Nokre månader seinare, i oktober, kom Ulvestad med eit svar, der han laug so det rann av han. Mellom anna hevda han at eg hadde prøvt å omdefinera Ulvestads lydskriving, og ikkje minst at eg hadde fjuska med fonemiseringa på eit stadnamnprosjekt eg hadde arbeidt på mange år tidlegare. Han presterte til og med på ein uhyre lettavslørleg måte å omdefinera den strukturalistiske modellen som han sjølv la til grunn for kritikken sin, slik at han liksom kunne taka meg fagleg på det punktet òg.
For det fyrste har eg aldri vore nær å seia noko om lydskrivinga til Ulvestad. For det andre har eg aldri arbeidt med det materialet som Ulvestad hevdar at eg har arbeidt med. Tvert imot har eg arbeidt med eit materiale som R. Emil Sæter sjølv hadde samla inn og lese inn, og dette var grunnen til at eg la R. Emil Sæters lydsystem til grunn då eg arbeidde med det materialet.
Dette er innlegga:
Han hevdar òg at eg har vore unøyaktig i arbeidet mitt. For noko tull. Eg har vore so nøyaktig at eg ikkje har pynta på materialet ved å registrera nyansane på nokon annan måte enn den vekslande praksisen til informanten. For Herøy-materialet sin del var grunnlagsdokumenta so elendige at visse rekonstruksjonar måtte til likevel, og dette er skildra i detalj i rapporten eg leverte til prosjektleiinga.