Jardars livssoge

Du skal ikkje tru at eg fortel deg alt, nei. ;P

1970

Eg vart fødd i Volda, for der var mor mi student akkurat då. Same våren gjorde ho ferdig studia sine, og me flytte heim til Herøy kommune. På Eggesbøneset var det seks 1970-gutar: eg, Asbjørn Voldnes, Endre Notø, Hans Karsten Voldsund, Lasse Eggesbø og Rune H. Bertheussen. I tillegg var det ei jente der som me kalla Tine (Ann Kathrin Almestad).

1973

Eg vart storebror på ein sundag. Broren fekk namnet Gard.

1977

I august 1977 møtte sjuåringane på skulen som fyrsteklassingar, gutane i A-klassa, Tine i B-klassa (slik at ho fekk gå i klassa til veninnene sine).


Jardar i 1986

1986

Eg byrja på Herøy vidaregåande skule, ålmennfag. Eg gjekk i klasse 1A, men allereie neste år vart klassa vår og parallellklassa flytt til Ulstein vidaregåande skule. Klassa som eg gjekk i, var ei nauta kjekk klasse. Om eg ikkje akkurat lengtar attende til den tida (livet skal gå vidare!), so minnest eg klassa med glede og stundom vemod. :)

1989

Eg deltok i Unge Forskere-konkurransen med prosjektet «Pronomenpromenade», om korleis «vi» overtok for «me» og «dokke» for «de» i nominativ i Herøy på Sunnmøre.

Etter å ha vore russ (med russenamnet «Skjeggspir») byrja eg på Distriktshøgskulen i Volda (som hausten 1994 vart slegen saman med Volda lærarhøgskule til Høgskulen i Volda). I tri år studerte eg nordisk og tysk der.

1990

Eg deltok i Unge Forskere-konkurransen med prosjektet «Palatal-tale-tal», om korleis dei fem palatalane i Herøy vik plass for alveolarar og velarar.

Eg nekta militærtenesta i 1989. Då eg vart kalla inn til avhøyr i 1990, fekk eg spørsmål om kva me skulle gjera med ein sinnssjuk person som gjekk rundt med maskingevær og skaut ned folk. «Sinnssjuke personar er vel meir ei sak for helsevesenet enn for militærvesenet,» svara eg, og avhøyret vart underkjent. Eg møtte til nytt avhøyr, og denne gongen gjekk det bra.

1992

Eg kom til Trondheim hausten 1992, tok lingvistikk grunnfag og nordisk hovudfag på Universietet, ferdig våren 1995.


Jardar (t.v.) saman med ei forsteina latvisk jente
under dei baltiske esperantodagane i 1993.

1993

Denne sumaren var eg på interrail saman med Hans Arild Runde og Karl Anders Øygard. Me var innom Hamburg, Amsterdam, Paris, Milano, Roma, Venezia, Wien, Praha og Berlin, før dei to andre reiste heim, og eg fór vidare på dei baltiske esperantodagane i Priekuli utanfor Cêsis i Latvia. Interrail er eit slit, men det er eit godt slit. På interrail kjem ein tett inn på kvarandre, men det gjeng an, for ein opplever stendig noko nytt på reisa si, livet vert veldig variert.

1995

I mars 1995 vart eg eitrande sint. Då vedtok Stortinget utan debatt å leggja ned Universitetet i Trondheim frå 1.1.1996. Eg var ein av initiativtakarane til organiserte studentreaksjonar mot dette. Eg har skrive ei bok om det som skjedde, slik at eg skulle sleppa å fortelja historia på nytt kvar gong nokon spurde, for eg vart berre so sur.

Same våren vart eg cand.philol. med hovudfag i nordisk språkvitskap.


Jardar i bunad 17.5.1998

1997

Eg fekk bunaden min. :)

1998

Eg byrja på doktorgradsstudiet i lingvistikk med prosjektet «Norsk høgtoneintonasjon». Eg vert visst aldri ferdig med å vera student, eg...

1999

Ny interrail! :)

2000

Bunaden vart for liten, eg var ikkje lenger tunn som eit kosteskaft, og ny bunad vart tinga.


