50% norsk

I Adresseavisen 8. juli ytrar Sør-Trøndelag Unge Høyre ved Erlend Stansberg at ein bør kutta ut sidemålsundervisninga fordi sidemål er keisamt. Eg ser fram til den dagen då Sør-Trøndelag Unge Høyre brukar det same argumentet på matematikk, engelsk og ­ for min del ­ kroppsøving.

Sør-Trøndelag Unge Høyre meiner òg at nynorsk og bokmål er så enkle å forstå at det ikkje er vits i å læra begge. Dette er noko å taka med seg når nokon ved neste høve meiner at ein bør kutta ut sidemålet fordi nynorsk er vanskeleg. Ære vere Sør-Trøndelag Unge Høyre denne gongen.

Sør-Trøndelag Unge Høyre vil gjerne at alle skal få velja sitt eige hovudmål, og jamvel at ein kan få ha sidemål som valfag. Det eg lurer mest på då, er korleis Sør-Trøndelag Unge Høyre vil sikra dei rettane som elevar i bokmålsdominerte område skal ha til å velja fritt. Det er jo ei kjend sak at nynorskbrukarar meistrar begge målformene, sidan bokmål frå før dominerer både i massemedia og på etikettane på fiskekakepakkane som me kjøper på butikken. Bokmålsbrukarar vil dermed verta fortrulege med sidemålet sitt berre gjennom skulen. Ved å fjerna sidemålet vil ein undergrava bokmålsfolkets soleklare rett til å velja sjølv. Det ville vera eit overgrep mot rundt åtti prosent av alle norske elevar!

Heilt til slutt ville det vera interessant å spørja om Sør-Trøndelag Unge Høyre òg meiner at ein skal læra berre halvparten av engelsk språk, og gjera den mest keisame delen valfri. Og om faget då framleis skal heita «engelsk». Eventuelt om faget «norsk» skal døypast om til «50% norsk», slik at berre dei med sidemål i valfag kan skilta med 100%.

Jardar Eggesbø Abrahamsen