som hadde vorte kasta i myra for ca. 1900 aar sidan. Ho har sikkert hatt sine betre dagar i utsjaanaden, men var same kva altfor gamal for meg. (Kjetil Homme skal ha takk for at han i si tid stempla meg som spraakleg nekrofil, men det finst daa grenser.)

Seinare same kveld kom me til Neumünster, der tante Toril henta oss paa stasjonen og köyrde oss hit til Wagnerstraße 1.

I gaar var det maandag. Daa var det 28,5 grader i skuggen (og over 50 i sola, termometeret gjekk ikkje so högt). Daa det hadde vorte litt kjölegare (ca. 27 grader), tok me toget inn til Hamburg, og traska omkring vel og lenge for aa finna oppblaasbar nakkepute til Anne Kjersti (deretter is, aaaaaah, eg er so flink!). Og endeleg fekk me med oss vassorgelet! (Sist eg var i Planten un Blomen, saann i 7-aarsalderen, kom me litt for seint til vassorgelet, etter det eg hugsar. Mamma fär retta meg dersom eg hugsar feil.) Vassorgelet var eit nydeleg skode. For dei som ikkje har höyrt om dette fenomenet, so er det altso musikk (klassisk) som vert spela paa store högtalarar, og ute i vatnet er det laga til ei fontene med masse ljos og vatn som er "koreografert" etter musikken. Ljoset kjem i mange fargar.

I dag har det vore like varmt som i gaar (eller ei grad kaldare), og me har vore heime og slappa av. I morgon vert det visst torevêr, men daa fer me vidare til Berlin, der det er spaatt 31 grader i skuggen...

I Berlin er det esperantokongress. Han byrja paa laurdag, so me fär med oss dei siste faa dagane. No skal me faa sjaa kor flink Anne Kjersti har vorte i esperanto.

Me har ikkje tenkt aa reisa kvar vaar veg i rasande sinne enno, om nokon hadde lurt paa det. Men dersom me skulle koma bort fraa kvarandre, so har me avtalt aa mötast der me sist saag kvarandre. So gjeld det berre aa hugsa kvar me sist saag kvarandre (eller for meg: aa finna vegen, eg som gjekk meg bort etter tre aar i Volda). Til no har eg funne tilbake begge gongene...

No sit me her paa loftet, og termometeret viser 29,8 grader (puh, det har gaatt ned 0,2 grader sidan i stad!). Det er nok paa tide aa bysselalla. Anne Kjersti og tante Toril har nemleg bestemt at eg skal opp kl. 9 i morgon tidleg.

God natt!

Jardar
(med Anne Kjersti som ivrig diktator bak högre skulder)


Neste. -- Opp.