[2.5.2008]
Fargeskrivaren på ISK, bygg 4, ved trappesiloen
Den nye Canon-skrivaren som òg er kopimaskin (eller motsett) finst på
AppleTalk-sona Dragvoll_ansatt med namnet «lin45canon». Diverre fungerer
det ikkje å senda til skrivaren via AppleTalk. Utskrifta forsvinn ut i det
store inkje. Løysinga er å kopla til via IP:
- Du har lyst på ein skrivardrivar. Du kan lasta ned drivaren frå
heimesidene til Canon. Gå til denne sida, vel MacOS X og English, trykk «Submit».
Finn «Canon PS Printer Driver for MacOSX v2.01» (dette er versjonen pr.
11.2.2008), eller sjå etter noko nyare. Gå eventuelt rett til nedlastinga
her.
- Ver merksam på at installeraren til Canon er veldig uhøfleg, og
avsluttar programma dine utan å spørja deg. Så pass på å lagra og avslutta
alt på førehand, så har du kontroll.
- Eg hugsar ikkje om maskina vert starta på nytt etter installeringa,
men i alle fall skal du etter kvart gjera slik: Start Systemvalg og vel
«Utskrift og faks». (Har du MacOS X 10.4, startar du i staden «Printer
Setup Utility» (Skriveroppsettverktøy), som finst i
Utilities/Verktøy-mappa inne i Applications/Programmer-mappa.)
- Klikk på plussteiknet (10.4: «Legg til»).
- Vel «IP» med skrivartype «Line Printer Daemon - LPD».
- I rubrikken «Adresse» skriv du: 129.241.33.239
- Vil du endra namn, kan du gjera det her, t.d. skriva namnet
«fargecanon» i rubrikken som heiter «Navn». Dette vil påverka korleis
skrivaren ser ut i utskriftsdialogen din når du skal skriva ut noko.
- Skrivarmodellen er Canon iR C2880i. Du vil velja ein drivar som heiter
Canon iR C2880/3380 PS (UK). Dette er den drivaren som du nettopp
lasta ned. (Den drivaren som fylgjer med MacOS X 10.5.2, heiter Canon iR
C2880/C3380, og fungerer greitt, men klarer ikkje å stifta, i alle fall
ikkje då eg prøvde.)
- Konfigurer så mykje du lystar. Skrivaren har noko som heiter Finisher
Y1. Er du geek, kan du taka deg ein tur innom http://localhost:631/
òg.
Oppdatering 2.5.2008 om ettermiddagen: No ser det ut til at
AppleTalk fungerer på denne skrivaren.
Reserveskrivaren på ISK, bygg 4, utanfor døra til ekspedisjonen
Dette er òg ein ny skrivar, men han har ikkje fargeutskrift. Han har
IP-adresse 129.241.33.246, men liker ikkje IP-utskrifter (pr. 2.5.2008).
Skulle han nokon gong lika IP-utskrifter, kan du kopla han opp slik det
vart skildra for fargeskrivaren over.
- Skrivaren bruker ein drivar som er i den same drivarpakken som du
lasta ned frå Canon over.
- I staden for IP-utskrift kal du her velja AppleTalk under
skrivarinstalleringa. I sona Dragvoll_ansatt finn du skrivaren som
isk45canon2.
- Om du vil, kan du leggja inn t.d namnet «reserveskrivar» i rubrikken
som heiter «Navn».
- Drivar vert vald automatisk. Skrivaren vil ha denne: Canon iR3025
PS (UK)
- Eg har ikkje sett meg inn i kva slags utstyr han har.