PRESSEMELDING

Trondheim, tysdag 18.1.1994.

BORTLEGGINGA AV AVH-SAKA KLAGA TIL STATSADVOKATEN

2. november i fjor melde me høgskuledirektør Torkill Løvli ved Den allmennvitskaplege høgskolen (AVH), Universitetet i Trondheim, til politiet for brot på mållova (11. april 1980 nr. 5): Fleire skjema ved AVH ligg føre berre på bokmål. Me melde Løvli etter tenestemannslova (4. mars 1983 nr. 3), fordi han som administrativt ansvarleg ved AVH har plikt til å passa på at mållova vert halden.

I brev av 6. januar melder Trondheim politikammer at saka vart lagd bort 13. november fordi forholdet ikkje er straffbart.

Me har i dag klaga bortlegginga til statsadvokaten. Rett nok har ikkje mållova eigne strafferåmer, men då me melde Løvli, var det med krav om tiltale og straff etter tenestemannslova, og den lova opnar for straff. Bortlegginga har dermed vorte gjord på grunnlag av feil lov. I Innst. S. nr. 17 (1992-93) har Kyrkje- og undervisningskomiteen i Stortinget kopla dei to lovene med kvarandre, og slær samstundes fast at "det må stillast same krav til oppfølgjing av mållova som til lover elles".

Me har tidlegare meldt NTH-direktør Kjell Næsje i ei identisk sak. Den meldinga vart lagd bort av same grunn som denne, og vart i desember òg klaga til statsadvokaten.

Universitetet i Trondheim fekk so tidleg som i november 1992 brev frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet med pålegg om å ikkje bryta mållova. Dette til trass vert altso mållova framleis broten.

Det er eit gjennomgåande trekk ved norske statsorgan at dei bryt mållova. Når me har meldt akkurat desse to høgskuledirektørane, er det meir eller mindre tilfeldig, i den grad det er tilfeldig at det er her me bur. Meldingane er av prinsipiell karakter, og er dei fyrste av sitt slag. Me ser dessutan strengt på den signaleffekten det har at det er eit universitet som bryt mållova. Ei slik gjennomførd ignorering av denne delen av det norske lovverket vil vera likeverdig med å seia at nynorsk vil me ikkje ha noko av på Universitetet i Trondheim.

Jardar Eggesbø Abrahamsen er hovudfagsstudent ved Nordisk institutt, Universitetet i Trondheim. Sjur Nørstebø Moshagen er prosjektassistent og uteksaminert hovudfagsstudent ved Lingvistisk institutt same stad.

Jardar Eggesbø Abrahamsen                     Sjur Nørstebø Moshagen
Stokkanhaugen 104                             Frode Rinnans veg 195
7048 Trondheim                                7035 Trondheim

tlf. 73 93 58 05 (hybel)                      tlf. 73 88 88 16 (hybel)
     73 59 64 10 (Nordisk institutt)               73 59 83 14 (arbeid)

faks 73 59 64 11 (Nordisk institutt)