Judith og Jardar 24.12.2001
2001

Den nye bunaden var ferdig i god tid før syttandemai, og på hausten vart eg saman med Judith.

2002

Ny interrail igjen. No saman med kjære Judith. Og då me kom heim att, fann me ut at me ikkje greidde å vera frå kvarandre meir, so den 1. oktober vart me sambuarar. Rett nok greidde folkeregisteret å rota bort flyttemeldinga mi, og Telefonkatalogen var eit avsnitt for seg, der kvar retting førde til ein ny feil det fyrste halvåret etter flyttinga. Til slutt vart det rett, og me byrja å gru oss til neste gong me skulle flytta.

2003

10. oktober 2003 disputerte eg for graden doctor artium. Avhandlinga heitte Ein vestnorsk intonasjonsfonologi, og handla (som tittelen seier) om den delen av språksystemet som styrer korleis setningsmelodien oppfører seg.

2004

Eg fekk postdoktorstipend. Men det viktigaste som skjedde i 2004, var noko anna. Det skjedde natt til 14. oktober. Den 13. om kvelden hadde me fått oss ein nydeleg middag på Jonathan, i kjellaren under Britannia. Men ved midnatt sette me kursen mot Marinen, området ved Nidelva rett sør for Nidarosdomen. Det var der me hadde møtt kvarandre noko meir enn tre år tidlegare. På heimesida si skreiv Judith om denne nye turen til Marinen på denne måten:



Ca. kl. 00.20, gikk Jardar ned på kne på Marinen i Trondheim og fridde til meg. Nidelven fløt stille forbi da Jardar, akkompagnert av bærbar CD-spiller, sang en nydelig, selvkomponert sang han har kalt «Frieri». Det var denne natten for tre år siden at vi ble sammen, og sangen handlet mye om tiden som har gått og tider som vil komme. Han sang bl.a.:

Mitt liv vil eg gjeva deg om eg kan få lov,
no veit du kva eg er slags mann.
Eg eig mang ein brest som er harmeleg grov,
so veit du at eg er sann.

Kjære deg, vil du gifta deg med meg?

Eg kan lova deg støe og snublande steg,
eg kan lova deg solskin og hålkelagd veg,
eg kan lova deg gråt og ein lått føreåt,
men mest kan eg lova deg meg.


Jeg gråt i strie strømmer, og da mener jeg strie :-)
Og sa selvfølgelig ja!

So kom me heim, og me måtte fortelja nokon om det. Men kven då? Klokka er to om natta... Hm... Gard, bror min! Me slo nummeret. Det ringde. Og ringde. So tok han røyret. Gard fortalde sidan om det på denne måten på heimesida si:

(Very) Early Morning Phone Call

14.10.2004 - The Entertainer is ringing through my ears. Really. It won't stop. After a little while, I realize that it is my phone pulling me out of bed. My somewhat sleepy eyes have not been able to open properly, as my hand fumbles around, trying to find the loud, evil source that is denying me rest and rehabilitation from a day that lasted far too long.

With half an open eye, I glance at the display. 01:58 - who has the balls to call me at 2am? I look a little further down. My brother. If this is about the difference between PCI and ISA... arrrr... I answer the phone. With a groggy but not drunken voice, I mumble "this better be good."

"Well," my brother tries carefully, "we're engaged."
"Ah... that is good enough to call me at 2am. Congratulations!"

Det var artigare på norsk, då. Bror min tok telefonen og mumla: «Denne bør vera god.» Eg: «Me har forlova oss.» Han: (Pause.) «Den er god.»

2006


Herøy kyrkje, 17. juni 2006

(Foto: Edgar Alendal)

2007

Eg vart fyrsteamanuensis i lingvistikk ved Intitutt for språk- og kommunikasjonsstudium. (På bokmål heiter det Institutt for språk- og kommunikasjonsstudier.) Og seinare på året var eg onkel.


Kva som skjer vidare i livet mitt, skal verta interessant, ikkje minst for meg som skal oppleva det.