Nils Utne er avliden, 77 år gamal, og Grupo Esperantista de Trondheim (GET) har mist ein vyrd og avhalden medlem.
Nils Utne var fødd i Hardanger, men kom til Trondheim som student i 1945. Ein av dei fyrste gongene han var i byen, vart han stogga av ein mann som hadde lagt merke til at denne tilreisande framandkaren hadde ei lita, grøn stjerne på jakka si. Mannen hadde kjent att esperantosymbolet, og slo av ein prat med Utne på esperanto. Fyrst etter ein lang samtale kom dei på å spørja kvarandre om kvar dei kom frå. Det viste seg då at begge var frå Noreg. Mannen som hadde oppdaga den grøne stjerna til Utne, var GET-medlemen Erling Peder Næss.
Etter dette tidlege møtet med esperantomiljøet i Trondheim har Nils Utne sete i mange verv både i både lokal, nasjonal og internasjonal esperantorørsle.
Nils Utne har fungert som medlem av styringskomiteen til det internasjonale esperantoforbundet UEA. Og i heile 43 år (1953-1995) hadde han verv i UEAs delegatnett.
Her heime fungerte han som rådgjevar for styret til Norsk Esperanto-Forbund i ei årrekkje. Han var ein trugen deltakar på landsmøta til forbundet, og vart ofte brukt som dirigent. Ja, så ofte skjedde dette at han ved eit høve ytra at han slett ikkje hadde lyst til å reisa på landsmøtet det året, for han var lei av å verta vald til dirigent.
I tillegg var han lenge brevkurslærar for Norsk Esperanto-Forbund, og dertil medlem av den lokale eksamenskommisjonen i Trondheim.
I GET hadde han fleire verv i styre og komitear over ein periode på førti år. I 1948 fekk han det fyrste styrevervet sitt her, då som sekretær. Fyrste året hans som leiar i klubben var 1957, sidan var han nestleiar i 1958-62 og 1970-72. Frå 1973 var han leiar igjen, og det var han til utgangen av 1987.
På 1980-talet opplevde Nils Utne at fleire av veteranane i klubben gjekk bort. Samstundes kom det på stutt tid mange yngre krefter til, og i 1988 kunne han med godt samvit sjå at ein ny generasjon esperantistar tok over styret i klubben.
Med eitt var GET no ein klubb med urøynd ungdom både i styret og i den aktive medlemsmassen. Men om Nils Utne ikkje formelt hadde noko verv lenger, vart han ein uvurderleg rådgjevar for den nye generasjonen. Han var den som sat med den organisatoriske kompetansen. Og han var den som sat med språkkompetansen, og som me kunne spørja når det var noko me følte oss usikre på.
Språkkompetansen hans var òg viktig for arbeidet med den nye norsk-esperanto-ordboka som klubben arbeider med. Såleis sat han i fleire år i ordbokskomiteen i klubben. Så seint som 2. mars i år hadde han med seg korrekturutskrifter til klubbmøtet, og orienterte om formatet på databasen.
Føredraga hans på klubbmøta var godt førebudde, og gjerne med lysbilete som illustrasjonar. Emna for føredraga kunne variera veldig, med alt frå Unesco, via flora og reintrekkruter i Jotunheimen, til typografi og konstruksjon av stavkyrkjer.
Nils Utne var òg den som kunne fortelja den nye generasjonen om historia til klubben. Han var på eit vis minnet vårt. Under 50-årsjubileet til GET i 1957 var det han som heldt festtalen. Førti år seinare feira GET 90-årsjubileet sitt. Styret hadde då bede den same Nils Utne om å halda ein tale om klubbhistoria under festmiddagen. Det vart ein fengjande tale med mange spanande detaljar. Han avslutta talen ved å æra alle dei som opp gjennom åra hadde gjeve klubben liv.
Etter talen var det Nils Utne sjølv som vart heidra. Etter vedtak på årsmøtet nokre månader før vart Nils Utne gjord til den femte æresmedlemen i soga til klubben. I grunngjevinga vart det lagt vekt på Utnes «store bidrag til esperantobevegelsen generelt og GET spesielt». Og vidare: «For nye medlemmer i GET representerer Utne et bindeledd mellom generasjonene og kontinuiteten i klubben. Han har også vært en viktig ressursperson for opplæring i språket og overføring av kunnskap til nye generasjoner av esperantister.»
