FlP

Det ligg noko informasjon frå eit norsk parti oppunder nasa mi. Eg skal ikkje nemne namn, det torer eg ikkje. Men eg kan seie at det truleg er det einaste blå partiet som hev laga seg ein raud logo. Eg skal ikkje kommentere her kva eg fekk då eg blanda raude og blå vassfargar her om dagen, men fint vart det i alle fall. Ja ja. Dette partiet ynskjer sikkert å halde seg flytande, so for å gjere det kort, so skal eg kalle det for Flytepartiet, avstytt FlP.

FlP er eit nauta bra parti, for ikkje å seie «bla parti», og eg er svært samd med dei i mykje. Dei hev i alle fall like god tru på dissa heidne herøyværingane som eg, ettersom dei på fyrste tekstsida set seg som mål å «arbeide for at de moralske og etiske verdier blir gjenoppbygget». Rett nok «med basis i det kristne livssyn», og at dét trengst i ein kommune som Herøy, dét skal eg seie meg hjartans samd i.

Vidare kan FlP som det einaste partiet slå dundrande fast at dei skal seie «JA!» til det meste mellom himmel og jord (les: i Herøy), so sant det ikkje må «tas hensyn til spesielle forhold», som det so elegant er formulert. Ja, det er so visst ingen vanleg tanke at ein skal seie «nei» når noko talar imot eit «ja», er det vel?

Men det beste av alt er kulturpolitikken deira. Lat meg fyrst vise til fylkesvalprogrammet. Etter å ha gjort greide for kva alle andre parti meiner om både ditt og datt (svært opplysande, tusen takk), definerer dei sitt eige kultursyn. Kulturen skal styrast av marknadsøkonomien.

Det er i og for seg ikkje so originalt å sjå på kulturen som ein del av kapitalsystemet. Dét var noko som allereide Marx fann ut. Men medan kommunistane var for dumme til å måle alt i pengar, so hevar FlP seg over amatørane Lenin og Stalin og vert endå meir tru mot Marx enn det russarane nokon gong hev vore. Kultur er ei handelsvare! Og viss det vert underskot, må verksemda nedleggjast. Ja, dersom ein ikkje er rik nok til å subsidiere kulturen sin sjølv, då. I alle fall er det ikkje det offentlege som skal sløse bort pengar på slikt.

Heilt i tråd med dette meiner både eg og Herøy Flyteparti at kultur er viktig og må støttast. FlP meiner at det er meiningslaust å bruke pengar på ein «finkultur som egentlig svært få ønsker». Tvert imot vil dei «tilstrebe å komme frem til en sammensetning av kulturtilbud som hele folket kan være fornøyd med». Dét greier dei sikkert fint, flytarane. Ut med dei tusen minoritetane og inn med flokk-kulturen! Eg veit ikkje korleis dét skal gå til, men eg er heilt samd! Dersom ingen hadde sin eigen kultursmak, so hadde alt vorte so mykje billegare!

Lat meg nok ein gong streke under at Flytepartiet vil støtte «kulturtiltak som har livets rett». I praksis må dette vere lag og organisasjonar som er store nok til å klare seg utan offentleg sløseri. For hadde dei vore avhengige av subsidiar, ja so hadde dei slettes ikkje hatt livsens rett mellom marknadskreftene.

Eller kanskje eg tek feil. Kanskje FlP vil støtte all kultur som ikkje er finkultur, same kor dyrt det vert. Eg veit ikkje. Eg lærde aldri noko på skulen om kva «finkultur» er.

Då er det jammen bra at FlP vil styrkje skulen! Ja, me treng verkeleg ein betre skule. Ikkje minst ser me det på FlP-brosjyra. Opp og nedføre flyt det av tillitsvekkjande feilstavingar, dels henta frå dansk, dels frå nynorsk, dels frå andre plassar. FlP er t.d. det einaste partiet som meir eller mindre (in)konsekvent snakkar om «nærvøsitet blandt de fødende».

Ja, lat oss vone at flest mogleg stemmer FlP. Dét partiet er det einaste som brukar flosklane rett, og det er få som er so støde i inkonsekvent og dårleg språkføring som dei. Og so er dei so djupttenkjande. Slike styresmenn vil me ha! Og er me mange nok som røystar på dei, so held dei seg sikkert flytande eit stykke til. Men då helst på overflata, utan å gå til botnar. På fast grunn kan det vere lett å drukne.

Jardar Eggesbø Abrahamsen