Å sjå denne tittelen var som å kome bleikhuda ifrå ein lengre spasertur i Sahara (ørken eller vassverk alt etter som), for deretter å verte tilboden eit glas med frisk og sprudlande gjørme. Det var som om ei eller anna makkseriøs popgruppe ville live opp i dei flate fjella og fjompete fjordane våre: The Energy Five! Berre at det var ikkje noka popgruppe, det var ENØK.
Ja, ikkje det at eg forstod dét med det same, då. Eg er ikkje so stiv i framande språk at det gjer noko. Men når sant skal seiast, so var vel denne brosjyren etla dei som brukar engelsk til dagleg, kanskje fyrst og fremst engelskmenn og amerikanarar som hev forvilla seg hit opp mot nord og The Gøulden Rut.
Sjølv studerer eg tysk for tida. Hadde det ikkje vore ein kjempegod idé å lage ein brosjyre på tysk òg? Ja, berre tittelen, sjølvsagt, slik at turistane vrid litt på toppklumpen: «Die Energie-Fünf». Og dersom tyskarane ikkje skjønar det norske i brosjyren, so gjer det ikkje noko, for det gjer ikkje engelskmennene heller. Og då kan dei få hjelp med ein offentleg institusjon i Kongeriket Norway, til dømes DH-skulen i Volda. Det er nemleg informasjonslina der som hev laga heile greia.
Ja ja, skulen er rett nok med i Aksjonen for språkleg miljøvern. Offisielt er skulen imot å sprite opp rein norsk med flott engelsk lirumlarum. Offisielt hev skulen fantasi nok til å kalle brosjyren både for «Energi-femtalet» og «Fem energiske». Men kvifor i all verda gjere det på norsk når det kan gjerast so mykje dummare på engelsk? Kvifor drive og vere språkmedviten berre fordi ein hev forplikta seg til det? Kvifor gå rundt og bruke norsk berre fordi ein bur i eit norskspråkleg land?
Nei, lat oss sleppe alt dette heimlege! Me lid no ikkje av mindreverdskompleks!
Eg ser fram til nasjonaldagen, eg. Då skal DH-skulen i Volda ut og syngje den nye nasjonalsongen vår. Det seiest at dei hev litt vanskar med melodien, men det gjeng vel:
Yes da, we elsk this land
som it staigs frem,
fjured, weatherbitten øuver the vand
with the tusen hjems,
elsk it, elsk it ænd tenk
på aoer far ænd mor,
ænd thæt saganait som senks
drøms på aoer jord.
Kven nidar vel inglisj meir enn norwegiarar? Eg berre askar.
PS: Oh yeah!