Kurdarane i Herøy

«Abonnent» frå Indre Sunnmøre skriv 10. mars om dei seks kurdarane på Leinane i Herøy som vart intervjua 25. februar. «Abonnent» trekkjer fram at dei seks seier dei keidar seg, noko han (eller ho, eg skriv heretter «han») ikkje likar: «Det er all grunn til å rose flyktningekontoret i Herøy, som har lagt forholdene så vel til rette for disse flyktningene. Alle er i beskjeftigelse, og de er så heldige å få bo sammen når de er flyktninger i et annet land. Ifølge flyktningepolitikkens regelverk har de rett på hjelp i form av offentlige tilskudd til inventar, husleie, til livsopphold (bl.a. mat), komm. avgifter, klær ­ ja, alt de trenger.»

Eg siterer so mykje fordi eg ser at «Abonnent» ikkje er so godt informert om dei seks syskena. Familien på Leinane er sjølvsagt takksam for den hjelpa dei hev fenge, det hev dei uttrykt ved fleire høve for oss som kjenner dei. Men slik hjelp varer ikkje evig.

«Abonnent» viser òg til at eldre, funksjonshemma og sjuke ofte er einsame, og mange vert ikkje funne før fleire månader etter at dei er avlidne. «I grell kontrast til disse forholdene blant våre egne leser vi om disse unge, friske flyktningene som har fått alt vel tilrettelagt med jobber og videre skolegang i tillegg til gratis opphold. Er de ikke egentlig fantastisk heldige?»

«Abonnent» reagerer altso på at dei seks hev vorte tekne so godt vare på, og likevel seier dei at dei keidar seg.

Dersom «Abonnent» hadde lese heile intervjuet, so ville han ha sett kva dei sa heilt til slutt: «Det er hardt arbeid på fiskemottaket, men vi er kjempeglade for å tjene penger. Å motta penger fra sosialkontoret er ikke noe for oss.»

Eg kan her fortelja at dei hev teke konsekvensen av denne innstillinga: Arbeidet skaffa dei seg på eiga hand. Når dei seks ikkje lenger bur på Eggesbøneset men på Leinane, kjem det av at dei sjølve fann seg eit hus der dei betalar leiga med eigne pengar. Både klede og mat kjøper dei sjølve, og dei fær ikkje noko ekstra av staten fordi dei er flyktningar. «Abonnent» hev då ikkje det minste støvfjom av ein grunn til å resonnera slik som han gjorde.

«Abonnent» reagerer på at dei keidar seg. Det gjekk heilt klårt fram av intervjuet at det som er keideleg for dei, er at dei ikkje hev so mange vener på eigen alder. Til vanleg vert flyktningar kritiserte for at dei visst nok ikkje ynskjer å integrera seg i det norske samfunnet. Om det skulle vera slik, so er det stikk motsett for denne syskenflokken. Det dreier seg her om ein utettervend, liketil og sprudlande familie som det i utgangspunktet er lett å koma i prat med. På få veker lærde dei seg godt nok norsk til å kunna kommunisera med sambygdingane. Og heilt sidan dei kom til Herøy for mindre enn tri år sidan, hev dei gjenge aktivt inn for å verta ein del av miljøet, noko dei til ein viss grad hev klart. Når ein slik lagkjær ungdomsgjeng likevel opplever vanskar med å få skikkeleg kontakt med andre jamaldringar, so er det vel ikkje so vanskeleg å forstå at dette er keideleg for dei. Eg kan heller ikkje skjøna at det skal vera verre at utlendingar stundom keidar seg, enn at andre gjer det. Og er det ikkje rart, vel? Anten ein flyktning vil isolera seg eller integrera seg, so er det alltid einkvan som ikkje toler det!

«Abonnent» hev gjenge ut mot syskena Hafzullah på grunnlag av eit intervju som han ikkje hev lese skikkeleg, eit intervju som i tråd med sjangeren dessutan måtte verta noko overflatisk. Alle som hev vorte intervjua, veit ogso at når det kjem på prent, er det mykje av konteksten kring sjølve intervjusituasjonen som ikkje kjem med. Difor bør ein aldri gjera som «Abonnent», som slo fast at «slik falt ordene» då dei vart intervjua. Eg kan ikkje tenkja meg at desse seks hev gjort venesaknet til eit so stort poeng som overskrifta i intervjuet skulle tyda på. Dei plar ikkje snakka so mykje om problema sine. Det er meir truleg at dei svara på eit spørsmål frå journalisten som ikkje hev vorte referert i det ferdigskrivne intervjuet. Det er sjølve aktiviteten å skriva eit intervju som kan føra til slike fokusskifte, ikkje intervjuobjektet eller den som intervjuar.

Når eg no hev skrive alt dette, so kan eg ikkje sjå at det skulle verta noko betre for einsame innfødde om denne veneglade gjengen skulle reisa frå landet. Tvert imot veit eg om fleire som ville sakna dei.

Til slutt vil eg berre spyrja korleis ansvarleg eller politisk redaktør steller seg til den reint presseetiske sida ved at folk fær sleppa til anonymt med verbale åtak på namngjevne menneske.

Jardar Eggesbø Abrahamsen