Kost og losji

Per Liland er frikjend og hev bede om godtgjersle for den tida han sat uskuldig fengsla. Godtgjersle fær han, men med fråtrekk av den kosten og losjien han fekk i fengselet.

Herleg. Sjølvsagt må han betala for fengselsopphaldet sitt. Han hadde no ikkje noko der å gjera!

På bakgrunn av denne saka hev eg kome fram til at eg vil verta hotelldirektør. Når kvelden nærmar seg, skal eg gå ut på gata og fanga meg nokre menneske. Eg skal taka dei med meg (mot deira vilje) og sperra dei inne på hotellromet. Dersom eg neste morgon finn ut at det var gale av meg å gjera dette, so skal eg krevja betaling for opphaldet deira.

Bra for Liland at han fær godtgjersle. Elles hadde han kanskje ikkje hatt råd til å sitja i fengsel. Men billegast hadde det vore om han likevel var skuldig, for då hadde kost og losji vore gratis.

Eg trur det er einkvan som freistar å oppmoda dei trengande til å gjera noko ulovleg, t.d. drepa folk med øks. Det hadde kanskje ikkje vore so dumt?

Jardar Eggesbø Abrahamsen
fattig student