PRESSEMELDING

Trondheim, tysdag 31.5.1994

Bokmålssaka ved Universitetet i Trondheim klaga til riksadvokaten

Hausten 1993 melde me høgskuledirektør Kjell Næsje ved Noregs tekniske høgskole og høgskuledirektør Torkill Løvli ved Den allmennvitskaplege høgskolen til politiet for brot mot tenestepliktene sine. Dei hadde brote Lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste ("mållova") ved at det var mange skjema ved universitetet som låg føre berre på den eine målforma (bokmål). Dette er i strid med pgf. 8, fjerde lekk i den lova: "Skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer." Meldingane var dei fyrste av sitt slag sidan 1930-talet.

Me såg på lovbrota som brot mot tenesteplikter. Jf. pgf. 4 i mållova: "Tilsette i embete eller statstenestepost der skriftleg utforming er ein del av tenesta, pliktar å nytte bokmål og nynorsk etter dei reglane som til kvar tid gjeld for målbruken i statstenesta." Direktørane vart melde som administrativt ansvarlege ved kvar sin høgskule.

Kyrkje- og undervisningskomiteen i Stortinget har i Innst. S. nr. 17 (1992-93) kopla mållova og tenestemannslova med kvarandre, og dei slår også fast at "det må stillast same krav til oppfølgjing av mållova som til lover elles".

Kyrkje-, utdannings og forskingsdepartementet har fleire gonger bede Universitetet i Trondheim om ikkje å bryta mållova, og i eit rundskriv frå 1987 frå Kultur- og vitskapsdepartementet (gjenteke i 1988) vert ansvaret for den språklege jamstellinga lagt til "kontoret eller avdelinga for administrative fellessaker". Der er målform på skjema nemnt eksplisitt.

Begge meldingane vart lagde bort av politiet "fordi forholdet ikkje er straffbart": Og rett nok har ikkje mållova eigne strafferåmer, men me hadde meldt direktørane etter tenestemannslova (4. mars 1983 nr. 3), jf. pgf. 14: "En embetsmann (...) eller tjenestemann (...) kan ilegges ordensstraff for (...) overtredelse av tjenesteplikter eller unnlatelse av å oppfylle tjenesteplikter." Me meinte derfor at meldingane hadde vorte lagde bort på feil grunnlag. Dette var grunnen til at me klaga bortleggingane til statsadvokatane i Trondheim.

Statsadvokat Arne K. Uggerud har no teke føre seg saka og slege fast at han er samd med politiet. Dette skulle tyda at mållova ikkje vert klassifisert som tenesteplikter som vert råka av tenestemannslova.

Slik me ser det, må påboda i mållova klassifiserast som tenesteplikter. Me viser her til pgf. 4 i mållova, som me har sitert over. Vedtaket til statsadvokaten må då tolkast slik at lovpålagde tenesteplikter ikkje er så viktige som andre tenesteplikter. Me tykkjer dette er noko tungt å svelgja, og at det er ein noko underleg konklusjon frå ein statsadvokat. Vedtaket reiser prinsipielle spørsmål om det norske lovverket generelt, om kor mykje ein skal bry seg om det Stortinget har gjort vedtak om.

Me har no klaga avgjerda frå statsadvokaten inn for riksadvokaten.

Ei så langvarig og einsidig neglisjering av mållova frå universitetshald røyver sterkt ved det språklege sjølvverdet til fleire hundre tusen nordmenn, spesielt når ein ikkje eingong gidd å retta seg etter pålegg frå departementet. Det er det same som å seia at nynorsk vil ein ikkje ha noko av ved Universitetet i Trondheim.

No er det ikkje eineståande at ein statsinstitusjon bryt mållova. Det er vanleg at dei som har nynorsk som primært uttrykksmiddel, ikkje har dei same de facto-rettane som bokmålsbrukarar, trass i at dei to språka har vore jamstelte i 109 år. Dette er truleg òg ei av dei lovene som vert mest brotne av alle i det norsk lovverket, men også mellom dei som har den lågaste straffeprosenten: null.

Jardar Eggesbø Abrahamsen er hovudfagsstudent ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Universitetet i Trondheim. Sjur Nørstebø Moshagen er cand.philol. og prosjektassistent ved Lingvistisk institutt same stad.

   Jardar Eggesbø Abrahamsen                 Sjur Nørstebø Moshagen
   hybeltelefon: 73 93 58 05                 bustadtelefon: 73 52 68 36
   personsøkjar (10 siffer): 96 62 50 65     arbeid: 73 59 83 14