(Dette innlegget skreiv eg etter at ein huseigar stod fram i avisa med at han nekta å leiga ut eit husvære til folk med ein mørkare hudfarge.)

Fargar og øyre

Ein professor ved Universitetet i Trondheim budde ei tid i England. Ein dag spurde han borna sine kor mange klassekameratar dei hadde som var mørke i huda. Nei, det hadde dei ikkje lagt merke til. Men krulla hår, derimot, dét visste dei kven hadde.

Med andre ord: For desse borna var frisyren viktigare enn hudfargen. Og me kan saktens lure på kva som fær oss menneske til å velje akkurat hudfargen som det primære skiljet mellom oss. Kvifor ikkje noko anna arveleg? Kvifor ikkje augefargen eller hårfargen?

Om ein hevdar at det er naturleg å velje hudfargen som skiljande trekk, so bommar ein. Det er nok å vise til dei frisyrefokuserte borna. Å velje hudfargen er ikkje objektivt.

Men no kom me bort på eit artig ord: frisyrefokusert. Er det der svaret ligg? Truleg ja. Det heile er eit spørsmål om kva me fokuserer på, kva me vel oss ut som viktig. Og dét varierer!

Peter den store av Russland la i si tid ikkje so stor vekt på hudfargen. Han var meir oppteken av skjegg. Han la ned forbod mot skjeggvekst, folk vart tvangsbarberte, og berre nokre få fekk spesialløyve til å late skjegget gro.

I vårt eige land var det lenge fokusert på kva klede folk hadde på seg på underkroppen. Det er det framleis, men med ein viktig skilnad: Medan mennene ikkje lenger hev monopol på bukser, er det nok framleis ei stund til alle gjeng i kjole. Men skottane kan gå i kilt.

Kva er det då som gjer hudfargen so viktig? Er det fordi han er spesielt tydeleg? Rett nok ikkje so tydeleg som buksa.

Utståande øyre er òg tydelege, og folk med utståande øyre vert gjerne erta. Men det tykkjer me likevel er gale.

Om no hudfargen absolutt skal vere so sentral når me vurderer medmenneska våre: Kvar skal grensa gå? Folk vert gradvis mørkare til lenger sør me kjem, men kva tid er dei mørke nok til at det vert viktig?

I sumar presterte eg å verte solbrend på albogane. Held dét? Han som eg åt pizza saman med, var frå Togo i Afrika. Me snakka same språk, åt same pizzaen, hadde omtrent same hårfargen, var opptekne av det same, berre hudfargen var ulik.

Jamfør fylgjande utsegn: «Dei to naboane hadde mykje sams, og var eigentleg likande karar begge to. Dei kunne jamvel ha vorte gode vener, om det ikkje hadde vore for éin ting: Den eine hadde utståande øyre.»

Det tyske tidsskriftet Der Spiegel presenterte for nokre år sidan ei undersøking om framandfrykt og framandhat. Det viste seg at det var stort samsvar mellom kjennskap til og haldningar andsynes innvandrarar. Folk som hadde innvandrarar som naboar og arbeidskameratar, var positive. Dei som hadde noko imot innvandrarane, var helst folk som ikkje hadde kontakt med dei.

I Tyskland budde det ein mann for nokre år sidan. Han sorterte folk ikkje berre etter hudfarge, men òg etter naseform, sa han. Skjegget såg han bort ifrå.

Personleg sorterer eg folk etter kor greide dei er. Og eg hev kome til det at folk flest er både kjekke og greide.

Jardar Eggesbø Abrahamsen