GRATULASJON: Fredkulla, Noregs nasjonalopera

From: jardar@nvg.unit.no (Jardar Eggesbø Abrahamsen)
Newsgroups: no.alt.gledesutbrudd,no.musikk,no.musikk.klassisk,no.litteratur
Subject: GRATULASJON: Fredkulla, Noregs nasjonalopera
Date: 2 Feb 1997 20:12:35 GMT
Message-ID: <5d2sfj$jme@due.unit.no>

120 år forseinka (pga. brann i teatret i Christiania i 1877) vart Noregs
eldste opera urframførd i Olavshallen i Trondheim laurdag 1. februar 1997.
Dette vert ikkje noka melding av operaen, men eit gledesutbrot eit døger
etter.

Det er TRIST, det er trist at librettist Müller og komponist Udbye aldri
fekk oppleva denne dagen. Det ville dei ha fortent. Udbye har fått
tildelt ei rolle i framføringa, der me får innblikk i historia rundt
operaen. Verfremdungseffekten er likevel minimal, og Udbyes rolle får
meir eit metapreg (han blandar seg berre knappast opp i handlinga). Under
andre omstende kunne ein ha reagert negativt på slike metainnslag, men i
dette tilfellet er det ikkje slik. Udbye er død for lenge sidan, han har
vore gløymd og neglisjert. Han fortente å vera til stades under
urpremièren. Gjennom denne nyinnskrivne rolla var han til stades og fekk
den heideren som han fortente.

Ouverturen var heftig. Utan å vera anna enn hobby-musikkelskar var det
somme parti som minte meg om det meir storslegne hjå Wagner.

Under urpremièren vart framsyninga avbroten av applaus etter kvar einaste
arie, etter kvar einaste song, etter kvar einaste duett. Ståande
trampeklapp etter finalen, eg veit ikkje kor lenge, men det var LENGE.
(Kvifor fekk me ikkje da capo på ouverturen heilt til slutt?!) Eit norsk
flagg som vaia, fyrst i salen, deretter på scena.

Jau, Müller og Udbye skulle ha vore der. Fredkulla har vorte marknadsførd
som Noregs nasjonalopera. Stemninga i salen (og i meg eit døger etterpå)
skulle ikkje tilseia anna enn at marknadsføringa ikkje på noko vis har
vore villeiiande.

GRATULERER!!!

Jardar