Re: Drømmen om Elin

From: jardar@nvg.unit.no (Jardar Eggesbø Abrahamsen)
Newsgroups: no.alt.frustrasjoner
Subject: Re: Drømmen om Elin
Date: 20 Jul 1998 20:12:36 GMT
Message-ID: <6p08bk$58l$1@due.unit.no>

In article <35b38c39.12099109@news.sn.no>, Heinz Flug  wrote:

>Fy faen, hvor jeg hater enkle mennesker som forguder trekkspill og DDE!

Døh!

D.D.E. (med punktum) har songar med til dels flotte tekstar! Idar Lind
lever opp til den tekststrukturen han lærde frå seg på revytekstkurset i
Volda hausten 1989, med dei to sentrale prinsippa "gjenkjenning" (t.d.
ved repetisjon) og "variasjon". Det er moro å sjå at han brukar desse
strukturelementa aktivt på fleire måtar, men òg på den måten som han
omtala spesielt: Lat refrenget tyda ulike ting sjølv om orda er dei same.
Diverre har han stundom overdrive dette på ein måte som har framheva
tekststrukturen som rekvisitt meir enn det som godt er ("E6" og "Kjæm du
for tidlig e det for seint").

Men dei fleste tekstane hans overdriv ikkje verkemidla, og
kjærleiksvisene hans (med unntak av "E6", om denne kan kallast
kjærleiksvise) er direkte vakre, der dei oppfyller dei grunnleggjande
krava til ei god visetekst -- eg trur det var Halvdan Sivertsen som
formulerte dei: Det skal vera enkelt men ikkje banalt, og det skal vera
personleg men ikkje privat.

Sjå berre eine strofa og refrenget til "Æ har itj sagt":

     Du drømt om prinsen på den kvite hesten,
     trudd at sånne skapninga finn's.
     Du drømt om Askepott som dansa på festen.
     Æ hadd itj hest og va itj prins.

     Refr.:
     Æ har itj sagt at æ stille stormen.
     Har itj sagt æ gjør tåra te vin.
     Har itj sagt æ kan gå på vatnet.
     Har sagt at vil du ha mæ e æ din.

Her finn me ein slåande men varsam bruk av kontrastar. I strofa
kontrasterer Lind draumen "hennar" med det faktumet at "han" ("æ") ikkje
er nokon draum men røyndom, men samstundes er han ikkje den prinsen ho
har drøymt om.

Den same kontrasten finn me i refrenget, der tre "(æ) har itj sagt" stend
i opposisjon til den avsluttande "har sagt". Og det som han ikkje har
sagt, er bibelallusjonar: I Matt. 8,23-27 stiller Jesus ein storm, i Joh.
2,6-10 gjer han vatn til vin, og i Matt. 14,22-33 gjeng han på vatnet.
Men mannen i songen er ikkje nokon messias, og bodskapen hans er enkel og
audmjuk: "Vil du ha mæ e æ din."

So ikkje kom her og snakk stygt om D.D.E.!

>Faen ta dere, forbannede umusikalse mordente bondeknøler!

Ja, dette er eit poeng som Frode Viken har gripe fatt i, i songen
"Bondeknøl" på CD-en "Ohwææææh!!!". Og eg spør meg: Kan grunnen til at
somme semiintellektuelle ikkje liker D.D.E., vera at D.D.E. ikkje er frå
Oslo?

     Klart det kan vær' stilig med Postgirobygget,
     og æ har kjørt heisen på Plaza heilt allein,
     men på en godværsdag på toppen av kornsilo'n i Namsos,
     da klare æ lett å sjå heilt heim.

     Refr.:
     Kall mæ gjern en bondeknøl,
     en hotten-tott og tulling.
     Æ skjønne mæ itj på klær og musikk
     og det å værra urban. [...]

usnobbete naturgjødselhelsing frå
Jardar
med sarte akademikarfingrar