Re: Et budskap fra Gud
From: jardar@nvg.unit.no (Jardar Eggesbø Abrahamsen)
Newsgroups: no.religion,no.general,no.alt.gledesutbrudd
Subject: Re: Et budskap fra Gud
Date: 7 Mar 1997 23:27:49 GMT
Message-ID: <5fq89l$dui@due.unit.no>
In article ,
Thore Bjerklund Karlsen wrote:
>Innvendingene våre går vel helst ut på at gud ikke velger de rette metodene i
>å redde oss fra målet, og straffer oss grusomt når han feiler.
Kva som er straff, kva som er feiling, kven som ev. feilar osb., er vel
opp til Gud å definera, ikkje sant? Og det er slett ikkje opp til
menneskja å definera korleis Gud bør oppføra seg i høve til si eiga
morallære, sidan Gud jo er heva over moralen og etiske vurderingar. Eller?
Lat oss no roa oss ned.
Jardar
(proreligiøs ateist)
From: jardar@nvg.unit.no (Jardar Eggesbø Abrahamsen)
Newsgroups: no.religion,no.general
Subject: Re: Et budskap fra Gud
Date: 8 Mar 1997 18:13:40 GMT
Message-ID: <5fsa8k$2r9@due.unit.no>
In article ,
Thore Bjerklund Karlsen wrote:
>Jeg har aldri likt autoriteter som svarer på kritikk ved å utrydde dem som
>har en annen mening. En gud som påbyr at du skal være den første til å drepe
>din nærmeste familie hvis de konverterer til en annen religion er ikke en
>gud jeg vil tilbe. De som synes dette er greit fordi gud ikke trenger å ta
>hensyn til slike smålige ting som moral og etikk trenger å sjekke hodet sitt
>grundig.
Det er sjefen som bestemmer, anten ein vil eller ikkje.
Men korleis stiller det seg med dette påbodet i Den nye pakta?
Jardar
(sjeflaus i denne tydinga, utan at eg "ville" det)
From: jardar@nvg.unit.no (Jardar Eggesbø Abrahamsen)
Newsgroups: no.religion,no.general
Subject: Re: Et budskap fra Gud
Date: 9 Mar 1997 21:47:03 GMT
Message-ID: <5fvb4n$m3@due.unit.no>
In article ,
Thore Bjerklund Karlsen wrote:
>In article <5fsa8k$2r9@due.unit.no>,
>jardar@nvg.unit.no (Jardar Eggesbø Abrahamsen) wrote:
>>Det er sjefen som bestemmer, anten ein vil eller ikkje.
>
>Klart, men jeg velger å ta avstand fra denne sjefen, på samme måte som
>kristne tar avstand fra Satan fordi de synes han gjør grusomme ting.
Eg tek ikkje avstand frå Gud, sidan eg ikkje trur på Gud. Kristne som trur
at Satan finst, tek sjølvsagt avstand frå Satan, på same måte som
satanistar tek avstand frå Gud, som dei trur finst.
Det at eg ikkje trur på Gud, tyder ikkje at eg tek avstand frå
kristendomen. Tilsvarande vedkjenner eg meg ikkje t.d. visse typar musikk
(av det støyande slaget), men eg tek jo ikkje avstand frå den type musikk
av den grunn. Det er skilnad på å ikkje vedkjenna seg noko og å taka
avstand frå noko.
>>Men korleis stiller det seg med dette påbodet i Den nye pakta?
>
>Det kommer an på hvilken ny pakt du snakker om, det. Jesus sa aldri noe om
>hva hans nye pakt gikk ut på, og sett i forhold til alle de gangene Jesus sa
>at lovene i GT fremdeles skulle gjelde, og at den som ikke fulgte dem til
>punkt og prikke skulle kalles den minste i guds rike.. Tja, gjør opp din
>egen mening.
Eg snakkar om det som til vanleg vert omtala som "Den nye pakta".
Jer. 31:
[31] Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg gjer ei ny pakt med Israels
ætt og Judas ætt, [32] ei pakt som er annleis enn den eg gjorde med
fedrane deira, den gongen eg tok dei i handa og førde dei ut or Egypt, den
pakta med meg som dei braut, endå eg var deira rette herre, seier Herren.
[33] Nei, såleis er den pakta eg vil gjera med Israels-folket i dagar som
kjem, lyder ordet frå Herren: Eg vil leggja mi lov i hugen deira og skriva
henne i hjarta deira. Eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.
Og når kom denne nye pakta?
Heb. 8:
[6] Men no har Kristus fått ei mykje større presteteneste; for han er
mellommann for ei ny pakt som er så mykje betre og kviler på betre
lovnader. [7] For hadde det ikkje vore noko å utsetja på den fyrste pakta,
hadde det ikkje vore grunn til å setja ei anna i staden. (Vers 8 og utover
er ei gjentaking av Jer. 31,31f.)
Og kva slags Gud har då kristendomen, som Den nye pakta kviler på?
Heb. 13,20:
Fredens Gud, han som førde den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus
Kristus, opp frå dei døde i kraft av ei evig pakts blod,
Sjå òg Matt. 22,36-40; Mark. 12,28-31; Luk. 10,25-28.
At det i Jer. 31,31-33 er snakk om jødane, skulle ikkje vera so viktig,
i og med misjonsbodet (Matt. 28,16-20; Mark. 16,15-16; Luk 24,47-48).
Jardar
- framleis ateist