[Under Dusken,
13/1995]
Kommentar til leiarartikkelen i UD nr. 12/1995
Det er viktig å vera kritisk til livssyn, anten det gjeld det eine eller
det andre livssynet, og anten det gjeld eit politisk perspektiv eller
livssynet som tankesystem. Spesielt er det viktig å vera kritisk til
eins eige livssyn, same om ein er kristen, buddhist eller humanetikar.
Med «kritisk» meiner eg då reflektert, ikkje respektlaus. Livssynet til
folk, anten me er humanetikarar eller kristne, er avgjerande for
grunnleggjande menneskelege vurderingar og standpunkt.
Å skriva i ein leiarartikkel at «Den norske stat støtter en overtro»,
det er ikkje eit studentorgan verdig. Det er ikkje eit studentorgan
verdig å setja seg til dommar over det viktigaste grunnlaget som folk
har for etisk vurdering og åndeleg refleksjon. Og uverdig er det å
gjera slike grunnlag til lått i ein leiarartikkel.
Jardar Eggesbø
Abrahamsen