Nynorsk

Johan Syrstadeng skriv i Adresseavisen 29. juli at det er gale av vestlendingar å tvinga trønderar til å skriva nynorsk: «Prøv å lære deg å snakke trønder, du!»

Ikkje veit eg om Syrstadeng er trønder sjølv, men det er i alle fall ikkje trønderdialekt han brukar i innlegget sitt. Det er bokmål. Vil Syrstadeng heller lata seg tvinga av sørauslendingar enn av vestlendingar? Eller heiter det kanskje ikkje tvang dersom det er austlendingar som tvingar?

Ei anna sak er jo at korkje vestlendingar eller trønderar skriv dialekt. Ej e sjøl vestlening, å vist ej skolde skrive dialekt, so hadde kje de vårte nynårsk elle bokmål ta de. Det er likevel moro å sjå at mottoet til skulekorpset Småbispan i Trondheim ikkje er «nå kommer vi» men «no kjæm vi».

Syrstadeng vil gjera nynorsken friviljug, skriv han. Då kan eg fortelja at det er allereie fritt val mellom nynorsk og bokmål. Men korleis skal folk kunna velja fritt dersom dei ikkje har ein viss kompetanse i begge målformene?

Kanskje dette ikkje er spesielt viktig for Syrstadeng likevel? Ja, nynorsk kan gjerne vera friviljug, so sant det ikkje finst. For han skriv at nynorsk og riksmål helst skal «seile til hver sin kant og forsvinne der».

Nynorsk er eit skriftspråk, det finst folk som brukar nynorsk som daglegspråk, jamvel på hugselappar og handlelister. Dei to målformene har vore jamstelte i over hundre år, eit stortingsvedtak som vert kontinuerleg sabotert. Syrstadeng skriv at det er tøys å krevja at forlaga då skal halda seg til lovleg praksis. Er det verkeleg tøys å krevja at alle skal få lærebøkene sine på den målforma som dei kjenner seg mest heime i?

Jardar Eggesbø Abrahamsen