PRESSEMELDING

Trondheim, tysdag 2. november 1993.

AVH-DIREKTØREN MELD TIL POLITIET IGJEN.

Underskrivne melde 22. september Den allmennvitskaplege høgskolen (AVH), representert ved høgskuledirektør Torkill Løvli, til politiet for brot på Lov 11. april 1980 nr. 5 (om målbruk i offentleg teneste), sidan ei heil rekkje skjema låg føre på berre ei målform (bokmål). I brev av 25. oktober skriv Trindheim politikammer at saka er lagd bort fordi forholdet ikkje er straffbart. Lova har ikkje strafferåmer.

I dag melde me Løvli til politiet for det same brotsverket, men denne gongen med krav om tiltale og straff etter Lov 4. mars 1983 nr. 3 (tenestemannslova).

I Innst. S. nr. 17 (1992-93) koplar Kyrkje- og undervisningskomiteen mållova med tenestemannslova, samstundes som dei skriv at "det må stillast same krav til oppfølgjing av mållova som til lover elles".

Den 27. oktober melde me Noregs tekniske høgskole (NTH) ved høgskuledirektør Kjell Næsje til politiet i ei identisk sak. I den meldinga kravde me tiltale og straff etter tenestemannslova.

Me ser på det som alvorleg at Universitetet i Trondheim (anten det er AVH eller NTH) bryt norsk lov. Lovlydnaden bør vera automatisk, og av eit universitet skulle me ha venta noko betre enn dette.

Jardar Eggesbø Abrahamsen		Sjur Nørsteboe Moshagen