Skoen

Dei røykte. Kvalmande, stikkande røyk velta fram, steig muntert frå kvite pinnar som stod ut or munnane deira. Kvalmande røyk stakk meg i halsen og augo. Dei hadde det koseleg og lo.

Eg tok av meg skoen. Han lukta mjukt av kroppslukt. Ekte, fuktig kroppslukt, mjukt og kvalmande, men ikkje stikkande. Det var pur tåfis. Eg sette skoen på bordet.

Då slutta dei å le. Dei såg på meg og ville visst spørja om noko. Men dei spurde ikkje. Dei bad meg fjerna den skitne, stinkande skoen. Dei bad meg om ikkje å dra meg til himmelen, men til ein annan stad.

Eg tok skoen bort frå bordet og drog meg til ein annan stad. Ein får ikkje plaga folk med tåfis. Ikkje i eit sivilisert samfunn som vårt. Nei då.

Jardar Eggesbø Abrahamsen