[Norvega Esperantisto 3?/1999]
Nils Utne naskigxis en la regiono Hardanger, sed venis al Trondheim kiel studanto en 1945. Dum unu el liaj unuaj vizitoj al la urbo, subite ekparolis al li per Esperanto fremda viro, kiu jxus vidis la verdan stelon. Nur post kelka tempo ili demandis unu la alian, el kie ili venis. Montrigxis, ke ambaù estis norvegoj. La viro, kiu ekvidis la verdan stelon de Nils Utne, estis GET-ano Erling Peder Næss.
Post tiu frua renkonto kun la trondhejma esperantistaro Nils Utne havis multajn Esperantajn postenojn, kaj loke, nacie kaj internacie.
Nils Utne funkciis kiel komitatano A de UEA. Kaj dum plene 43 jaroj (1953-1955) li anis al la Delegita Reto.
En Norvegio li estis konsilanto por la estraro de NEL dum multaj jaroj. Li fidele partoprenis la landajn kongresojn, kaj ofte prezidis ilin. Tiom ofte li elektigxis kunvena prezidanto, ke unu fojon li menciis, ke li ne sxatus iri al la landa kunveno tiun jaron, cxar li ne volis riski esti elektata kiel kunvena prezidanto.
Aldone li longe estis instruisto de la koresponda kurso de NEL, kaj krome membro de la loka ekzamena komisiono en Trondheim.
En GET li posedis multajn postenojn en estraro kaj komitatoj dum periodo de 40 jaroj. En 1948 li elektigxis sekretario. Lia unua jaro kiel prezidanto estis 1957, poste li estis vicprezidanto en 1958-62 kaj 1970-72. Ek de 1973 li denove estis prezidanto, kaj restis en tiu posteno gxis la fino de 1987.
En la 1980-aj jaroj Nils Utne spertis, ke pluraj el la veteranoj de GET forpasis. Samtempe dum malmultaj jaroj alvenis pluraj junuloj, kaj en 1988 li kun bona konscienco povis konstati, ke nova generacio transprenis la estraron.
Subite GET nun estis klubo de senspertaj junuloj kaj en la membraro kaj en la estraro. Sed kvankam Nils Utne ne formale havis postenon, tamen li farigxis valorega konsilanto por la nova generacio. Li estis tiu, kiu havis la organizan scipovon. Kaj li estis tiu, kiu havis la lingvan scipovon. Lin ni povis demandi, kiam ni pri io bezonis klarigon aù konsilojn.
Lia lingva scipovo estis grava ankaù por la laboro pri la nova vortaro norvega-Esperanta, pri kiu okupigxas GET. Do li dum pluraj jaroj estis ano de la vortara komitato. Tiom malfrue kiom la 2an de marto li dum kluba kunveno disdonis korektotajn elskribajxojn, kaj li klarigis pri la formato de la datumbazo.
Liaj prelegoj dum la klubkunvenoj estis bone kaj detale preparitaj, kaj ofte akompanataj per lumbildoj. Liaj temoj etendigxis de Unesko, tra floraro kaj boacmigrado en Jotunheimen, gxis tipografio kaj konstruado de fostaj pregxejoj.
Nils Utne ankaù estis tiu, kiu povis rakonti al la nova generacio pri la historio de la Grupo. Li iel estis nia memoro. Dum la 50-jara jubileo de GET en 1957 li donis la festparoladon. 40 jarojn poste GET festis sian 90-an datrevenon. La estraro estis petinta la saman Nils Utne paroladi dum la jubilea festeno pri nia historio. Estis inspira parolado, kun multaj interesaj detaloj. Li finis sian paroladon honorante cxiujn, kiuj kontribuis al la vivo de la Grupo.
Post lia parolado li mem estis honorata. Laù decido de la jarkunveno kelkajn monatojn pli frue Nils Utne farigxis la kvina honora membro en la historio de GET. En la pravigo oni emfazis (mia traduko el la norvega) «la grandan kontribuon de Utne al la Esperanto-movado gxenerale kaj al GET precipe.» Plue: «Por novaj membroj en GET Utne reprezentas ligilon inter la generacioj kaj la kontinuecon de la klubo. Li ankaù estas grava kapablulo por la lingva lernado kaj por la transigo de scioj al novaj generacioj de esperantistoj.»