From: jardarab+news-200342@pvv.ntnu.no (Jardar Eggesbø Abrahamsen) Newsgroups: no.it.os.mac.diverse Subject: tastaturet mitt! Date: Fri, 24 Oct 2003 23:50:52 +0000 (UTC) Organization: Nettverksgruppa - Universitetet i Trondheim Message-ID: For noko sidan laga eg eit tastaturoppsett som eg kalla «Utvida norsk». I Panther er det eit tastaturoppsett som heiter «Norsk utvidet». Noko tilsvarande for dansk, svensk, tysk etc. finst ikkje. Apples utvida har mange fleire daudtastar enn mitt (og til dels på litt ulike stader i forhold til mitt), men nokre slåande likskapar har eg funne: Option + d og t gjev ð og þ. Begge tastaturoppsetta har funksjonar for kombinerande diakritiske teikn (hjå meg: daudtast + ' -- hjå Apple: Optiontasten + daudtast, noko som forresten gjer at ~ må flyttast). Det finst ein «spesial-daudtast» (på Option-Shift-S; hjå meg på Option-@) som lagar plass til teikn som det elles ikkje finst noka naturleg plassering for på tastaturet. Sams eller likt for dei to oppsetta etter å ha trykt på spesialdaudtasten er: - e gjev schwa hjå Apple (Option-e hjå meg) - r gjev «liten R» (nyttig stort sett berre for folk som skal skriva urnordisk med latinske bokstavar) - s gjev lang s - h gjev hv-ligatur (nyttig stort sett berre for folk som skal skriva gotisk, eit språk som fanst for ca. 1500 år sidan) - k gjev grønlandsk «liten K» - z gjev lulesamisk (eller kva det var) z (sånn 3-talsliknande bokstav) Og samstundes som det plutseleg dukka opp eit «Norsk utvidet» med denne innovative spesialdaudtasten, vart spesialdaudtasten òg teken i bruk i «USA Extended». Jau då, det er jo ein del skilnader frå mitt tastaturoppsett (som eg la ut til offentleg og fri bruk, med «kjeldekode» og det heile), og det er jo moro at eg tydelegvis har hatt ein liten finger med i Panther. :) Men dei kunne jo ha spandert på seg eit lite «hei Jardar» på mail eller noko, då... Jardar -------------- From: jardarab+news-200342@pvv.ntnu.no (Jardar Eggesbø Abrahamsen) Newsgroups: no.it.os.mac.diverse Subject: Re: tastaturet mitt! Date: Sat, 25 Oct 2003 01:36:20 +0000 (UTC) Message-ID: Hah! Dei har til og med kopiert kombinasjonane ^ + n/m = n/m med kombinerande cirkumfleks, som eg tok med berre for syns skuld. Det finst ikkje som fiks ferdige teikn i Unicode, nemleg (men dei finst i eitt eller anna sært språk som eg kom over, walisisk eller noko). Til overmål fungerer ikkje dette i Panther, berre i Jaguar! :D Jardar -------------- From: jardarab+news-200342@pvv.ntnu.no (Jardar Eggesbø Abrahamsen) Newsgroups: no.it.os.mac.diverse Subject: Re: tastaturet mitt! Date: Sat, 25 Oct 2003 09:19:38 +0000 (UTC) Message-ID: Ein skilnad frå Jaguar som er teknisk interessant: I Jaguar fanst det ein bug som gjorde at epletasten i Unicode- tastaturoppsett ikkje fungerte som han skulle. Det fungerte slik at epletastkombinasjonar alltid tok utgangspunkt i det teiknet som låg på den umodifiserte tasten, same kva som var spesifisert i .keylayout-fila. Dersom ein gjeven tast i umodifisert form t.d. hadde teiknet «kombinerande diakritisk pluss» (som eg har lagt på plusstasten i betaversjonen av IPA-tastaturoppsettet mitt), so var det med andre ord ikkje hjelp i å leggja teiknet «+» på epletast-kombinasjonen av den tasten. Ein skulle venta at epletast + plusstast ikkje skulle gjeva noko resultat i eit slikt tilfelle, men det som skjedde i Jaguar, var at me fekk effekten av epletast + minustast, sidan denne tasten i umodifisert form gjev minusteikn på det amerikanske tastaturet. Skulle me få effekten av epletast + plusstast, måtte altso den umodifiserte tasten òg ha gjeve plussteikn. Dette var ein bug som råka Unicode-tastaturoppsett. Bugen er fjerna i Panther. (Eg reknar difor med å laga eit nytt utvida norsk tastaturoppsett som tek omsyn til dette.) Men i Panther har dei tydelegvis fått ein ny bug, som gjer at ein tast ikkje kan gjeva utputt på meir enn eitt teikn, dermed fungerer altso ikkje kombinasjonen ^ + m --> utputt «m + kombinerande ^»). Ein viktig skilnad mellom Apples og mitt tastaturoppsett er at Apple klassifiserer det som Unicode-tastaturoppsett. Det tyder at det ikkje har brukast i program som ikkje taklar Unicode, t.d. Word X. Ikkje eingong til å skriva bostaven A. Opnar ein eit slikt program, vil ein i staden få aktivert det siste «latinske» tastaturoppsettet som ein brukte. Og når ein opnar eit nytt Unicode-taklande program, må ein velja manuelt at ein skal bruka det spesielle Unicode-oppsettet. Mitt oppsett har framleis den vesle styrken at det er definert som latinsk, noko som gjer at det kan brukast overalt utan å velja det på nytt heile tida. Rett nok kjem ikkje sære bokstavar som p med akutt fram i Word og slike Unicode-ukunnige program, men A og É og alle andre ASCII- og MacRoman-teikn kjem fram som dei skal. Apples tastaturoppsett har som nemnt mange nye daudtastar, men eg ser at dei fleste av dei er mest nyttige dersom ein skal skriva IPA (dvs. lydskrift). Men igjen, dersom ein skal skriva IPA, er Apples utvida norske tastaturoppsett for fattig, og manglar haugevis av teikn. So i neste versjon av mitt utvida norske tastaturoppsett kjem eg sikkert til å taka med nokre få av dei nye daudtastane som Apple har lagt inn, men berre dei viktigaste. So skal eg heller laga ein endeleg variant av IPA-oppsettet med tida. Jardar