Karakterar til lærarane

Elevane ved Adolf Øiens skole vil så gjerne evaluera lærarane sine. Hurra. Sjølvsagt er ikkje oppslaget i Adressa 13. mai det minste tendensiøst, med den flotte oppmodinga: «Gjør hjemmeleksa di, lærer!» Ikkje at Adressa meiner lærarane ikkje gjer heimeleksa si. Det er berre ei oppmoding om at dei framleis må gjera henne. Då er det ei passande overskrift, ikkje sant?

I eit spørsmål til leiaren i Lærarforbundet, Bente Sellereite, lurer bladfyken på om ikkje også lærarane bør «finne seg i å bli vurdert med karakterer». Sellereite svarar at ein ikkje plar vurdera folk med karakterar når dei er ute av skulesystemet. Høyrt slikt? Nei, folkens, lat oss no gjeva alle yrkesaktive karakterar. Sjølve har me gjerne lyst til å vurdera tannlækjaren vår. Begge har me fått store fyllingar i tennene våre. Ja, det skjer kvar einaste gong me går til tannlækjar. Fy, for ein ekling!

Folkens, veit de kva me har høyrt? Me har høyrt at alle lærarar har vore studentar, og at dei har vitnemål frå den tida, vitnemål med karakterar på. Er det nokon som trur på dét?

Petter Ianssen er ein av elevane som står bak dette flotte tiltaket ved Adolf Øiens skole. Han vedgår dette i avisa: «Men en og samme lærer kan umulig være god for alle elevene. [...] Når jeg får dårlige resultater, synes jeg mindre om læreren.»

Hæ? Meiner han Petter verkeleg at han ikkje er i stand til å vurdera dei lærarane som han insisterer på å vurdera? Ja, då må me seia at han er ein moden ung mann. Ikkje det minste sjølvmotseiande, trur me. Me er litt dumme her i garden, så me stolar på at han Petter har rett.

Den same Petter seier i det same intervjuet at det absolutt verste ein lærar kan gjera, er å «blande annet enn faglige forhold inn i karaktersettingen».

Jaha ja. Så det verste ein lærar kan gjera, er å lata seg påverka av at eleven er frekk eller snill, medan han Petter sjølv gjerne vurderer ein lærar etter kor godt det går på ei prøve. Logisk. Men så meiner då også han Petter at pene damer er dei beste lærarane. I alle fall på ungdomsskulen.

Er det derfor han Petter ikkje kan tenkja seg å verta lærar sjølv? Han seier i alle fall «nei, nei nei!» til Adressa når han vert tilboden den yrkeskarrièren.

Men no skal me gå og sjå Miss Universe-finalen og velja oss ut kvar vår. Me har litt ulik smak, nemleg. Jardar likar jenter med blå augo, Trond jenter med brune. Er det fleire som har ulik smak? Ha det.

Jardar Eggesbø Abrahamsen og Trond Nerland
flinke gutar