Ikkje sivil ulydnad

I eit innlegg 29.9. set Ingunn Norderval, leidar i MRAPs kvinneutval, overskrifta «Lov og orden ­ eller sivil ulydighet?». Innlegget handlar om samansetnaden av offentlege utval, der det ofte er ein lovstridig skeiv representasjon av kjønna. Slutten er: «(...) lokalpolitikerne praktiserer sivil ulydighet mot likestillingsloven.»

Omgrepet «sivil ulydnad» vert til vanleg brukt annaleis enn slik Norderval nyttar det her. Sivil ulydnad er ei medviten protesthandling som einskildpersonar utøver, gjerne saman med andre. Det inneber brot på lover som ein meiner er umoralske. Sivil ulydnad vert brukt i saker som ein ser på som prinsipielt viktige, og lovbrota vert då å rekne som symbolske.

Dette er ikkje det same som å bryte dei lovene som det er mest komfortabelt å gløyme. Sivil ulydnad fører ofte til motreaksjonar som er mykje meir utrivelege enn den uretten som ein måtte meine seg å lide ved å halde seg til lova. Dessutan er eitt av hovudpoenga ved sivil ulydnad at ein ikkje skal «snike seg unna», men nettopp stå ope fram, utan bortforklåringar, for på den måten å kunne påverke gjeldande praksis. Vidare er det eit ålment krav at sivil ulydnad skal vere ikkjevaldleg.

Moral kan ein diskutere, men ikkje komfort.

I innlegget til Norderval gjeng det fram at det ikkje er einskildpersonar som bryt likestillingslova, men den meir abstrakte storleiken «våre folkevalgte». Det er heller ikkje snakk om noka openberr protesthandling for å endre på gjeldande praksis: «Unnskyldningen er som regel at 'vi finner ingen som vil'.»

Det er med andre ord ikkje snakk om sivil ulydnad når likestillingslova vert broten.

Slik eg ser det, er sivil ulydnad noko me gjerne kan ty til når anna ikkje fører fram. Å vedkjenne seg sivil ulydand er å ha ein annan høgste moralinstans enn eit gjeve lov- eller regelverk. Det vil seie at ein ikkje legg frå seg den kritiske sansen, men stiller visse etiske krav til dei lovene som ein underkastar seg. Dette til skilnad frå den situasjonen som Norderval nemner i fyrste avsnittet sitt: «For de fleste er 'Stortinget har bestemt det' som regel grunngiving god nok for at dette eller hint skal gjøres eller ikke gjøres.»

Men når det gjeld hovudinnhaldet i innlegget til Norderval, at ein bør arbeide for å jamne ut den skeive kjønnsfordelinga i offentlege utval, der hev eg forståing for synet hennar, og kan jamvel seie meg samd.

Jardar Eggesbø Abrahamsen
til tider ulydig