Bakke har ei flott grunngjeving for oppmodinga, nemleg at bokmålet er størst. Ja tenk, eit språk skal vere einerådande fordi det er størst! Og størst er det fordi det er mange som har det som opplæringsmål. Dette er ikkje nokon sirkelargumentasjon, det er reinspikka bokmålslogikk, den beste logikken i landet: Det største skal vere størst fordi det er størst. Hurra!
Då må me sjølvsagt opne for mange fleire engelske ord i norsk, for ikkje å snakke om grammatikken. Ja, engelsk er eit større språk enn norsk, og då må nok norsk vike plassen. Eller kanskje me heller skal innføre kinesisk? Kinesisk er større enn engelsk. Ja, no tek eg til å verte glup her, jammen det!
Bokmålet har fleire ord enn nynorsken, skriv Bakke. No har eg aldri vore stø i matte, men Bakke har sikkert rett. Nynorskordboka inneheld 90 000 oppslagsord, Bokmålsordboka har 65 000. Dum som eg er, overlèt eg all rekning til Bakke, og Bakke meiner at 65 000 er meir enn 90 000. Han leve!
Bokmål har mange nyansar, skriv Ernst Bakke. Sjølvsagt har han rett. For medan nynorsk skil mellom «røyning» og «røynsle», så har bokmål berre eitt ord: «erfaring». Men til gjengjeld er dette ordet tvetydig, og dermed mykje meir nyansert, ikkje sant?
Nynorsk vert opplevd som måltvang, skriv bokmålsmannen Ernst. No er eg sjølvsagt så dum at eg ikkje opplevde det som nokon tvang å lære språket mitt, men Bakke har sikkert rett likevel: Eg opplevde det som ein tvang.
Andre ting som eg opplevde som tvang, var naturfag, samfunnsfag, matte, kristendom og alle andre fag der eg fekk lekse. Bort med det! Dessutan opplever eg bokmål som ein stor tvang som sjølve samfunnet stend for, men der opplever eg det sikkert feil, for Bakke meiner noko anna.
Og kva vert konklusjonen av alt dette? Konklusjonen vert at Ernst Bakke er ein klok mann med stor innsikt i både språk og argumentasjon. Eg er derimot dum, og eg er samd med han.
Lenge leve Bokmålsforeningen!