Kriste skitprat og humanetikk

For kort tid sidan kunne me lese om at ein av representantane til KrF på Stortinget hev vorte utsett for skitprat over telefonen. No er det vel ikkje nytt at politikarar opplever slikt, men det som mange reagerte so fole sterkt på, det var at det var kristne som stod for skitpratet. Mange uttala jamvel at dei skamma seg over at kristne folk kunne gjere slikt, og andre meinte at det slettes ikkje kunne dreie seg om kristne i det heile teke.

Alvorleg tala: Anten ein er kristen eller hev eit anna livssyn, so opplever alle livssynsgrupper den same etiske kravstyrken og dei same moralske veikskapane. Eller rettare: Alle opplever den same variasjonen i desse. Dette tyder at det finst gode og dårlege menneske i alle grupper, og at det ikkje er nokon samanheng mellom livssynsgrunnlag og moralsk yteevne. Dei etiske måla er i prinsippet dei same for alle livssyn («ver snill»), noko me ogso kan lese i Bibelen (Rom. 2, 14­16). Det som tel er om ein er medviten på livssynet sitt. Er ein ikkje medviten og reflektert, vil den etiske kravstyrken vere svekt.

Livssynsgrunnlaget er altso mindre viktig. Den store skilnaden mellom ein kristen og ein humanetikar ligg i at den kristne trur på kjærleiken som noko gudegjeve, medan humanetikaren trur på kjærleiken som noko menneskeleg. Resultatet er fullt og fast det same: respekt for andre. Eg med reagerte på skitpratet mot den nemnde politikaren. Men ikkje fordi det var kristne som prata skit. Nei, det var rett og slett fordi det var menneske. Eg ser ikkje nokon grunn til at kristne skal kjenne den etiske kravstyrken noko sterkare enn andre.

Med det varierande refleksjons- og medvitsnivået vil ogso respekten for andre variere, og ikkje berre hjå humanetikarar. I Smp. 2. januar skriv Bjørn Hareide om humanetikarane på ein ikkje heilt usarkastisk måte. Og det han skriv, er ikkje det minste grunngjeve.

Han opnar med å kalle humanetikarane for «fattige». Dette tyder på manglande forståing for at ikkje berre kristne hev moralnormer. Ein bør ikkje gløyme at ordet «humanetikk» inneheld lekken «etikk».

Men Hareide gjev seg ikkje med ein kort karakteristikk. Han skriv at humanetikarane «kastar vrak på det mest verdifulle vi har. Bibelen, og alle dei enorme skattar vi har å ause av i salmebøkene våre.

Lat meg seie det slik: Dersom det skal vere hald i denne påstanden, so må ein setje føre at humanetikarar er folk som trur på Gud men tek avstand ifrå honom. Og det stemmer vel neppe. Ein kunne ogso seie at humanetikarane «ikkje trur på Gud», dvs. at ein føreset eit system av anten kristendom eller humanetikk. Til ei viss grad kan dette gjelde for sume agnostikarar, men ein «ekte» ateist vil sjå på kristendomen som likeverdig med alle andre religionar, og då vert det ikkje lenger noko «eg trur ikkje på Gud». Då vert det «eg trur ikkje på nokon gud». Merk skilnaden mellom «Gud» (brukt om den øvste moralinstansen i ein definert religion) og «gud» (brukt generelt).

Hareide set faktisk føre at ateistar trur på Gud (med stor G): «Medan vi kristne er glade og takksame i hjartet over verdenshistoriens største, viktigaste og mest gledelige begivenhet (...) så skriv Humanetisk Forbund om solsnufest.» Eg vil tru at presupposisjonen for den formuleringa var lite gjennomtenkt.

Med andre ord: Det vert vanskeleg for Bjørn Hareide å omvende ateistar ved hjelp av dei kristne litterære skattane, for for ateisten er ikkje kristendomen det einaste ikkje-ateistiske. Dermed kan Hareide òg spare seg bøna: «Forlat dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.» Dersom eg var buddhist, kunne eg like gjerne synast synd på Hareide, fordi han ikkje veit kva han gjeng glipp av i det buddhistiske diktverket Dhammapada.

Men Bjørn Hareide skriv meir. Han skriv at humanetikarane ser på den kristne litteraturen som «verdilaust søppel, og seier dei trur på mennesket. Det fortapte mennesket.»

For å take det siste fyrst: Hareide hev blanda saman to livssynsgrunnlag. Slik ein humanetikar ser det, er ikkje mennesket fortapt, og ein kan ikkje take eitt grunnlag, samanlikne det med eit anna og på den måten prove at det fyrste grunnlaget er feil. Då kunne humanetikaren gjere det same med kristendomen, seie at mennesket ikkje er fortapt, og dermed prove at Bibelen tek feil.

Og det at humanetikarane held Bibelen for søppel, det kan eg ikkje forstå.

Til slutt kan ein for ordens skuld nemne at omgrepet «humanetikk» er svært vidt. Det einaste som er sams for absolutt alle humanetikarar, er at dei set mennesket i sentrum for livssynet sitt, og ikkje nokon gud. Det som er skrive over, er soleis farga av mitt eige livssyn.

Jardar Eggesbø Abrahamsen