PRESSEMELDING

Trondheim, onsdag 27. oktober 1993

UNIVERSITETET I TRONDHEIM, NTH, MELDT TIL POLITIET

Underskrivne Jardar Eggesbø Abrahamsen og Sjur Nørstebø Moshagen har i dag meldt Noregs tekniske høgskole, Universitetet i Trondheim (UNIT-NTH) ved høgskuledirektør Kjell Næsje til politiet. Bakgrunnen for dette er at NTH kontinuerleg har brote Lov 11. april 1980 nr. 5 (om målbruk i offentleg teneste), som m.a. krev at skjema "skal liggje føre på begge målformer". Ved UNIT-NTH finst fylgjande skjema berre på den eine av dei to norske målformene:

Den målforma som er den einerådande i skjemaa, er bokmål. At det såleis er mangelen på nynorske skjema som har ført til meldinga, er likevel ikkje tilfeldig. Det er tradisjon i det norske offentlege livet for at bokmålsbrukarar, som rett er, får bruka språket sitt utan å møte hindringar. Derimot må nynorskbrukarar stadig arbeida på eige initiativ for å oppnå dei same rettane - dette trass i at dei to målformene har vore jamstelte i 108 år (sidan 1885), og trass i at den nemnde lova frå 1980 i 13 år har kravt likeverd for dei to språka.

Derfor er det me har meldt lovbrotet til politiet. Eit universitet skal ikkje vera avhengig av sjølvutnemnde vaktbikkjer som på eige initiativ gjer dei ansvarlege merksame på at universitetet bryt lova. Universitetet bør ved eigne krefter klara å halda seg til norsk lov, og det skal vera sjølvhjelpt automatikk i lovlydnaden. Det ligg mykje symbolikk og ein sterk signaleffekt i det når lovbrytaren er eit universitet. Ein må vel kalla det illustrerande når eitt av dei nemnde skjemaa ("Bestilling av NTUB lånekort") er på to språk: bokmål og engelsk.

NTH ved høgskuledirektøren fekk den 6. oktober tilsendt eit brev frå underskrivne om saka, der me bad om at NTH skulle byrja å fylgja lova før 27. oktober. I eit svar dagsett 26. oktober skriv studiedirektoer Odd Lauritzen ved skasførehavar Odd Taksgaard m.a.: "Høgskolen er sjølvsagt klar over at vi har to målformer. Vi er og klar over korleis dei skal nyttast." Brevet inneheld ikkje nokon lovnad om betre lovlydnad.

Den 22. september i aar melde me UNIT-AVH (Den allmennvitskaplege høgskulen) til politiet i ei identisk sak. Etter det me kjenner til, var dette den fyrste gongen at ein offentleg institusjon vart meld til politiet for brot på denne lova.

Meldinga av AVH, jamstellingsvedtaket fraa 1885, lova frå 1980, den generelle spraakdebatten i Noreg og brevet av 6. oktober burde ha gjeve NTH-leiinga nok av tid og høve til å ordna på forholda, ikkje minst når svaret frå NTH av 26. oktober viser at høgskulen kjenner pliktene sine.

Sjur Nørstebø Moshagen (frå Trondheim, fødd 1966) studerer til hovudfag i lingvistikk (språkvitskap) ved Universitetet i Trondheim, og Jardar Eggesbø Abrahamsen (fraa Eggesbønes i Møre og Romsdal, fødd 1970) studerer sameleis til hovudfag i nordisk same stad.

Jardar Eggesbø Abrahamsen                       Sjur Nørstebø Moshagen
Stokkanhaugen 104                               Frode Rinnans veg 195
7048 Trondheim                                  7035 Trondheim

hybeltlf.: 73 93 58 05                          hybeltlf.: 73 88 88 16

I kontortida vil Jardar Eggesboe Abrahamsen truleg vera tilgjengeleg via
Nordisk institutt: - tlf.: 73 59 64 10
                   - faks: 73 59 64 11