Lasse Odd Eggesbø

17.4.1970 - 29.10.1992

[Sunnmørsposten og Vestlandsnytt, 3.11.1992]

«Vil du ha?» Han rekte fram øskja med snop og såg på meg. Eg takka ja og plukka til meg eit drops.

Slik hugsar eg Lasse. Me var berre born den gongen, og det er den tida som sit sterkast att i minnet.

Lasse og eg var fødde med berre nokre dagars mellomrom. Seks gutar kom til verda i bygda vår det året, og alle gjekk me i same klassa på skulen.

Fødselsdagane til Lasse var alltid morosame. Eg hugsar at me brukte å lage pengar då, me teikna og klipte ut setlar frå kvitt papir, før me stilde oss i kø ved kjøkendøra for å kjøpe potetgull og gelé. Etter festen gjekk me gjerne ut og leika oss. Eg hår etter at me gjorde det på - det må ha vore elleveårsdagen hans - og fine klede til trass klatra me i trea og sprang etter vegane, dersom me då ikkje sykla.

«Lasse kasse,» sa han ein annan gong: «Høyre du, ej kallja mej sjøl, ej.» Ja, sjølvironi hadde han, og humor. Der andre gjerne ville ha datamaskina til å arbeide raskare, var Lasse den som fekk henne til å setje farten ned, berre fordi det var artig. På klasseturen til Austlandet i slutten av niandeklassa budde dei fleste av oss frå Eggesbøneset på same hytta. Eine kvelden la han ei halvtom brusflaske i fryseboksa, og då morgonen kom, gjorde me oss ein inspeksjon inn på nabohytta, der det hadde vore fest den natta. So sein hadde den festen vore at me ikkje greidde å vekkje dei som sov, men Lasse stappa flaska godt ned i dyna til ein av dei, stakaren gav frå seg eit kaldt sukk, snudde seg, og sov like tungt vidare.

Og kven hugsar vel ikkje kaiene på Eggesbøneset, korleis me gøymde oss under dei når det var fjøre, og var overtydde om at det eigentleg var røvarar som heldt til der. Men nokon skatt fann me aldri.

Etter ungdomsskulen såg eg Lasse berre ein gong imellom. Då me tok lappen, hende det seg at me hadde køyretimar saman, og då me køyrde opp, var det i same bil og til same tid.

Verda er annaleis no. No er det ei verd utan Lasse. Bodskapen kom brått og uventa, og me er mange som føler tårene.

Lasse vart 22 år.

Jardar