Re: Gutter og signaler de sender ut..??????????
From: jardar@nvg.unit.no (Jardar Eggesbø Abrahamsen)
Newsgroups: no.alt.frustrasjoner
Subject: Re: Gutter og signaler de sender ut..??????????
Date: 28 Oct 1998 14:41:59 GMT
Message-ID: <717afn$6bj$1@due.unit.no>
In article <36372671.1235474697@news.online.no>,
Geir Danielsen wrote:
>Problemet ditt er at du velger stilige, coole gutter, tror jeg. Velg
>en dust neste gang. En som setter andre enten foran eller sidestilt
>med deg selv gjør mye teit (fordi man ikke vet hva andre tenker), mens
>en som tenker på seg selv først konstant virker kontrollert, behersket
>og svært verdensvant (selv om det ikke trenger være tilfelle i det
>hele tatt.)
Du er inne på noko i det du skriv om dustar, men eg veit ikkje om eg deler
rådet som du gjev henne, anna enn på det reint ironiske planet.
Jenter vil nemleg ha storsjekkarsvina. Dei seier gjerne at dei ikkje vil
ha storsjekkarsvina, at dei heller vil ha skikkelege gutar med gode
verdiar, og dei trur det gjerne òg, men likevel er det storsjekkarsvina
dei vel.
Grunnen er enkel nok. Eit storsjekkarsvin har lang røynsle i det å forføra
jenter, og veit at han klarer det. Og om han ikkje føler noko for jenta,
so har han ingenting å tapa heller. Dermed gjer han alt rett, og so er det
bruk og kanskje kast etterpå.
Me som ikkje er storsjekkarsvin, veit ikkje so mykje om slikt, dessutan
føler me gjerne noko _før_ me ber fram ærendet vårt, og me gjev altso
slepp på noko av kontrollen over situasjonen. Me vert dermed nervøse og
litt redde, og difor gjer me masse dumme ting som støyter jentene frå oss
allereie før me rekk å forklåra kvifor me oppfører oss so dumt. At jentene
ville ha gjort likande dumme ting i ein liknande situasjon, er irrelevant,
i og med at det er jentene dumskapen gjeng ut over når me gutane er dumme.
Dermed kan ei jente forkasta ein ho er glad i, til fordel for eit
sjarmerande storsjekkarsvin som ho ikkje kjenner, men som ho kan verta
glad i ettersom ho gjev han (og ikkje fyrstnemnde) ein sjanse. Og den som
føler noko for henne, må gjeva tapt for ein som det ikkje er so farleg for
om det ikkje er gjensidig. Ikkje-svinet er dessutan ikkje perfekt, det
veit ho, sidan ho kjenner vedkomande godt. Men det ukjende
storsjekkarsvinet er berre eit menneske, lyta og manglane er sjarmerande,
og ein kan jo ikkje krevja det umogelege.
Flotte og fine verdiar, og enkel og rimeleg forklaring, ikkje sant? ;)
Unntak finst, eg kjenner fleire av dei. :)
Jardar