Strand har rett. Ikkje fordi lærarane er vrange av seg, men fordi det er vanskeleg å nå fram med informasjonen.
Strand insinuerer m.a. at lærarane ikkje arbeider like mange timar i året som anna folk, og at den ekstra lange «sumarferien» derfor ikkje er avspasering. Han underbyggjer dette ved å vise til at dei har «en bunden arbeidsuke på mellom 17 og 27 timer».
Det Strand ikkje nemner, er at desse tala berre gjeld den tida då lærarane stend framfor elevane. Han nemner heller ikkje at det for kvar time på 45 minutt er lagt til 55 minutt som er avsett til føre- og etterarbeid (talet gjeld ungdomsskulen; i barneskulen er det 45 minutt og i vidaregåande 65). Førearbeidet gjeng m.a. ut på å setje seg inn i lærestoffet, planleggje undervisninga, leite fram råmateriale for gruppearbeid, lage oppgåver og prøver. Retting og oppsummering kjem inn under etterarbeidet. Ein lærar i ungdomsskulen med 24 undervisningstimar bunden arbeidstid arbeider dermed 40 undervisingsrelaterte klokketimar i veka.
I tillegg kjem felles planlegging, samarbeid mellom lærarane, samordning av undervisninga, foreldremøte, kontaktmøte, etterutdanning og rapportskriving t.d. for å få ekstra løyvingar til «spesialundervisning» for elevar med lærevanskar, og samarbeid med andre involverte yrkesgrupper.
At lærarane faktisk arbeider like mange timar som anna folk, vart slege fast ved ein dom i Rikslønsnemnda i 1987.
Når Strand krev at lærarane skal arbeide innan normal kontortid, vil dette innebere at pedagogane vert gjorde om til funksjonærar. Ei slik omlegging av yrket er like upedagogisk som puggeskulen på 1700-talet. Om eg skulle slumpe til å verte far, såg eg gjerne at eg hadde med pedagogar å gjere, og ikkje byråkratar.
Strand viser til forsøksordningar med kontortid i Bærum, Østerdalen og Lindås. Han nemner ikkje at kommunane har løyvt ekstra pengar til desse forsøka. I Lindås er det ikkje noka pålagd ordning, og her er det få lærarar som er med.
Eg vil vone at vignetten «Bakgrunn» er trykkfeil for «Kommentar» eller «Innlegg», sidan det synest som Strand har sett seg dårleg inn i det han skriv om.