PRESSEMELDING

Trondheim, onsdag 22. september 1993

UNIVERSITETET I TRONDHEIM, AVH, MELDT TIL POLITIET.

Underskrivne Jardar Eggesbø Abrahamsen og Sjur Noerstebø Moshagen har i dag meldt Universitetet i Trondheim, Den allmennvitskaplege høgskolen (UNIT-AVH) ved høgskuledirektør Torkill Løvli til politiet. Bakgrunnen for dette er at AVH kontinuerleg har brote Lov 11. april 1980 nr. 5 (om målbruk i offentleg teneste), som m.a. krev at skjema ved statsorgan "skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer". Ved UNIT-AVH finst fylgjande skjema berre på den eine av dei to norske målformene:

Skjemaet "Bestilling av eksamensutskrift" gjev heller ikkje høve til å velje målform på utskrifta.

Den målforma som er den einerådande i skjemaa, er bokmål. At det såleis er mangelen på nynorske utgåver som har ført til meldinga, er likevel ikkje tilfeldig. Det er tradisjon i det norske offentlege livet for at bokmålsbrukarar, som rett er, får bruke språket sitt utan å møte hindringar. Derimot må nynorskbrukarar stadig arbeide på eige initiativ for å oppnå same rettane - dette trass i at dei to målformene har vore jamstelte sidan 1885, og trass i at den nemnde lova frå 1980 krev likeverd for dei to språka.

Derfor er det me har meldt lovbrotet til politiet. Det skal ikkje vere naudsynt å føre ein stadig kamp som sjølvutnemnde vaktbikkjer for å oppnå sjølvsagde og juridisk definerte rettar til å bruke sitt eige språk, som attpå alt er eit offisielt norsk språk.

Høgskuledirektør Løvli fekk den 20. januar i år ein uformell telefon frå ein lokal medlem i Norsk språkråd om eitt av dei nemnde skjemaa, og straks etter fekk han den same meldinga skriftleg gjennom internposten på AVH. I lys av dette, saman med jamstellingsvedtaket frå 1885 og den 13 år gamle lova frå 1980, tykkjer me at AVH har hatt meir enn nok tid på seg til aa kome seg på lovlege vegar, og me ser det som rein slappskap at ein offentleg institusjon som UNIT-AVH ikkje automatisk og ved eiga hjelp held seg til norsk lov.

Sjur Nørstebø Moshagen (fødd 1966) studerer til hovudfag i lingvistikk (språkvitskap) ved Universitetet i Trondheim, og Jardar Eggesbø Abrahamsen (fødd 1970) studerer sameleis til hovudfag i nordisk språk same stad.

Jardar Eggesbø Abrahamsen               Sjur Nørstebø Moshagen
Stokkanhaugen 104                       Frode Rinnans veg 195
7048 Trondheim                          7035 Trondheim
  tlf. 07 93 58 05                        tlf. 07 58 88 16

(Telefonnumra er heimenummer på studiestaden, ikkje til Universitetet.)